JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Makta tek seg til rette

Statsminister Erna Solberg har gjort det igjen. Med utnemning av Frank Bakke-Jensen til ny fiskeridirektør har ho for tredje gong utnemnt ein av dei sitjande statsrådane sine til ei embetsstilling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen er utnemnd til ny fiskeridirektør.

Foto. Terje Bendiksby / NTB

5194
20201002
5194
20201002

Kommentar

vidar@dagogtid.no

Statsministerens kontor har vedgått overfor Dag og Tid at ingen sitjande statsråd nokon gong er blitt utnemnd til ei ny embetsstilling medan dei var statsråd, før statsminister Erna Solberg innførte ein slik praksis i 2014. Ho innførte med det, utan drøftingar, ein ny statsskikk.

I alle år tidlegare har ein statsråd eller statssekretær som ville søke på ei stilling som ville bli lyst ledig, måtta søke avskil som statsråd eller statssekretær, fråtre og først etter det kunna søke. Historia er full av døme på at dette har skjedd.

No blir sitjande statsrådar utnemnde gong på gong utan at nokon, ikkje eingong opposisjonen på Stortinget, protesterer. Og tek regjeringa seg bryet med å sende søkaren på gangen medan dei drøftar kandidaturet?

Tek seg dårleg ut

Det er gode grunnar til at den faste praksisen var som han var. Det tek seg dårleg ut at regjeringskollegiet plukkar ut og favoriserer ein i sin midte til ei ny stilling i konkurranse med andre søkjarar. Ein kan også trygt legge til grunn at ingen statsråd søker ei ny offentleg stilling utan å klarere søknaden med statsministeren på førehand. Det vil statsråden gjere for å unngå å bli audmjuka ved ikkje å få stillinga.

Om statsministeren ikkje formelt lovar at statsråden får stillinga, må ein legge til grunn at saka reelt er avgjord. Det vil innebere at heile søknadsprosessen dermed er avgjord på førehand utan reell konkurranse med dei andre søkarane. Kven er tent med det?

I juni 2014 vart fiskeriminister Elisabeth Aspaker utnemnd til fylkesmann i Troms. Ho heldt fram som statsråd i Solberg-regjeringa i ytterlegare to og eit halvt år, til desember 2016. Ho tiltredde som fylkesmann etter at ho hausten 2017 gjekk ut av Stortinget.

I oktober 2018 vart helseminister Bent Høie utnemnd til fylkesmann i Rogaland. Han sit framleis som statsråd og skal (kanskje) tiltre som fylkesmann etter stortingsvalet hausten 2021 – om Solberg-regjeringa får avløysing.

Nye høgder

Solberg-regjeringa har nå teke praksisen med å utnemne sitjande statsrådar til nye høgder etter at forsvarsminister Frank Bakke-Jensen 21. september vart utnemnd til ny fiskeridirektør. Regjeringa tillèt at forsvarsministeren i meir enn tre månadar var hemmeleghalden søkar til denne direktørjobben. Han hadde sjølvsagt snakka med statsministeren før han søkte. Det skal dei ha, Aspaker og Høie, at dei ikkje fall for freistinga til å opptre som hemmelege søkarar til fylkesmannsjobbane.

Søknadsfristen for stillinga som fiskeridirektør var 10. mai. Bakke-Jensen søkte 16. juni, men vart halden hemmeleg fram til han dukka opp «som troll av eske» då han vart utnemnd i statsråd 21. september. Forklaringa som departementet har i dag, er at Bakke-Jensen hadde «behov for at det ikkje vart offentleg kjent at han hadde søkt stillinga».

«Skal mykje til»

Rettleiaren for offentleglova, utarbeidd av Justisdepartementet, slår fast at det skal «mykje til for at det kan vere aktuelt å ta ei oppmoding om ikkje å bli ført opp på søkarlista til følgje» når det gjeld søknadar til stillingar av «særleg offentleg interesse». «Døme på slike stillingar er departementsråd, direktør for statlege direktorat, fylkesmann, rådmann i kommunar (...).» Stillinga som fiskeridirektør er med dette direkte omfatta av denne presiseringa.

Regjeringa presterte å godkjenne Bakke-Jensen som hemmeleghalden søkar etter og trass i den flengande kritikken som Noregs Bank og hovudstyret i banken har måtta tole for tilsetjingsprosessen av Nicolai Tangen som ny direktør i Oljefondet.

Hemmeleghaldet av søknaden til Tangen vart sterkt kritisert av både representantskapet i banken, ein samrøystes finanskomité på Stortinget, spesielt kompetente juristar og ei samla presse. Hemmeleghaldet er stempla som brot på offentleglova, og dette har banken også erkjent i ettertid.

Bondevik mot Solberg

Statsminister Kjell Magne Bondevik måtte tole kraftig kritikk då han i 2001 henta inn Nina Frisak som hemmeleghalden søkar til stillinga som regjeringsråd ved Statsministerens kontor (SMK). SMK lova etter det at slikt ikkje skulle skje igjen.

Men norsk lov og fast statsskikk gjeld visst ikkje for statsminister Solberg.

Denne triksinga med søkarlister er ein god illustrasjon på verknadene etter at stortingsfleirtalet i 2000 vedtok å endre offentleglova slik at det vart opna for anonyme søkarar til offentlege stillingar. Slik triksing gjer rekrutteringsprosessane mindre kontrollerbare og kan framstå som nedlatande overfor dei som søker på ope og ærleg vis, slik systemet er meint å vere.

Det er grunn til å spørje om forklaringa på dei manglande reaksjonane mot Solberg-regjeringas «nyvinning». Kan det vere at opposisjonspartia kan tenke seg å slå inn på same praksis den dagen dei sjølve måtte kome inn i regjeringskontora?

Vidar Ystad er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det tek seg dårleg ut at regjeringskollegiet plukkar ut og favoriserer ein i sin midte til ei ny stilling i konkurranse med andre søkarar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis