Putekrigaren til kamp mot demokratiet
I løpet av den tida eg var saman med Mike Lindell, oppdaga eg at han er likandes, engasjert og filantropisk – og eit klart trugsmål for landet.
MyPillow-sjefen Mike Lindell er ikkje i tvil om at Høgsteretten kjem til å gjeninnsetje Donald Trump som president, kan hende alt no i august.
Foto: Manuel Balce Ceneta / AP / NTB
Når du ser for deg slutten på demokratiet i USA, kva slags person trur du vil få det til å skje? Kan hende har du eit bilete av ein forderveleg milliardær i skreddarsydd dress som smettar brune konvoluttar i hendene på politikarar. Kan hende er marerittet ditt ein bøllete general som ranar til seg presidentens atomkoffert. Kan hende tenkjer du på eit råskinn i skaftestøvlar som leier ein horde av menn i kvite laken, alle med brennande kross i hendene.
Her er det du truleg ikkje fantaserer om: ein tjomsleg, self-made fyr frå Midtvesten, ein av desse enkle forretningsmennene som lagar sine eigne infosnuttar på TV. Ein rehabilitert crackjunkie, ikkje mindre, som ler godmodig av vitsar som råkar han sjølv. Ein filantrop. Ein god sjef. Ein patriot – det seier han i alle fall –– som godt kan gjere større skade på det amerikanske demokratiet enn nokon annan sidan Jefferson Davies.
Utanfor Fox-bobla
Eg møtte Mike Lindell, sjefen for puteprodusenten MyPillow, i opptaksstudioet som ligg i kjellaren i det staselege rekkjehuset til Steve Bannon på Capitol Hill, nokre få kvartal frå Høgsteretten – den same Høgsteretten som, ifølgje Lindell, kjem til å røyste «9–0» for å gjeninnsetje Donald Trump som president ein gong i august, eller kanskje september. Her heldt Bannon på med opptak til War Room-podkasten sin saman med Lindell. Eg gjekk inn i ein pause og vart vinka til bordet, der eg kunne følgje med på samtalen.
Seinare fortalde Lindell meg at om det ikkje hadde vore for åtak frå «venstresida» – med det meiner han Politico, Daily Beast og, venteleg, meg – ville bodskapen hans aldri nådd ut, ettersom Fox News overser han.
Også Bannon lever utanfor Fox-bobla for tida. I staden held han til i eit alternativt univers der kvart minutt av kvar dag verkar vere fullstendig vigd til diskusjon om og analyse av «valjuks», med berre litt tid til å selje velværeprodukt og vitamin som, trass i det han seier, ikkje vil kurere covid-19. Podkasten til Bannon, som han seier har millionar av lyttarar (han er rangert på 59. plass på Apple Podcasts, så han kan ha rett), byr på fulltids konspirasjonsteoretikarar. Mellom dei er til dømes Rudi Giuliani, Pizzagate-agitatoren Jack Posobiec og, sjølvsagt, Lindell. Bannon ringjer opp den eine etter den andre for å få dei til å rapportere om korleis det går med kampanjen for å gjeninnsetje Trump og andre liksomskandalar knytte til dette. Det er daglege oppdateringar. Gjestene snakkar fort og høgt. Det er spennande. Ein dag eg var i studio, var Bannon full av skadefryd over korleis president Joe Biden no «forsvarer sin eigen legitimitet»: «Vi skal få fella til å klappe saman om deg, sir!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.