Også vi, når det blir krevet

Syttande mai er dagen for å hylla statsborgarlege grunnlovsprinsipp og ikkje nasjonal politikk.

Statsminister Erna Solberg gjekk i hovudprosesjonen i 17. mai-toget i Bergen i fjor.
Statsminister Erna Solberg gjekk i hovudprosesjonen i 17. mai-toget i Bergen i fjor.
Publisert

Kjære landsmenn, her heime og i det fjerne.

Kongeriket Noreg er ikkje eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsmakta er innskrenka.

VÅR FRIDOM legg me stadig meir i hendene på Nato og amerikanske soldatar som byggjer basar lenger og lenger mot nord for å verja oss. I alle fall dersom me skal tru meir enn 2 prosent på at russarane er på hogget, den forteljinga som blir boren fram av Donald Trump og pengeinnkrevjaren hans, Jens Stoltenberg. Noko anna ville vera ein blåøygd draum om fridom i den kalde saganatta, for dets fred slår leir.

På heimebane seglar me fregattar med stolte namn på grunn, og me lit på luftromskontroll med kostbare amerikanske jagarfly som får Donald Trump til å skryta av Noreg som ein god og sikker kunde. Dei skal sleppa prisbomber heime når dei ikkje deltar i operasjonar langt vekke for å syna at me er ein påliteleg alliert. Frigjeringsdagen er gjort om til ei hylling av veteranar frå skitne krigar som blir forkledde som humanitære kampanjar.

SJØLVSTENDET minkar for eit lite land med ein open økonomi. Slik må det vera i den globaliserte økonomiens tidsalder med fri flyt over grensene. Me står utanfor EU i trua på at me kunne styra oss sjølve, men i realiteten blir me fjernstyrte gjennom EØS og ESA.

Stortinget, vårt naudanker i farens stund, er eit sandpåstrøingsorgan for lover, reglar og direktiv frå Brussel. Styresmaktene tvettar sine hender, for om me skulle protestera og reservera oss mot noko, vil unionen straffa oss på mykje anna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement