Kva brast så høgt – i Frankrike?
Emmanuel Macron må heretter truleg rekne med sosial uro i heile presidenttida si.
«Eg er ikkje laga for å styre i roleg farvatn. Eg må stå i stormen», sa presidentkandidat Emmanuel Macron våren 2017. President Macron fekk sanneleg stormen han plystra på.
Regjeringa utset avgiftene som tende raseriet. Men kursen ligg fast, sa statsminister Philippe i tre veker, medan president Macron heldt skjennepreiker. Økonomiske tap og øydeleggingar på eit par milliardar euro fylgde. Sjarmen med macroniet slokna, truleg for godt. Korleis kunne 2,9 cent (30 øre) per liter i avgift på bensin og 6,5 cent (70 øre) på dieselen skape slike tilstandar?
Gammal bilpark
«Skaff dykk miljøvenlege bilar», har statsleiarane sagt, «så oppfyller vi Parisavtalen». Liksom hjå oss er svært mange heilt avhengige av bil. Ulikt Noreg har Frankrike ein gammal bilpark. Relativt få eig husa sine sjølv, og mange kan difor ikkje låne stort til ny bil. Dei mellomhøge inntektene er lågare enn våre; gjennomsnittet for dei arresterte demonstrantane i Paris er på mellom 15.000 og 20.000 kroner i månaden.
Mange var elles tilreisande, somme av dei seier dei lyt reise til hovudstaden no, før jernbanen er privatisert og togsambandet borte. No har bønder og transportfirma rekna på utgifter og er klare til å kaste seg inn i kampane. Studentane og gymnasiastane tykkjer dei må vere med på moroa.
Auka utgifter
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.