Problema står i kø i Arktis

Svalbard er ein spesiell, men særs viktig del av kongeriket. Difor treng Noreg ein eigen viseminister til å forvalta øygruppa.

Det norske selskapet Austre Adventsfjord, som sit på retten til å vinna ut kol rett over fjorden frå Longyearbyen, vil selja, men den norske staten har vist lita interesse, motsett kinesiske og russiske selskap.
Det norske selskapet Austre Adventsfjord, som sit på retten til å vinna ut kol rett over fjorden frå Longyearbyen, vil selja, men den norske staten har vist lita interesse, motsett kinesiske og russiske selskap.
Publisert

Artikkel 1 i Svalbardtraktaten av 1920 gjev Noreg – i språkdrakta frå den gong – «den fulle og uinnskrenkede høihetsrett over Spitsbergenøgruppen... tillikemed alle de øer, holmer og skjær, som hører dertil». Så langt er alt vel. Problemet er at dei åtte påfølgjande artiklane i traktaten holar ut den norske suvereniteten.

Difor er og blir Svalbard ein spesiell del av kongeriket. Når norske styresmakter og politikarar snakkar om Svalbard, formulerer dei seg rett nok som om problema var små: Den norske suvereniteten ligg fast. Norske interesser på Svalbard er sikra herifrå og i all æve, blir det hevda.

Alle veit at slik er det ikkje. Heilt sidan Noreg tok over Svalbard formelt i 1925, har øygruppa vore ein varm politisk potet. I lange periodar innretta russarane seg som dei ville. Litt etter litt blei det norske grepet om Svalbard styrkt. Talet på norske statsborgarar auka. Samstundes blei den russiske busetjinga i Pyramiden avvikla, og Barentsburg blei redusert til ein skugge av det byen ein gong var.

Sjølv om Russland trappa ned nærværet sitt, var det stadig usemje om Svalbard. Det verkeleg store sjokket kom for eit år sidan. For å markera 100-årsdagen for Svalbardtraktaten sende Russlands utanriksminister Sergej Lavrov eit brev til den norske kollegaen sin, Ine Eriksen Søreide. I brevet klaga Lavrov på dei fleste sidene av norsk Svalbard-forvalting. Han varsla at «Den russiske føderasjonen er interessert i å utvikla eit varig og konstruktivt samarbeid med Noreg om Spitsbergen».

Det Lavrov her henta fram, var det gamle russiske ynsket om eit kondominium – eit norsk-russisk fellesstyre av Svalbard. Den norske Prio-forskaren Pavel Baev – som er fødd i Vladivostok og i si tid jobba ved eit forskingsinstitutt knytt til det sovjetiske forsvaret, karakteriserte tonen som skarp. «Slik brevet står på russisk, grenser det opp til frekt», sa han til nettstaden E24 i fjor.

kinesisk fotfeste?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement