Også vi, når det blir krevet
Syttande mai er dagen for å hylla statsborgarlege grunnlovsprinsipp og ikkje nasjonal politikk.
Statsminister Erna Solberg gjekk i hovudprosesjonen i 17. mai-toget i Bergen i fjor.
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
hompland@online.no
Kjære landsmenn, her heime og i det fjerne.
Kongeriket Noreg er ikkje eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike. Regjeringsmakta er innskrenka.
VÅR FRIDOM legg me stadig meir i hendene på Nato og amerikanske soldatar som byggjer basar lenger og lenger mot nord for å verja oss. I alle fall dersom me skal tru meir enn 2 prosent på at russarane er på hogget, den forteljinga som blir boren fram av Donald Trump og pengeinnkrevjaren hans, Jens Stoltenberg. Noko anna ville vera ein blåøygd draum om fridom i den kalde saganatta, for dets fred slår leir.
På heimebane seglar me fregattar med stolte namn på grunn, og me lit på luftromskontroll med kostbare amerikanske jagarfly som får Donald Trump til å skryta av Noreg som ein god og sikker kunde. Dei skal sleppa prisbomber heime når dei ikkje deltar i operasjonar langt vekke for å syna at me er ein påliteleg alliert. Frigjeringsdagen er gjort om til ei hylling av veteranar frå skitne krigar som blir forkledde som humanitære kampanjar.
SJØLVSTENDET minkar for eit lite land med ein open økonomi. Slik må det vera i den globaliserte økonomiens tidsalder med fri flyt over grensene. Me står utanfor EU i trua på at me kunne styra oss sjølve, men i realiteten blir me fjernstyrte gjennom EØS og ESA.
Stortinget, vårt naudanker i farens stund, er eit sandpåstrøingsorgan for lover, reglar og direktiv frå Brussel. Styresmaktene tvettar sine hender, for om me skulle protestera og reservera oss mot noko, vil unionen straffa oss på mykje anna.
UAVHENDELEG er landet ikkje. Ressursane blir selde ut både en gros og i detalj. Store, internasjonale konglomerat et seg inn i produksjonen av varer, tenestar og tankar. Amerikanske firma samlar inn persondata og distribuerer kultur og underhaldning med tilpassa algoritmar. Det er ein vy at engelskmenn skal driva jernbane. Kinesarar kjøper opp gruver og smelteverk. Tysk kapital bygger vindmøller for å gjera Tyskland grønare. Medan me sjølve ikkje bruker oljesparepengane til å bygga landet, men til å kjøpa handlegater og aksjar i utlandet for å kunna leva som rentenistar i generasjonane framover.
FAST OG UDELELEG er landet heller ikkje. Styresmaktene deler det inn på stadig nye måtar for å gjera det meir robust, men dei ulike inndelingane spriker i alle retningar og gjer etatane politisk ustyrlege.
Landet blir delt av stadig fleire bommar. Skilnaden aukar mellom dei som har mykje og dei som har lite av hus og hytter. By og land går ikkje hand i hand. Periferi står mot sentrum. Folk flest miskjenner eliten. Mistrua breier seg, furet, værbitt over vannet med de tusen hjem. Ei av motstandsrørslene som stig fram, kallar seg bunadsgeriljaen.
VERTINNA kjenner som alltid humanitet og hornmusikk i brystet når det lir mot 17. mai. I morgon riggar ho seg til med ein kongepjolter og ventar på godt nytt frå Erna Solberg. Ho minnest med glede då statsministeren kalla inn til pressekonferansen for to år sidan for å bruka nasjonaldagen til å markera at den handlekraftige regjeringa hadde fått heim den drapsdømde leigesoldaten og misjonærbarnebarnet Joshua Olav Daniel Hodne French frå umenneskelege tilhøve i Kongo.
Nå reknar Vertinna med at Solberg drar til Gardermoen og tar mot dei skuldlause og foreldrelause barna av norske IS-krigarar. Om det blir dyrt, kan dei jo sendast landet rundt i fotspora til French og visast fram mot betaling.
DEN BUNADSKLEDDE Byråsjefen vil minna om at me ikkje må gløyma fedrane på Eidsvoll i all viraken. Det er ikkje våren og bjørkelauvet, pølser og is, øl og akevitt, korpsmusikk og den etnisk norske stammen me feirar; det er sjølve grunnlovsverket. Det demokratiske folkestyret og den norske modellen bygger på fridom og rettar for borgarane, i tillit til politikarar og forvaltning, men også i tru på at grensene ikkje er for høge mellom dei og oss kronisk norske.
HA EIN GOD 17. MAI, norske statsborgarar her heime og der ute, og til alle andre som har opphald i riket. Og til utlendingar som er i Noreg for å oppleva feiringa vår, som dei har høyrt så mykje gildt om. We love you for that, på same måte som me elskar oss sjølve og Bjørnstjerne Bjørnson: Og fjellene selv roper langt hurra.
Men ingen 17. mai utan Aasmund Olavsson Vinje:
Nasjonalitet
Vi meina og tru det gjævaste er
å vera ein Noregs mann.
Ja, denne heimen oss fyrst er kjær;
men vita vi må, at den store verd
er berre vårt store fedreland.
Dei største tankar vi alltid få
av verdsens det store vit;
men desse tankar dei brjotast må,
lik strålar av soli som alltid få
i kver si bylgje ein annan lit.
Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

§ 1. Kongeriget Norge er et frit, uafhængigt og udeleligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig-monarkisk.
Constitution for Kongeriget Norge,
undertegnet på Eidsvoll 17. mai 1814
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.