Overmot, men manglande motMilliard på milliard er knytt til den norske klimapolitikken og klimatiltaka våre. Men er tiltaka effektive?
Milliard på milliard er knytt til den norske klimapolitikken og klima-tiltaka våre. Men er tiltaka effektive?
Vakre ord forfører: utsleppsfrie bilar og elektriske fly, teknisk karbonfangst og lagring, ny teknologi og eit grønt skifte. Men kva skjer i den verkelege verda, spør Trygve Refsdal.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Dei siste 20 åra har tiltaka mot klimaendringar og global oppvarming fått mykje merksemd. I debatten kring desse spørsmåla har overmot vakse fram: ei massiv tru på teknologi og fornybar energi, krydra med grøne slagord og vakker retorikk. Det viktigaste kjem sjeldan fram, til det trengst både mot og alvor: Det gjeld drivkrafta bak det som skjer, livsstilen vår.
Dei siste tjue åra er livsstilen vår prega av ekspansjon: større volum, meir fart, fleire og større bilar og båtar, ein flaum av papir i aviser og blad. Me byggjer infrastruktur som aukar mobilitet og ressursbruk: vegar, flyplassar, store kjøpesenter, konferansesenter i milliardklassen, gigantiske idrettshallar og mektige hyttefelt – meir som industriområde. Me gjev gass, med meir energi, og bremsar sjeldan eller aldri.
Forførande ord
I retorikken og i teorien vinn me klimakampen. Vakre ord forfører: utsleppsfrie bilar og elektriske fly, teknisk karbonfangst og lagring, ny teknologi og eit grønt skifte. Men kva skjer reelt, i den verkelege verda? I det som sjeldan kjem fram?
Utviklinga dei siste tiåra viser at klimatiltaka våre er lite effektive. Ein talserie, bygt på målingar av auken i CO2-innhaldet i verdas atmosfære, viser ei dramatisk utvikling. I tiåret før Kyotoavtalen kom i 1996, var auken på 115 milliardar tonn; i tiåret etter var han på 146 milliardar tonn og i det siste tiåret var han på 167 milliardar tonn. Det går feil veg, diverre: Aldri før i nyare tid har karboninnhaldet i atmosfæren auka så raskt som i desse tiåra.
Eg trur at det einsidige fokuset på CO2 har vore uheldig. For mange er dette eit ukjent og teoretisk omgrep, fråkopla kvardagslivet og livsstilen. Og vår norske CO2-rekneskap opnar opp for kreativ bokføring og uheldige føringar. Meir om det til slutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.