Kunsten å gjera veikskap til ein styrke

Romerske filosofar meinte vi måtte bli stoiske – det inneber å gjera hindringar om til fordelar. Det same meiner vinnaren av norsk Melodi Grand Prix, artisten Tix.

Publisert

Andreas Andresen Hauke­land, betre kjend under artistnamnet Tix, er kjend for stilen sin med pelskåpe, solbriller og panneband med namnet Tix. Mange kjenner Haukeland som bærumsguten med flaue russelåtar. Men artistnamnet hans røper ei anna side. Det viser til Tourettes syndrom, som Haukeland har hatt sidan barndomen. Syndromet medfører ufrivillige rykkingar, såkalla tics. Desse gjorde at han vart mobba på skulen, men Tix valde å ta eigarskap over ticsa: Han tok artistnamnet Tix og gjorde ei hemming om til ein styrke.

Tix er faktisk ikkje åleine om denne bodskapen. I USA har den unge forfattaren Ryan Holiday hatt stor suksess med The Obstacle Is the Way (Hindringa er vegen). Holiday er påverka av den klassiske retninga stoisismen, som lærer oss å gjera det negative om til noko positivt. Denne bodskapen er viktigare i dag enn nokosinne.

Mental helse

Bakteppe for utspelet til Tix er mental helse og psykiske plager. Det er eit tema som alle som jobbar med ungdom, ikkje minst i skulen, kjenner godt til. Vi lever eit samfunn der kropps- og prestasjonspress er unormalt stort. Grunnen er reklame, TV, film og ikkje minst sosiale medium. Rosabloggar og «påverkarar» har stor makt.

Ein interessant kommentator som fylgjer med på denne kulturen, er lektor og forfattar Jørg Arne Jørgensen, som skriv fast for Stavanger Aftenblad. «Om jeg kan tenne en gnist, vekke interesse for noe utenfor en selv – litteratur, politikk, verden, hva som helst – har jeg gjort jobben min», skreiv han i 2019.

Andre tyr til andre strategiar, som å «snakke ut om plagene». Det nye tverrfaglege temaet i skulen er «livsmeistring». Vi ser det same i fjernsynet òg, der det kjem stadig fleire program om kropp og helse hjå ungdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement