Kva gjer Ap feil?

Å tale med eller i fleire tunger er dårleg politisk kunst.

Publisert

Bør Ap kaste Støre? Er interne stridar ille for omdømmet til Ap-leiinga? Dette er tabloide, lite interessante spørsmål. Viktigare er det at Ap-leiinga ikkje maktar å skaffe seg nokon politikk, men ter seg som byråkratar i støvskyer og klisjéskyer.

Frå starten av 2000-talet yngla nye direktorat fram. New Public Management (NPM) vart innført som mål- og resultatstyring i helsevesenet frå 2003/2004, og i skule og høgre utdanning i tida 2008–2011. NPM kom til alle offentlege sektorar. Vekta låg på leiarkompetanse og styring, der medverknad frå utøvarane vart nedtona. Sidan resultatoppnåing veg tyngst, vart det enklast å innføre slik stykkprispremiering for oppnådde resultat som Frp fyrst gjorde framlegg om, men som alle andre parti den gong var imot.

Uløyste dilemma

Då Jonas Gahr Støre i november 2019 gjekk sterkt ut mot NPM, sa han ikkje kva han ville ha i staden. Eit styringssystem må staten ha. Den gamle målstyringa førte til at alle ville ha meir pengar for å innfri måla dei enno ikkje hadde nådd. NPM laga andre dilemma: Strategiske mål er fastsette normativt, ofte laust; konkrete resultat ligg derimot til grunn for løyvingane. Dette gjev lite nyskaping, institusjonane låser seg til det som til no trygt har lønt seg. Effektiv drift gjer til dømes at smittevernberedskap er for dyrt, ein kan ikkje late dyre maskiner og tusenvis av masker liggje omkring i kott. Dette visste Ap-leiinga godt då dei reiste kritikk av beredskapen. Støre og Ap røysta elles i desember for å overlate til direktørane for helseføretaka i utvalsmøte å avgjere kven som får kva type behandling, ut frå nyttekostnadsanalysar. På den eine sida kritikk av føretaksmodellen, på hi total tilslutnad. «Eit hus i strid med seg sjølv kan ikkje standa», seier skrifta. Uløyste politiske dilemma driv Ap inn i skorfestet, meir enn personkrangel.

Forlik på forlik

Dei to Stoltenberg-regjeringane svinebatt seg ved å erklære total tru på NPM. Som om ikkje dette var nok, gjekk dei inn på ei rekkje forlik i Stortinget, mellom anna om pensjonsreforma. Pensjonsreform måtte der til. Ho fungerer greitt for mange. Likevel, yngre årsklasser tek til å oppdage at dei får mindre igjen for innbetalingane sine enn dei eldre. Dei eldre oppdagar at dei ikkje må lyde til oppmodingar om å stå lengst mogleg i arbeid, då taper dei pengar. Ap står på forliket, men klagar jamt over fylgjene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement