Nye sjansar for gulvestane og Macron

Gulvestopprøret i Frankrike er i overraskande utvikling: President Macron styrkjer seg.

Bilar vert brunne jamt og samt frå Bordeaux til Strasbourg; berre i Marseille er det ikkje gjort hærverk desse tolv vekene gulvestane har protestert.
Bilar vert brunne jamt og samt frå Bordeaux til Strasbourg; berre i Marseille er det ikkje gjort hærverk desse tolv vekene gulvestane har protestert.
Publisert

Protestane har hagla mot ei ny fransk lov denne veka: «la loi anti-casseurs», «antiknusar-lova». Lova vart vedteken av nasjonalforsamlinga tysdag og kan brukast av lokale styresmakter til å stogge alle slag demonstrasjonar dersom dei trur dei vert valdelege. Jamvel nære vener av Macron har åtvara sterkt mot å gje lokaladministrasjonane makt til å ta frå folk demonstrasjonsretten.

Fleire av gulvestane er likevel glade til, dei har kjent seg utskjemde og nedverdiga av provokatørane. Somme har teke til å gå med raude skjerf utanpå vesten; det skal markere at også sosialistar er imot hærverk og vald. Likevel, berre for to helger sidan dukka det opp gjengar ingen kjende i Toulouse. Dei gjekk laus med jarnstenger på vindauge og dører i fleire bankar. Bilar vert brunne jamt og samt frå Bordeaux til Strasbourg; berre i Marseille er det ikkje gjort hærverk desse tolv vekene.

Fagforeiningane

Der er no jamt færre gulvestdemonstrantar. I Paris er talet nede i ein brøkdel av kva det var i starten, då det kom tilreisande frå heile landet. Folk marsjerer no i heimbyane. Det har gjort at krava frå demonstrantane er vortne endå meir varierte. Lokalt arbeidsliv og arbeidsløyse spelar større rolle. Somme stader tennest raseriet sterkt i distrikta, men det går nok raskt over.

Dermed har fagforeiningane engasjert seg. Det vil seie, den nest største fagforeininga, CGT, som er kommunistisk orientert, gjekk ut på gatene tysdag i Paris og 200 andre byar – gulvestar slutta seg til dei fleste stader, deltakartalet var vel 300.000 til saman. Rett nok er berre oppunder 11 prosent av franske arbeidstakarar fagorganiserte, men dei tusentals småforeiningane er organiserte hovudsakleg i fem store unionar. Alle har vore avventande til Emmanuel Macron, vonbrotne over at han enno ikkje har gjort mine til å halde lovnadene sine om betre kontakt med fagorganisasjonane. Når somme no gjer seg til meir formelle motpartar overfor regjeringa, er det på fleire vis interessant.

For det fyrste kan då regjeringa vonleg kome vidare på å utvikle meklingsformer, kan hende jamvel eit riksmeklingsinstitutt, som det er sår trong for i ei tid då det må bli konfliktar. For det andre har ikkje gulvestane makta å danne nokon leiarskap; dei som har prøvd, er blitt kjeppjaga. Ein holocaustfornektar ekskludert frå Le Pen-partiet Nasjonal Samling tok patent på namnet «Dei gule vestane» og ville lage parti til EU-valet, men han er så ekstrem at mest ingen vil ha noko med det tiltaket å gjere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement