Samhaldskrefter i kløyvingstider
Styringspartia slit når kulturelle bommar blir høgare og politiske kløfter djupare.
Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) (t.v.) og kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) då dei var på veg til å halde pressetreff om utbygging av E18 på Høvik i Bærum i mai i år.
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Politiske observatørar har undra seg over at miljøpartia styrker seg når bompengar står øvst på dagsordenen. Og korleis det kan henga saman at innvandringsvennlege parti får vind i segla når motstanden mot innvandring aukar?
I lengre perspektiv har det vore fundert over at eit kristeleg parti har stått såpass sterkt så lenge når sekulariseringa grip om seg i samfunnet, eller at Senterpartiet kan veksa når det blir stadig færre bønder.
SVARET ER SARTRIANSK, logisk og politisk. Om folk i serie og kvar for seg opplever at deira interesser og hjartesaker er under press, kan dei ta til å oppføra seg som ei truga gruppe. Det mobiliserer veljarar til forsvar for hovudsida i striden: kristendommen eller landsbygda, bompengar, ordna arbeidstilhøve eller klimaet.
Dei som lar seg engasjera sterkt, treng ikkje alltid vera mange i tal, men dei er mange i høve til storleiken på partiet, og dei er dyktige til å få fleire opp av sofaen eller ned frå gjerdet.
Å bli utropa til hovudmotstandar er ikkje ein dårleg ting, men ein god ting. Det er stort, særleg for små parti: Det aukar merksemda og mobiliserer sympatisørar og kjernetroppar.
DET ER IKKJE LETT å vita kvar Arbeidarpartiet er i dette skiftande landskapet. Når apparatsjiken Martin Kolberg framstår som venstrefløy, må ein leita med lys og lykt etter eit sentrum. Når det meste som kan gå gale, går gale, blir små mistak komisk store i identitetspolitikken, som då Oslo-partiet ville markera støtte til Pride, men heiste sameflagget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.