JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Oppgjerstimen

Når krigen er langt unna, er det lettare å halde hjartet varmt og hovudet kaldt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5797
20210507
5797
20210507

Eit gamalt jungelord frå Romarriket seier inter arma silent leges – når våpena rår, teier lovene. Etter krigen, derimot, er det tid for oppgjer. Då skal det delast ut medaljar til dei som gjorde rett, medan dei som gjorde feil, skal haldast til ansvar og dømast etter loven.

I Noreg er det særleg etterkrigsoppgjeret etter andre verdskrigen som kjem i pannebrasken når det vert tala om rettsoppgjer etter krig. Men no er det eit anna krigsoppgjer som gjeld – det er oppgjeret vi held i ruinane til IS-kalifatet.

I ei covidfri verd ville Hans Majestet Kong Harald denne veka – den 8. mai – ha overrekt eit krigskors med sverd på Akershus festing med stor festivitas. Medaljen er den høgaste militære utmerkinga i landet, og regjeringa står bak tildelinga.

Mottakar er den norske soldaten Knut Andreas Flydal frå Forsvarets spesialkommando (FSK). Regjeringa tildeler i år Flydal krigskorset med sverd for innsatsen hans i ein dramatisk kamp mot IS i krigen i Syria våren 2017, då al-Tanf-basen vart angripen av IS-krigarar og sjølvmordsbombarar i eit ti timar langt åtak. Det var mykje hysj då det stod på, men historia er no moden for publikum.

Skuldig

Denne veka har òg Oslo tingrett komme med dom i saka mot den norske kvinna med pakistanske anar som heldt til i IS-kalifatet i fem år og vart henta heim frå Syria med borna sine av (bortimot) den same regjeringa for eitt år sidan.

I Oslo tingrett vart IS-husmora halden for å vere terrorist og dømd til tre år og seks månader fengsel utan vilkår. Dommen er anka og derfor ikkje rettskraftig. Likevel ber dommen bod om rammene for oppgjeret vårt.

Tingretten har trudd på kvinna si forklaring, men har likevel funne henne skuldig. Med hjelp av vitnemål frå sakkunnige i retten og støtte i åtte tidlegare dommar om IS for norske domstolar, har tingretten konkludert med at kvinna fyller både dei objektive og dei subjektive vilkåra for straff for deltaking i terrorrørsle.

Den klaraste bodskapen frå domstolen er at vaksne norske borgarar er strafferettsleg ansvarlege for handlingane sine, uavhengig av kjønn, religion og ideologi, og utan omsyn til kvar i verda ein måtte dra. Det gjeld òg om lagnaden fer ille med deg. Terrorrørsler gjer du klokast i å halde deg langt unna.

Støttespelar

Retten var ikkje i tvil om at IS-kvinna la forholda til rette for at dei tre ektemennene kunne verke for terrorrørsla IS. Tingretten trekte fram at karakteren til ein terrororganisasjon må takast med i vurderinga, og la til grunn at kvinnene si rolle for IS var viktigare enn det ein kunne lese ut av tiltalen, i tråd med det som kom fram under rettsforhandlingane.

Etter rettens syn var kvinna ein støttespelar som gjorde jihad mogleg, og la til rette for at ektemennene vart tekne vare på heime og for neste generasjon IS-borgarar, på ein måte som retten fann klart fell inn under deltakaromgrepet i straffelova paragraf 136a.

Det er klokt lese av tingretten, som tek inn over seg at kvinner ofte har ein annan funksjon i krig enn menn, ein funksjon som er viktigare enn det som gjerne kan lesast ut av krigshistoriebøkene.

Forsvarets merknader om naudrett eller offer for menneskehandel vart avviste av retten. Her har tingretten funne god støtte i forarbeida til straffebodet for ikkje å tolke det innskrenkande. Kvinna, som studerte på universitetet, hadde nok kunnskap om kva ho drog til i 2013, til å haldast ansvarleg for det frie valet om å reise til Syria. Det var ikkje noko i nærleiken av islamske rettsprinsipp for kvinner å spore i Oslo tingrett.

Strenge krav

Etterkrigsoppgjer er gjerne prega av tunge innslag av militær straffelov. Som statsmannen og ordkløyvaren George Clemenceau sa det om rettssaka mot Alfred Dreyfus i Frankrike: «la justice militaire est à la justice ce que la musique militaire est à la musique» (militær rettferd er som militær musikk – eit omgrep utan meining).

Men hjå oss skjer altså oppgjeret for fullt fungerande sivile domstolar i eit dørgande fredfullt Noreg. Det er utvilsamt lettare for dommarane å halde hjartet varmt og hovudet kaldt etter ein krig som dei aller fleste av oss har vore skåna for effektane av. Då kan lovene våre få verke godt, sjølv før våpena har stilna heilt.

I Noreg lèt vi gjerne som om terror og kamp mot terror ikkje er politikk. Hjå oss dreier det seg om ein generisk sivilisasjonsfiende som krev unison moralsk fordømming og universell innsats. Det er ei livsløgn som truleg både kan passere og overleve her heime hjå oss. Men vi kan berre bere og halde henne oppe dersom domstolane våre er kloke og stiller strenge krav til juridisk konsistens og nøytralitet i desse sakene. Her tykkjer eg tingretten har gjort godt arbeid.

Symboleffekt

Det er ingen mild dom som har falle i første instans. Det er dei allmennpreventive omsyna som har sigra i Oslo tingrett, og signaleffekten står sentralt. Men det gjer òg symboleffekten i denne saka.

Om ein løftar blikket og ser på lagnaden til den norske kvinna, har ho vorte henta heim i kraft av å vere mor til norske born, statsborgarar som Noreg tek hand om og som slepp å vekse opp i eit brutalisert, valdeleg, elendig og krigsherja Syria.

Bak saka for retten skjuler det seg ein bergingsaksjon som viser at sjølv i det sekulære og demokratiske Noreg av 2021, finst det rom for ei form for botsgang og moderne syndeforlating. Eller ei ustrekt hand, om du vil.

Det må òg vere ein del av oppgjeret vårt. Heller ikkje her kan kjønn, religion eller ideologi vere avgjerande. Og der har vi altså den mest krevjande delen. Kva gjer vi når det er norske muslimske gutar og menn som ber om nåde?

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er ingen mild dom
som har falle i første instans.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis