Putin sit trygt enno ei stund

Sjølv om Aleksej Navalnyj klarer å mobilisera mange unge menneske i gatene, er det langt fram før han kan ta kampen opp om makta i Russland.

Publisert

Dei siste vekene har vore tunge for Vladimir Putin: Ein mann som inntil no har vore ein politisk nullitet, har herja med det sitjande regimet. Stengt inne i eit glasbur i rettssalen i Moskva stod Aleksej Navalnyj ikkje fram som nokon angrande syndar, men som ein som såg ut til å ha det moralske overtaket på fienden sin, mannen som styrer Russland.

For opinionen i Vesten kunne det heile fortona seg som ei opplagd sak: Navalnyj kledde gjennom forsvarstalen sin i retten Putin heilt naken. Det sitjande regimet hadde ikkje anna å stilla opp med enn rein makt mot ein person som fyrst var blitt forgifta, som så med naud og neppe hadde berga livet, og som no blei send i fengsel basert på lause skuldingar.

At tilhengjarane til Navalnyj to dagar etter arrestasjonen på Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva sende ut ein video som synte at Putin og folka kring han var i ferd med å byggja eit keisarleg palass ved kysten av Svartehavet, gjorde saka endå meir opplagd. Om ein følgde vestlege massemedia, kunne det sjå ut som om det berre var strake vegen for Navalnyj inn i Kreml.

Ikkje nokon dialog

Styresmaktene synte då også at dei frykta at protestaksjonane kunne gripa om seg. I St. Petersburg gjekk ein til dømes så langt at ein sperra av heile Nevskij Prospekt, den sentrale gjennomfartsåra gjennom byen. Som på 1700-talet – før tsarregimet gjekk i gang med å byggja bruer over vassvegane – måtte folk no ta seg over isen på Fontanka-kanalen for å koma på jobb.

Likevel er det ingenting som tyder på at regimet kjenner seg verkeleg truga. Når det russiske utanriksdepartementet går til det oppsiktsvekkjande skrittet å utvisa tre vestlege diplomatar som skulle ha stått og sett på protestane, er bodskapen at ingen får pirka Putin-regimet på nasen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement