Kvar er kjernen i djupna?
Den nye læreplanen er den mest forvirrande som er komen til no.
Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) talar med 7. klasse-elevar på Smestad i Oslo etter ha lagt fram dei nye nye læreplanane som skal gjelde for norsk skule frå 2020.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Etter fleire års diskusjon med kritikk av Kunnskapsløftet frå 2006 (K06) har vi fått den mest abstrakte, mest ugjennomtrengjelege og mest uforståelege læreplanen nokosinne. Det kan føre med seg at ulikskapen mellom skulane veks seg større. Fleire større forskingsprosjekt (især Norm-prosjektet om skriving i alle fag i grunnskulen) syner at spriket mellom høgtpresterande og lågtpresterande elevar aukar – og skilnadene går mellom skulane.
Kunnskapsløftet var ikkje noko Noreg var aleine om, og grunnprinsippa gjeld framleis. Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD), som tel 36 statar, avgjorde at alle medlemsland skulle arbeide for å utvikle grunnleggjande dugleikar for å betre kompetansehevinga: lesing, skriving, rekning, munnleg språkbruk og digital kompetanse. Ei skriftkultur- eller literacy-reform, kalla somme denne reforma, men ho skapte dermed diskusjonar og dels aktiv motstand, altså mange tolkingar som har gjeve framskuv til ulik skuleutvikling.
Tidlegare skulle grunnleggjande dugleikar øvast og utviklast i alle fag; sakleg framstilling, framleggingsevne og kommunikasjon var noko alle lærarar stod ansvarlege for. Mange vegra seg for å lage planar som føresette tversgåande fagsamarbeid. Så no har då faga fått omtale ut frå deira særskilde ansvarsområde, såleis er teknologi, programmering og algoritmisk tenkemåte eit særskilt ansvar for realfaga. Det tverrfaglege er til gjengjeld sterkt understreka.
Skriving og munnleg språkbruk er likevel atter eit norskfagleg eineansvar. Medan ein samstundes nyttar påstandane om at K06 gav for mykje å halde på med, til å fjerne karakterar i sidemål i halvtårsvurderingane i åttande og niande klasse. Sidemålet hamnar vel då heilt til sist som hastepugging i tredje klasse i vidaregåande. Det heiter at språkleg mangfald skal vere viktig i vidaregåande skule, og det er greitt at ein tek i bruk dei ressursane som fleirkulturaliteten har gitt oss – men det kan verke som om ein kastar vrak på det mangfaldet vi alltid har levd med, i og med målformene og målføra. Så får vi sjå korleis det artar seg i arbeidet med det digitale mangfaldet.
Tverrfaglege tema
Overalt skal det samarbeidast om «folkehelse og livsmeistring», «demokrati og medborgarskap» og «berekraftig utvikling». Livsmeistring er ei tolking av OECD-omgrepet «life skills». Dei niårsvise rapportane også Noreg lagar, har vore svært nyttig for å kunne vurdere utviklinga av kompetansenivået mellom unge vaksne. Når det no er kopla med «folkehelse», vert det helst omgjort til ein arena for spesialpedagogar og anna støttepersonell i skulen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.