JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Prisen for stordrift i landbruket

Landbrukspolitikken fører oss stadig lenger vekk frå eit jordnært landbruk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg fekk ein prøvetur med skurtreskaren til bonden Bjørn Westby på Rustad gård i Nes på Romerike i september 2014.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

5608
20190524
5608
20190524

Kommentar

erik.solheim@enivest.net

Lytt til artikkelen:

Jordbruksoppgjeret er i hamn. Bondelaget og Småbrukarlaget skreiv under ein avtale som nokre bønder er nøgde med fordi dei fekk litt meir enn sist, og som andre er misnøgde med fordi dei fekk mindre enn dei venta. Det fylkesleiarane i Bondelaget seier til Nationen, fortel om ein resignert realisme i flokken: Dei hadde tapt på å bryte med staten.

Jordbruksoppgjeret handlar om ei rekkje små og litt større pengesummar. I desse årlege rundane vert den konkrete landbrukspolitikken til, med gradvise endringar etter den retninga som regjeringa vil ha. For dei som driv gard, er tilskota viktige. Dette er pengane dei lever av. Driftsinntektene går stort sett med til å betale nye investeringar, kraftfôr, kunstgjødsel og alt anna som skal til for å halde drifta gåande.

Industrielt

Vi har fått eit meir industrielt landbruk enn før. Nesten alt som skal til for å halde drifta gåande, er innkjøpt. Og alt av avlingar og avdrått vert selt. I andre delar av økonomien gav industrialisering ofte store nettoinntekter og grunnlag for ekspansjon. Dei første som skaffa seg maskiner til å sy sko i staden for at skomakarar gjorde det med hand, oppnådde ein enorm rasjonaliseringsgevinst. Kostnadene med kvart skopar fall kraftig, og fabrikken kunne selje til ein mykje lågare pris enn dei som enno sat med nål og tråd i hendene, kunne. Folk kjøpte fleire av dei billege skoa, marknaden vaks. Skomakarane tapte, om dei ikkje fekk seg arbeid på den nye fabrikken og høgre inntekter som arbeidstakarar enn som handverkarar.

Overproduksjon

For bøndene er den økonomiske situasjonen annleis. I eit land der folk flest er mette, veks ikkje marknaden når landbruket har meir å levere. Teknikken som bøndene nyttar, er like tilgjengeleg for alle. Nye innkjøp krev nye utgifter, og under økonomisk vekst har desse driftsmidla lag til å stige i pris. Med fleire arbeidssparande maskiner kan bonden rekke over større areal og ha fleire dyr. Men når marknaden er om lag konstant, er det ikkje rom for større avsetning. Matvarer har, i motsetning til luksusvarer, det ved seg at folk kjøper ikkje meir om prisen går litt ned. I nokre år har det vore overskot av grisekjøt, og svinebøndene måtte sjå at inntektene fall. Utsalsprisen i butikken gjekk langt under det som produksjonen kosta. Det same har sauehaldarane fått merke. I fleire tiår har inntektsfallet vore dempa av at mange gjev opp drifta, slik at det vert færre å dele den samla nettoen på.

Overproduksjon har vore det landbrukspolitiske dilemmaet i heile Vest-Europa sidan 1950-åra, då mekaniseringa for alvor tok til. Difor har det ikkje vore høve til å skru opp prisen for å dekke stigande kostnader. Landbruket har ord på seg for å ligge i teten når det er snakk om rasjonalisering, som vil seie å spare manuelt arbeid. Dette fallet i produksjonskostnader har bøndene tent lite på. Gevinsten har gått til forbrukarane i form av billegare mat.

Utjamning

I 1970-åra prøvde Stortinget å dempe skavankane ved ein produksjonsdrivande landbrukspolitikk ved å gje meir i tilskot per dyr og dekar til dei som hadde få, enn til dei som hadde mange. Meir av tilskota gjekk til kvart dekar og dyr bonden hadde, utan omsyn til avling og avdrått, og mindre som tillegg i prisen for det bonden selde. Høgare pris stimulerer større produksjon. Politikken skulle dempe lysta til å drive opp avlingar og avdrått. Seinare kom det kvotar for mjølk og grenser for kor mange griser og kyllingar kvart bruk kunne levere. Det fanst nokre stimulansar til å halde kulturlandskapet ved like.

Som landbruksminister frå 2014 klarde Sylvi Listhaug (Frp) å kaste desse ordningane på skraphaugen. I namnet åt liberalistisk marknadsøkonomi vart grensa for kor mykje husdyrtilskot ein bonde kunne få, dobla. Store gardar fekk like mykje støtte per dekar som små gardar. Før hadde dei små fått mest, fordi støtta skulle halde mindre lønsam jord i drift og jamne ut inntektene. Nå kunne mjølkebønder skaffe seg kvotar til 900.000 liter, også det dobbelt så mykje som før. Teorien er at industriell stordrift vil løne seg. Paradokset er at dei som driv stort, og som etter den nye teorien ville få større overskot nettopp ved å drive stort, kostar staten mest i form av tilskot.

Danske tilstandar

Ho visste sikkert, bondejenta frå Sunnmøre, at grensene for stordrift ikkje er lette å stramme inn att utan drepande konsekvensar for dei som har investert mange millionar i gardsbruka sine. Det ho kanskje ikkje visste, er at ho brøytte vegen for danske tilstandar. Der er mange store einingar, med hundrevis av mjølkekyr, teknisk konkurs. Partiet for framsteg har skaffa oss eit mindre robust landbruk som kolliderer med stadig fleire økologiske omsyn og har auka utsleppa av karbondioksid mange gonger. Når overproduksjon er problemet, er svaret frå staten å drive opp produksjonen.

Sikker matforsyning frå eit landbruk som jorda kan tole, krev ein politikk for å hente meir ut av eiga jord og kjøpe mindre fôr frå plantasjar på jord der det før var regnskog. Det vestlege industrijordbruket tek vekstevna frå jorda, fortel FN. Å snu raskt vil vere enklare enn å snu seinare. Men det kan ikkje gå så raskt at dei som sit med tung gjeld, vert drivne frå gard og grunn.

Erik Solheim har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU), er tidlegare leiar i Naturvernforbundet og er fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Partiet for framsteg har skaffa oss eit mindre robust landbruk som kolliderer med stadig fleire økologiske omsyn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis