JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Når pandemien kjem

Vaksinemotstand er ein av dei ti største trugslane mot global helse, ifølgje World Health Organization.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit lite stikk, og du har daudt virus flytande rundt i systemet.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

3138
20190125
3138
20190125

Eg sit på hybelen hjå ei veninne i 2014, gjer meg ynkeleg og klagar mi naud over armane mine, som er vonde og hovne som to bleike middagspølser.

– Det var influensavaksinen du tok, eller?

Ho ler og trykkjer forsiktig på skuldra mi.

– N-nei. Eg er ikkje i risikogruppa, gryntar eg.

Nokre dagar tidlegare har eg fått fire plasterlappar på kvar skulder, og like mange nye og gamle, daude virus flytande i kroppen. Reportasjetur til India står på høgskulepensumet neste semester, og eg har late helsesystervikaren nytte meg som nålepute. Til og med rabies er eg vaksinert mot no. Men influensavaksinen har eg enno ikkje teke.

– Du kan kjenne deg ørlite støl i morgon, seier kvinna før ho kastar ampullen med poliobooster som ho nett har tømt inn i skuldra mi.

Det er enno to år til eg skal få tilbod om gratis HPV-vaksine mot livmorhalskreft, og nye to år til ein får avkrefta påstanden om at vaksinen gjev kreft. Ei veke med feber skal eg derimot tole utan sprøytestikk, tenkjer eg, medan eg passerer influensaplakaten på veg ut.

Ifølgje WHO førre veke er vaksinemotstand ein av dei ti største trugslane mot global helse i 2019. Livstrugande barnesjukdommar har vore nærast utrydda i Europa, men WHO rapporterer no om ein auke i meslingutbrot. Mot 13 døde og 5273 sjuke i 2016, var det meldt 35 døde og 21.315 sjuke i 2017. I Noreg vart det registrert tolv tilfelle av meslingar i 2018, mot eitt i 2017 og null året før. Og seinast onsdag denne veka rapporterte Washington Post at 23 menneske i Oregon, dei fleste uvaksinerte born under ti år, er smitta med meslingar.

Utbrota veks altså i takt med vaksinevegringa. Har ein undervurdert fotfestet den britiske dokteren Andrew Wakefield fekk då han juksa seg fram til påstanden om at MMR-vaksinen gjev autisme? The Lancet publiserte artikkelen i 1998 og sletta han i 2007. Men skaden var skjedd. I 2006 vart det første meslingdødsfallet i Storbritannia på 14 år rapportert, og så seint som i 2013 vart over 1000 menneske smitta av meslingar i Sør-Wales, ifølgje The Independent. Wakefield sjølv flytta til USA og vart dokumentarfilmskapar.

I lag med vaksinemotstand på WHO-lista står global influensapandemi. I november i 2018 melde NRK at fire av fem helsetilsette lèt vere å vaksinere seg mot viruset. Det tek for mykje tid. Samstundes døydde 1400 av sjukdommen på norske sjukehus i 2017.

Så kvifor har ikkje eg vaksinert meg mot det òg, tenkjer eg, medan eg støttar meg på dei to pølsene som sit fast i skuldrene mine og reiser meg frå sofaen. Å kle på meg genseren kan eg berre gløyme. Er eg redd for narkolepsi etter svineinfluensavaksinen i 2009? I frykta for svineinfluensapandemi fekk ikkje forskarane tid nok på seg til å teste vaksinen skikkeleg. Men barnevaksinasjonsprogrammet er derimot godt testa. Og sjølv om eg toler ei veke på sofaen, og enno ikkje er i risikogruppa, lovar eg å stille meg i vaksinekøen når globalpandemien kjem.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Utbrota veks altså i takt med vaksinevegringa.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis