JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Putin sit trygt enno ei stund

Sjølv om Aleksej Navalnyj klarer å mobilisera mange unge menneske i gatene, er det langt fram før han kan ta kampen opp om makta i Russland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5565
20210212
5565
20210212

Dei siste vekene har vore tunge for Vladimir Putin: Ein mann som inntil no har vore ein politisk nullitet, har herja med det sitjande regimet. Stengt inne i eit glasbur i rettssalen i Moskva stod Aleksej Navalnyj ikkje fram som nokon angrande syndar, men som ein som såg ut til å ha det moralske overtaket på fienden sin, mannen som styrer Russland.

For opinionen i Vesten kunne det heile fortona seg som ei opplagd sak: Navalnyj kledde gjennom forsvarstalen sin i retten Putin heilt naken. Det sitjande regimet hadde ikkje anna å stilla opp med enn rein makt mot ein person som fyrst var blitt forgifta, som så med naud og neppe hadde berga livet, og som no blei send i fengsel basert på lause skuldingar.

At tilhengjarane til Navalnyj to dagar etter arrestasjonen på Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva sende ut ein video som synte at Putin og folka kring han var i ferd med å byggja eit keisarleg palass ved kysten av Svartehavet, gjorde saka endå meir opplagd. Om ein følgde vestlege massemedia, kunne det sjå ut som om det berre var strake vegen for Navalnyj inn i Kreml.

Ikkje nokon dialog

Styresmaktene synte då også at dei frykta at protestaksjonane kunne gripa om seg. I St. Petersburg gjekk ein til dømes så langt at ein sperra av heile Nevskij Prospekt, den sentrale gjennomfartsåra gjennom byen. Som på 1700-talet – før tsarregimet gjekk i gang med å byggja bruer over vassvegane – måtte folk no ta seg over isen på Fontanka-kanalen for å koma på jobb.

Likevel er det ingenting som tyder på at regimet kjenner seg verkeleg truga. Når det russiske utanriksdepartementet går til det oppsiktsvekkjande skrittet å utvisa tre vestlege diplomatar som skulle ha stått og sett på protestane, er bodskapen at ingen får pirka Putin-regimet på nasen.

Den same meldinga er send ut til den såkalla systemkritiske opposisjonen. Fram til no har maktmidla trass alt vore ganske forsiktige. Dei som er blitt arresterte, er blitt tekne inn i tronge politibilar og bussar. Mange er blitt sleppte fri etter éin dag, andre har fått ei veke eller to bak lås og slå.

Ingen må vera i tvil om at regimet har mange fleire maktmiddel til rådvelde. Skal Putin bli tvinga til å gå av, vil det ikkje skje utan ei splitting av maktapparatet i Russland, det vil seia i fyrste rekkje forsvars- og innanriksdepartementet. At desse institusjonane – sjølve ryggrada i det russiske samfunnet – skulle ynskje at nokon andre enn Vladimir Putin styrer landet i 2022, 2023 og så vidare, er ein rein illusjon.

Men den aller viktigaste «kapitalen» Putin sit på, er ikkje støtta som han sjølv nyt godt av, men splittinga i opposisjonen. Til liks med mange andre land utan grunnleggjande demokratiske tradisjonar, er det politiske systemet i Russland bygd opp kring einskildpersonar, ikkje ideologiar. Saman med dei folka han tok med seg frå maktapparatet i Leningrad / St. Petersburg på 1980- og 1990-talet, er Vladimir Putin det «partiet» som no styrer landet.

Ei anna og mykje mindre gruppering er til dømes flokken kring Vladimir Zjirinovskij, ein Trump-liknande figur som har klart å halda seg flytande i russisk politikk gjennom 30 år ved hjelp av ein til tider rabiat retorikk og ein trufast tilhengjarskare.

Denne samlinga om personar – eller høvdingar, om ein vil – gjeld ikkje berre på den systemlojale sida. Typisk var det at då ein skulle danna eit vestvenleg, liberalt parti på byrjinga av 1990-talet, blei partiet kalla opp etter tre av grunnleggjarane, nemleg Grigorij Javlinskij, Jurij Boldyrev og Vladimir Lukin. Alle visste kva dei tre mennene stod for. Meiningane deira blei programmet for det nye partiet, og partinamnet blei Jabloko etter dei tre etternamna.

På same måten er det med den rørsla som no pregar nyhendemeldingane frå Russland. Offisielt heiter partiet som står bak protestane, Framtidas Russland (Rossija Budusjtsjevo), men ingen kjenner det som anna enn Navalnyj-rørsla. Kampsaka er avsløring av korrupsjon, men sett bort frå det, er programmet til rørsla det Navalnyj til kvar tid meiner.

Det seier seg sjølv at med ein slik politisk struktur, blir partidanningane ofte kortsiktige, og dessutan blir russisk politikk prega av hat mellom sterke personlegdomar. Ein skulle tru at Grigorij Javlinskij, ein mann som har kjempa for eit meir demokratisk og vestvenleg Russland, ville omfamna korrupsjonsjegeren Navalnyj og sjå gjennom fingrane med at Navalnyj blei kasta ut av Jabloko-partiet så langt attende som i 2007. Slik er det ikkje.

Forbannar Navalnyj

For berre nokre få dagar sidan offentleggjorde Grigorij Javlinskij ein bannbulle mot Navalnyj. Han skulda korrupsjonsjegeren for å vera ein rein populist med uklare band til delar av maktapparatet. Korkje Navalnyj eller nokon i gruppa rundt han bryr seg om lagnaden til alle dei som går ut på gatene og hamnar i fengsel, hevdar Javlinskij.

«I staden for å filma slott og palass må vi kjempa for å byggja ein ny russisk stat, å få i stand ei ny grunnlovsforsamling og å skriva ei ny grunnlov», seier Grigorij Javlinskij.

Javlinskijs utfall mot Navalnyj tyder på at det blir lenge til den russiske opposisjonen klarer å samla seg rundt noko som liknar eit felles program og eit felles parti. I mellomtida søv Vladimir Putin trygt om nettene.

Halvor Tjønn er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kampsaka er avsløring av korrupsjon,
men sett bort frå det, er programmet til rørsla det Navalnyj til kvar tid meiner.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis