Overmot, men manglande mot
Milliard på milliard er knytt til den norske klimapolitikken og klima-tiltaka våre.
Men er tiltaka effektive?
Vakre ord forfører: utsleppsfrie bilar og elektriske fly, teknisk karbonfangst og lagring, ny teknologi og eit grønt skifte. Men kva skjer i den verkelege verda, spør Trygve Refsdal.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Dei siste 20 åra har tiltaka mot klimaendringar og global oppvarming fått mykje merksemd. I debatten kring desse spørsmåla har overmot vakse fram: ei massiv tru på teknologi og fornybar energi, krydra med grøne slagord og vakker retorikk. Det viktigaste kjem sjeldan fram, til det trengst både mot og alvor: Det gjeld drivkrafta bak det som skjer, livsstilen vår.
Dei siste tjue åra er livsstilen vår prega av ekspansjon: større volum, meir fart, fleire og større bilar og båtar, ein flaum av papir i aviser og blad. Me byggjer infrastruktur som aukar mobilitet og ressursbruk: vegar, flyplassar, store kjøpesenter, konferansesenter i milliardklassen, gigantiske idrettshallar og mektige hyttefelt – meir som industriområde. Me gjev gass, med meir energi, og bremsar sjeldan eller aldri.
Forførande ord
I retorikken og i teorien vinn me klimakampen. Vakre ord forfører: utsleppsfrie bilar og elektriske fly, teknisk karbonfangst og lagring, ny teknologi og eit grønt skifte. Men kva skjer reelt, i den verkelege verda? I det som sjeldan kjem fram?
Utviklinga dei siste tiåra viser at klimatiltaka våre er lite effektive. Ein talserie, bygt på målingar av auken i CO2-innhaldet i verdas atmosfære, viser ei dramatisk utvikling. I tiåret før Kyotoavtalen kom i 1996, var auken på 115 milliardar tonn; i tiåret etter var han på 146 milliardar tonn og i det siste tiåret var han på 167 milliardar tonn. Det går feil veg, diverre: Aldri før i nyare tid har karboninnhaldet i atmosfæren auka så raskt som i desse tiåra.
Eg trur at det einsidige fokuset på CO2 har vore uheldig. For mange er dette eit ukjent og teoretisk omgrep, fråkopla kvardagslivet og livsstilen. Og vår norske CO2-rekneskap opnar opp for kreativ bokføring og uheldige føringar. Meir om det til slutt.
Kva om klimapolitikken vart meir direkte knytt til bruken av energi og ressursar? Det ville vore meir i samsvar med seriøs tenking i 1990-åra, då me hadde ei aukande forståing for at me måtte bremsa på ressursbruken og på bruken av energi. Truleg var me då på rett veg, og veksten i energibruk heldt på å flata ut.
Kortreist
I 1995 skreiv Kåre Willoch pamfletten En ny miljøpolitikk. Han gjekk rett på problemet og såg heilskapen: Han ville leggja meir skatt og avgifter på bruk av energi, og mindre skatt og avgifter på bruk av arbeidskraft. Ei omlegging av skattepolitikken: Energi, maskiner og transport var for billege innsatsfaktorar, og arbeidskrafta var for kostbar. I dag er dette endå meir tydeleg.
Om dette hadde blitt gjennomført, hadde det vore godt for miljøet, med gode ringverknader: Betre vilkår for det nære; nærbutikken og barnehagen i grannelaget. Medan fjerne og bilbaserte kjøpesenter ville blitt mindre attraktive. Meir arbeidskraft kunne nyttast til vedlikehald og reparasjon i staden for det å riva og byggja nytt, som ofte er dagens praksis.
Det ville fremja det kortreiste og gjera flyreiser til fjerne land dyrare, betydeleg dyrare. Prisen på drivstoff til internasjonal transport er ekstremt låg. Det ville svekkja kjøp og kast-kulturen og styrkja gjenbruk: mindre plast i havet, mindre mobilitet og trafikk, og mindre globalisering, som jorda vår knapt toler meir av.
Det er eit intelligent verkemiddel, det går direkte mot målet, og det kan, i høg grad, påverka livsstilen vår. Det krev ei omprioritering innanfor økonomien vår, men ikkje nye milliardsluk. Mindre skatt på arbeid og meir skatt på energi: Det ville kanskje også gje oss eit betre og meir rettferdig skattesystem, og dempa framveksten av ein svart økonomi?
Det kan gjennomførast gradvis, men med ein klår melding om at i framtida må energiprisen vidare opp. Det ville ha påverka våre planar for framtida.
Fleire nasjonar har satsa på billeg energi som eit grunnlag for utvikling. I Sovjet, til dømes, skulle billeg energi vera eit lokomotiv for vekst og utvikling. Resultata var dårlege: store volum, eit dårleg livsmiljø og ofte låg kvalitet. Venezuela er eit anna døme.
Svakt fundament
Til slutt: Dagens norske klimarekneskap er eit svakt fundament for klimapolitikken. Han har store manglar; det er som å gå i skodde. For å få fram meir effektive klimatiltak treng me ein realistisk klimarekneskap.
Klimarekneskapen omfattar eit årleg utslepp på om lag 50 millionar tonn CO2. Det som ikkje er med i rekneskapen, er utsleppa knytte til import og eksport. Om me erstattar norske matvarer med importerte, får me ein gevinst på papiret: Importert mat står for null i utslepp. Auka svenskehandel gjev ein gevinst, og det same kan skje når akademia legg kurs til Bali, i staden for til Loen eller Voss.
Like skeivt er det at naturen vår er ekskludert. Me har ei viktig netto binding av karbon i jordsmonn, i skog og i annan vegetasjon. Netto binding i norske skogøkosystem er no på om lag 26 millionar tonn CO2 per år, om lag halvdelen av dei totale utsleppa i klimarekneskapen vår. Denne høge netto bindinga er verdsett til null.
Så er verdien av vasskrafta vår sett til null i klimarekneskapen. Om elkrafta kom frå gass- eller kolkraftverk, ville ho stått for utslepp på 33–48 millionar tonn CO2 per år. Med denne nullinga av verdien av vasskrafta er galskapen nær komplett. Her er meir utanfor vår klimarekneskap enn det som er innanfor.
Me kjem ikkje i mål med grøn retorikk og teknisk overmot. Det me treng no, er realisme. Me treng også mot og alvor; mot til å ta opp utfordringane knytte til den ekspansive livsstilen vår.
Trygve Refsdal
Trygve Refsdal er forstkandidat og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her er meir utanfor vår klimarekneskap enn det som er innanfor.
Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.