NRK-klassikarane som forsvann

Lenge utvida NRK stendig nettarkivet sitt med klassikarar. I år vart arkivet brått halvert. Det svekkjer NRK som folkeopplysar.

I NRK-arkivet ligg det mykje kulturhistorie lagra, men no har NRK avgrensa tilgangen på nett. Biletet viser Erik Bye og klippar Olav Engebretsen i arbeid med programmet Idebanken i 1967.
I NRK-arkivet ligg det mykje kulturhistorie lagra, men no har NRK avgrensa tilgangen på nett. Biletet viser Erik Bye og klippar Olav Engebretsen i arbeid med programmet Idebanken i 1967.
Publisert

I løpet av det siste tiåret har NRK sakte, men sikkert oppdatert det digitale arkivet sitt med opplysande kvalitetsprogram frå fortida til rikskringkastaren. Eg har med jamne mellomrom vore innom og søkt på namn som eg har interessert meg for – anten som forskar og undervisar, som samfunnsdebattant eller rett og slett som allment interessert menneske.

Eg nemner eit par døme: For eit par år sidan var berre eit par program tilgjengelege då eg søkte på Petter Dass. I fjor var heile fem gode program lagde ut – det beste var eit konsert- og samtaleprogram med Erik Bye på Alstahaug der mellom andre songaren Birgitte Grimstad, diktaren Edvard Ruud og kulturformidlaren Sverre Inge Apenes deltok.

No nyleg søkte eg på nytt, og denne dokumentarfilmen var borte. Det same gjeld mange andre gode program som eg har sett med stort utbyte, til dømes eit timelangt intervju med nestor i historiefaget og utanriksminister ved krigsutbrotet, Halvdan Koht. Eit anna døme er serien Møte med..., der ei lang rekkje viktige personar for norsk og skandinavisk kultur og samfunn er intervjua, frå Martin Tranmæl i 60-åra til Olof Palme i 80-åra. Det seier seg sjølv at slike program er ei gullgruve for eit interessert publikum.

Har NRK gløymt rolla si som allmennkringkastar og folkeopplysar? I paragraf 37 i NRK-plakaten heiter det at «NRK skal formidle kulturarven i Norge. Arkivene til NRK er en del av denne». Det heiter vidare at «NRK skal arbeide for å digitalisere og tilgjengeliggjøre disse arkivene for befolkningen. NRK skal tilgjengeliggjøre informasjon om arkivmaterialet». Eg tek òg med det som står sju paragrafar lenger oppe: «NRK skal ikke kreve betaling fra befolkningen for allmennkringkastingstilbudet.»

Titlane som forsvann

I undring over kva som hadde skjedd, sende eg eit e-brev til NRK, og eg fekk raskt svar: «Det er mulig å kjøpe kopier fra arkivet til privat bruk», med tilvising til «priser og betingelser». Til dømes kostar ein kopi frå fjernsynsarkivet på inntil 90 minutt 1100 kroner. På same nettside står det òg at tingaren må ta med «mest mulig informasjon om det aktuelle opptaket», som «nøyaktig tittel og sendedato og navn på medvirkende».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement