JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

NRK-klassikarane som forsvann

Lenge utvida NRK stendig nettarkivet sitt med klassikarar. I år vart arkivet brått halvert. Det svekkjer NRK som folkeopplysar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I NRK-arkivet ligg det mykje kulturhistorie lagra, men no har NRK avgrensa tilgangen på nett. Biletet viser Erik Bye og klippar Olav Engebretsen i arbeid med programmet Idebanken i 1967.

Foto: Ivar Aaserud / Aktuell / NTB scanpix

5890
20200904
5890
20200904

I løpet av det siste tiåret har NRK sakte, men sikkert oppdatert det digitale arkivet sitt med opplysande kvalitetsprogram frå fortida til rikskringkastaren. Eg har med jamne mellomrom vore innom og søkt på namn som eg har interessert meg for – anten som forskar og undervisar, som samfunnsdebattant eller rett og slett som allment interessert menneske.

Eg nemner eit par døme: For eit par år sidan var berre eit par program tilgjengelege då eg søkte på Petter Dass. I fjor var heile fem gode program lagde ut – det beste var eit konsert- og samtaleprogram med Erik Bye på Alstahaug der mellom andre songaren Birgitte Grimstad, diktaren Edvard Ruud og kulturformidlaren Sverre Inge Apenes deltok.

No nyleg søkte eg på nytt, og denne dokumentarfilmen var borte. Det same gjeld mange andre gode program som eg har sett med stort utbyte, til dømes eit timelangt intervju med nestor i historiefaget og utanriksminister ved krigsutbrotet, Halvdan Koht. Eit anna døme er serien Møte med..., der ei lang rekkje viktige personar for norsk og skandinavisk kultur og samfunn er intervjua, frå Martin Tranmæl i 60-åra til Olof Palme i 80-åra. Det seier seg sjølv at slike program er ei gullgruve for eit interessert publikum.

Har NRK gløymt rolla si som allmennkringkastar og folkeopplysar? I paragraf 37 i NRK-plakaten heiter det at «NRK skal formidle kulturarven i Norge. Arkivene til NRK er en del av denne». Det heiter vidare at «NRK skal arbeide for å digitalisere og tilgjengeliggjøre disse arkivene for befolkningen. NRK skal tilgjengeliggjøre informasjon om arkivmaterialet». Eg tek òg med det som står sju paragrafar lenger oppe: «NRK skal ikke kreve betaling fra befolkningen for allmennkringkastingstilbudet.»

Titlane som forsvann

I undring over kva som hadde skjedd, sende eg eit e-brev til NRK, og eg fekk raskt svar: «Det er mulig å kjøpe kopier fra arkivet til privat bruk», med tilvising til «priser og betingelser». Til dømes kostar ein kopi frå fjernsynsarkivet på inntil 90 minutt 1100 kroner. På same nettside står det òg at tingaren må ta med «mest mulig informasjon om det aktuelle opptaket», som «nøyaktig tittel og sendedato og navn på medvirkende».

Her kjem paradoksa på rad og rekkje: Ikkje berre blir kulturarven fjerna frå NRKs nettsider, men NRK, som skulle vera eit ikkje-kommersielt organ, krev attpåtil høge summar for å gjera opplysningsprogram tilgjengelege. Kva økonomisk vinst ser NRK i å krevja 1100 kroner for eit intervju med Halvdan Koht? Og ikkje minst: Titlane på dei nemnde klassikarane har forsvunne heilt frå søkjemotoren til NRK. Det er ikkje lenger tale om å «tilgjengeliggjøre informasjon om arkivmaterialet». Korleis skal vi då vita at desse programma eksisterer? Spenninga som eg opplevde som brukar av arkivet, låg nettopp i det at stendig nye og ukjende program vart lagde ut.

Nedskjeringar

No er det ikkje slik at NRK brått har funne ut at kulturarven ikkje lenger er noko som skal delast på internett. Avgrensinga av NRK-materialet går attende til ein strid som har gått føre seg i det stille, utan store oppslag i media.

8000 av totalt 17.000 timar i det som heiter Norwacos portefølje for NRK, vart fjerna etter nyttår. Det kjem av ein strid med Norwaco, ein organisasjon som representerer ulike opphavsrettslege interesser. Norwaco syter altså for at rettshavarar i NRK-program får dei vederlaga dei har krav på. Før jul betalte NRK kvart år ein fast sum for å ha eigenprodusert innhald frå 1960 til 1997 tilgjengeleg på nettsidene til NRK TV. Men i jula vart det full stogg i forhandlingane. Partane kom fram til ei mellombels løysing: For halvparten av den faste summen fekk NRK løyve til å vise halvparten av programma som dei har vist tidlegare.

Kva er så beløpet NRK årleg har overført til Norwaco? Ifylgje Dagbladet handlar det om kring 18–20 millionar årleg. Beløpet synest stort, men jamfører vi det med budsjettet til NRK, blir det berre lommerusk. Det totale tilskotet til NRK på statsbudsjettet for 2020 er 5,7 milliardar kroner. Det er elles fyrste gong NRK får midlar over statsbudsjettet, og det røper truleg òg det som ligg attom reforhandlingane med Norwaco: NRK-lisensen vart fjerna i fjor, og NRK meiner staten ikkje gjev dei fullgodt vederlag. Difor kjem sparekniven inn.

Omvend strategi

NRK sparer altså kring 10 millionar kroner på den nye avtalen. Men kva program er då tekne bort frå NRK-arkivet? I mars prøvde Aftenposten å få vita kva program som måtte bite i graset, men fekk ikkje svar. Mange hadde ottast at Fleksnes og Jul i Skomakergata ville bli tekne ut.

Fleksnes og skomakaren er der enno, men det er ikkje Martin Tranmæl, Koht og Petter Dass i Erik Byes program. Alle programma som er betalte gjennom lisensen, burde liggje gratis ute på NRK-arkivet. Dette er program som i si tid vart finansierte av det norske folket. Er NRK tvinga til å ta ut noko frå det opne arkivet, burde dei heller krevja pengar for program med kommersielt potensial, og ikkje program med allmenndannande innhald.

Både Nasjonalbiblioteket og Arkivverket har dei siste åra proklamert at så mykje som råd av magasina deira skal gjerast gratis tilgjengeleg for allmenta gjennom digitalisering. NRK vel altså å fylgje ein motsett strategi. Heldigvis varer den nye avtalen berre til nyttår. Vonleg vil NRK ta til vitet då. Samanliknar vi programma i NRKs arkiv med mykje av det som blir sendt i dag, der mange av kvalitetsprogramma gjerne er kjøpte inn av andre rikskringkastarar, som BBC, er det nok ikkje få av sjåarane som tykkjer dei norske historiske programma held like høg – om ikkje høgare – kvalitet.

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Kva økonomisk vinst ser NRK i å krevja 1100

kroner for eit intervju med Halvdan Koht?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Den dårlege kommuneøkonomien gjer det krevjande for kommunane å levere helse- og omsorgstenester, ifølge ein rapport frå KS.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Skal unge funksjonshemma tilbake til institusjonane?

IdaHauge Dignes

Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.

Foto: Sigbjørn Berven

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Solide røter

Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.

Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.

Foto: Cappelen Damm

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Den tunge kampen mot bileufori

Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Flytande gull: Få ting er så godt som olivenolje – om han er rette typen.

Foto: Pxhere.com

Frå matfatetKunnskap

Olivenolje

Jomfruer veit visst ikkje alltid å ta seg betalt.

Siri Helle

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis