Nedteljing mot ein klimakatastrofe?

I 2008 sette organisasjonen New Economics Foundation opp ei klokke på nettstaden sin som viste at vi da hadde 100 månader på oss til å redde planeten. I november 2016 passerte vi «the point of no return».

Extinction Rebellions var først ute med å brøle for klimaet utanfor Stortinget i fjor sommar. Tusenvis av menneske brølte etter kvart med.
Extinction Rebellions var først ute med å brøle for klimaet utanfor Stortinget i fjor sommar. Tusenvis av menneske brølte etter kvart med.Extinction Rebellions var først ute med å brøle for klimaet utanfor Stortinget i fjor sommar. Tusenvis av menneske brølte etter kvart med.
Publisert

Nå har vi fått ny «tidsfrist» og nye tikkande klokker. I oktober 2018 publiserte IPCC rapporten om vilkåra for å halde den globale temperaturauken under 1,5 grader. Rapporten har fått stor merksemd (Special Report: Global Warming of 1.5 C). Den tydelegaste bodskapen som har festa seg i klimadebatten, er at vi har tolv år på oss for å unngå klimakatastrofe. Ute på nettet har det dukka opp nye klokker som tikkar ned mot undergangen, og i klimadebatten høyrer vi stadig at «vi har berre tolv år på oss».

Men det finst ikkje belegg for påstanden om at vi har tolv (eller nå elleve) år på oss. Det IPCC-rapporten faktisk seier, er at frå førindustriell tid og fram til i dag har den globale temperaturen truleg auka med mellom 0,8 og 1,2 grader. Dette er basert på temperaturmålingar frå ei rekke ulike målestasjonar jorda rundt. Desse målingane spriker, og enkelte målingar tyder på at den globale temperaturauken alt kan ha passert 1,5 grader. Gjennomsnittet for alle desse ulike målingane er berekna til om lag 1 grad. Denne uvissa forplantar seg sjølvsagt vidare når rapporten prøver å rekne ut kva tid den globale oppvarminga vil passere 1,5 grader. Den seier nemleg ikkje at dette vil skje i 2030, og at det er den tida vi har på oss for å unngå den store klimakatastrofen. Det rapporten faktisk seier, er at dersom den globale oppvarminga held fram i same tempo som nå (0,2 grader per tiår), er det sannsynleg at global oppvarming vil nå 1,5 grader mellom 2030 og 2052.

«Ulv ulv»-effekten

Og kva trur så klimaaktivistane vil hende i 2030? Er det slik at dersom vi ikkje får halvert klimautsleppa før 2030, vil klimasamanbrotet skje med det same? Eller er det slik at verda i 2018 hadde tolv år på seg før vi passerte eit «point of no return»? Begge delar er feil, seier hovudforfattar av rapporten, Myles Allen (på nettstaden The Conversation). Kanskje har vi allereie passert 1,2 grader. Kanskje skjer det saktare. Det rapporten presenterer, seier Myles Allen, er modellbaserte scenario og estimat. 2030 er eit heilt fiktivt årstal når det gjeld sjansane for å få den globale oppvarminga under kontroll. Det er ein illustrasjon basert på modellproduserte scenario. 2030 er ingen deadline. Det store fleirtalet av dagens klimastreikande ungdommar kjem ikkje til å oppleve ei ekstra kvart grad temperaturauke fram til 2030 som Harmageddon, skriv Myles Allen, og kva vil dei då tenke?

Vi opplever ikkje klima­endring­ane som dramatiske frå ein dag til neste, og heller ikkje frå år til år. Vi tilpassar oss gradvis, og langt på veg umerkeleg, til varmare somrar, til kortare og mildare vintrar og meir variabelt og dramatisk vêr. Spørsmålet blir kva dagens klimaaktivistar – som ser for seg ein klimakatastrofe og totalt globalt samanbrot før dei blir vaksne – vil tenke når dei om ti–tolv år ikkje opplever den spådde katastrofen. Har da aksjonerande klimaforskarar og klimaaktivistar ropt «ulv, ulv» så mange gonger og så høgt at resultatet blir det motsette av det dei tenker seg når dei hevdar at det er viktig å sette ein avskrekkande deadline for å skremme folk flest frå å ete kjøt eller å fly på ferie til utlandet.

Klimafiksing

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement