Kven skal føre i utviklinga av EU?
Tenkinga om EU er i endring, men i ulik takt.
Ein mann syner fram eit jakkemerke ved Boulogne Calais på brexitdagen.
Foto: Pascal Rossignol
Lytt til artikkelen:
«Wehmut und Erleichterung» – vemod og lette. Slik karakteriserer kommentator Theo Sommer i den tyske vekeavisa Die Zeit den allmenne haldninga til brexit. Det er om lag så langt tysk media og ansvarlege politikarar går. Dei vil helst ikkje forsure forhandlingsklimaet dei komande elleve månadene.
Alternative für Deutschland (AfD), derimot, har ved Beatrix von Storch, i bundestagsgruppa til ytrehøgrepartiet, hylla den demokratiske sigeren dei meiner brexit er. Ho vil at Tyskland går med på alle krav Boris Johnson stiller – tollfri handel og det heile – for å vise «maktspelarane i Brussel» kvar landet ligg, bokstavleg tala.
Tysk sorg
Wolfgang Shäuble, kristendemokrat og bundestagspresident sidan 2017, svarar meir saktmodig på spørsmålet om han trur Storbritannia nokon gong kjem attende i EU-folden: ein vakker dag, trur han, men ikkje på lenge, lenge, og ikkje i hans levetid. På heimesida si skriv han at eit sameint Europa er einaste farbare veg mot ei trygg og lys framtid.
Mange tyskarar har uttrykt sorg over at Storbritannia går ut or EU. Det vert framheva korleis britar i Tyskland har delteke aktivt i lokalt politisk liv. Det er det brått slutt på, frå og med 1. februar, berre EU-borgarar er valbare lokalt. Å elske det britiske offentleg er risikabelt, meiner somme, og minner om intervjuet keisar Wilhelm II gav ei engelsk avis i 1908; etter å ha forkynt kor glad han var i alt britisk, erklærte han rasande at britar er fullstendig ustyrlege og umoglege å leve saman med.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.