JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Kvinnelege prestar – kvifor ikkje?

Ifylgje den franske diktaren Baudelaire finst det «berre tre heiderlege mennesketypar: presten, krigaren og poeten. Dei andre (…) er skapte (…) for å ha det som vert kalla yrke.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Altarmosaikk frå San Venantius-kapellet i Roma, kring år 650.

6029
20200925

Religion

Kjell Arild Pollestad

6029
20200925

Religion

Kjell Arild Pollestad

Heiderlege eller ikkje – diktaren har rett i at å vera prest djupast sett ikkje er eit «yrke», langt mindre ein «jobb»; det er ein særeigen måte å vera menneske på. Det same gjeld krigaren og poeten. Dei er ikkje på «jobb», men i strid, mot fienden og med språket.

I Den norske kyrkja, og i mange av dei protestantiske kyrkjene, har det vorte eit yrke å vera prest. Eg har høyrt ei dame seia at ho «jobba som biskop». I katolske øyro høyrest dette underleg ut, for det som særmerkjer både biskopen og presten, er ikkje kva han gjer, men kva han er. Han er vigd til ei teneste der han stiller sin eigen person heilt og fullt inn under ein Annan. Når han forkynner ordet og ber fram brødet og vinen, gjer han det in persona Christi, som det heiter i tradisjonen, han talar og handlar på vegner av Kristus. Rituelt vert dette uttrykt i sjølve kyrkjerommet, i altaret han står ved, skrudet han ber, rørslene han gjer, og dei rituelle orda han seier. Heilt fram til 1960-talet var det også i Den norske kyrkja utenkjeleg at presten skulle seia eller gjera noko som ikkje var føreskrive i altarboka. Ho var ein del av norsk lov. Berre på preikestolen kunne presten nytta sine eigne ord for å forkynna Guds.

I Den norske kyrkja kom brotet med den felleskristne tradisjonen i 1960, då den fyrste kvinnelege presten vart vigd under stor motstand frå fleirtalet av biskopar, prestar og truande lekfolk. Denne «relativiseringa» av tradisjonen fekk etter kvart store fylgjer for heile mentaliteten i statskyrkja. Ho vart «sosialdemokratisert». Den gamle embetskyrkja kalla seg «folkekyrkje» nett i den tida då folket for alvor fall frå. Biskopar og prestar vart fråtekne leiarskapen, og den sokalla «rådsstrukturen» innført. Kyrkja skulle vera «demokratisk», ikkje «hierarkisk», slik ho er etter sin apostoliske grunnhått.

Desse grunnleggjande brota med kristen tradisjon har i aukande tempo ført nye med seg. Statlege lover om likestilling og «arbeidsmiljø» er gjorde gjeldande i kyrkja, prestane har krav på frisundagar og kompensasjon for «ubekvem arbeidstid», altarbrødet er «glutenfritt» og soknepresten ein kommunal funksjonær under kyrkjeverja. Sjølv om statskyrkja formelt er avvikla, har kyrkja aldri før hatt eit so tett samliv med statleg ideologi og praksis. Til og med abortlova har no fått bispefleirtalet på si side. Sosialdemokratiet har fått ei kyrkje etter sitt hjarta, og drivkrafta frå kyrkja si side har ikkje minst vore dei kvinnelege prestane. Dei likar framleis å ta på seg martyrmina for å få oss til å tru at dei ikkje fullt og heilt er godtekne, men sanninga er at det er dei som i dag har definisjonsmakta i Den norske kyrkja, der til og med Skrifta stundom får vikeplikt for feminismen.

I eit slikt ideologisk klima verkar det nærast grotesk når ein ung prest står fram og tinglyser sin motstand mot kvinnelege prestar. Sokneprest Mikael Bruun er ein modig mann, som mild i form og sterk i sak seier det kristenverda har sagt i snart to tusen år. At slikt vekkjer åtgaum og motskrik, viser kor fjern kristendomen er vorten for dei fleste. Folk har gløymt kva eit trudomssamfunn er. Dei skjønar ikkje at ein prest ikkje berre har rett, men ogso plikt til å seia det han ut frå tru og samvit ser som sant. Mikael Bruun seier berre det som her til lands var sjølvsagt for berre to generasjonar sidan, og som framleis er sjølvsagt i det meste av kristenverda.

Over to tredelar av dei kristne i verda høyrer til den katolske eller dei ortodokse kyrkjene, der kvinnelege prestar prinsipielt er utenkjeleg. Dette slo pave Johannes Paul den store fast i dokumentet Ordinatio sacerdotalis i 1994: «For å taka bort all tvil i ei so viktig sak, ei sak som heng saman med sjølve Kyrkja sin guddommelege konstitusjon, og i kraft av oppdraget mitt om å ’styrkja brørne’ (Luk 22,32), kunngjer eg at Kyrkja ikkje har noka avgjerdsmakt (autoritet) til å gje prestevigsle til kvinner, og at denne avgjerda skal verta halden som den endelege av alle dei truande i Kyrkja.» Dokumentet er eit svar på ein debatt som var i gang i einskilde krinsar, ikkje minst blant ordenssystrer, både i Europa og Amerika.

I den katolske, og i endå høgare grad dei ortodokse kyrkjene, spelar det rituelle ei langt større rolle enn i protestantisk kristendom. I DDR var kristendomen stort sett luthersk, og etter førti års kommunisme var det lite att av han, medan sytti års kommunisme i Russland ikkje makta å ta knekken på kyrkja. Det kom av liturgien. Sjølv dei prestane som infiltrerte og var KGB-agentar, laut syngja den heilage liturgien, og den verka i kraft av seg sjølv, endå presten var ateist. Det er nok å gå inn på YouTube og sjå påskenattliturgien frå Moskva, så skjønar ein kor lite sakssvarande det ville vera med kvinner ved altaret. Her er det ikoniske skjegget nærast ein del av presteskrudet, og berre ei mannsrøyst kan gje truverd til den Kristus-symbolikken som den liturgiske dramaturgien krev. I den katolske kyrkja kan kvinner vera abbedisser med stav og mitra, teologiske professorar og prestelærarar, pavelege rådgjevarar og alt anna som er på yrkesplanet, men like lite som ein mann kan føda born, kan ei kvinne stå ved altaret og symbolisera Kristus. Grunnen ligg i sjølve inkarnasjonen. Det er kristen lære at Gud vart menneske i Jesus Kristus, og då hadde han valet mellom to kjønn. Han vart mann. Oldkyrkja har lært oss at ein kristendom som ser bort frå dette, endar i gnostisisme. Presten Mikael Bruun ser ut til å stå åleine, men han har paven og kyrkjesoga og det meste av kristenverda på si side. Stundom må presten vera både krigar og poet.

Kjell Arild Pollestad er forfattar,
omsetjar, katolsk prest i unåde
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Presten Mikael Bruun ser ut til å stå
åleine, men han har paven og kyrkjesoga og det meste av kristenverda på si side.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jonas Bals er fagleiar i LO og utdanna målarsvein og historikar. Han har skrive fleire bøker og er dessutan spaltist og bokmeldar.

Foto: Siw Pessar

BokMeldingar

Jonas Bals har skrive ei tjukk, viktig bok nummer to om fascisme. Men å skrive objektivt om si eiga tid er ei krevjande øving.

Torgeir E. Sæveraas

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.

Alle foto: Frank Furseth

KunstMeldingar

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

Eva Furseth

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis