Kunsten å gjera veikskap til ein styrke
Romerske filosofar meinte vi måtte bli stoiske – det inneber å gjera hindringar om til fordelar. Det same meiner vinnaren av norsk Melodi Grand Prix, artisten Tix.
KOMMENTAR
ronny.g.spaans@nord.no
Andreas Andresen Haukeland, betre kjend under artistnamnet Tix, er kjend for stilen sin med pelskåpe, solbriller og panneband med namnet Tix. Mange kjenner Haukeland som bærumsguten med flaue russelåtar. Men artistnamnet hans røper ei anna side. Det viser til Tourettes syndrom, som Haukeland har hatt sidan barndomen. Syndromet medfører ufrivillige rykkingar, såkalla tics. Desse gjorde at han vart mobba på skulen, men Tix valde å ta eigarskap over ticsa: Han tok artistnamnet Tix og gjorde ei hemming om til ein styrke.
Tix er faktisk ikkje åleine om denne bodskapen. I USA har den unge forfattaren Ryan Holiday hatt stor suksess med The Obstacle Is the Way (Hindringa er vegen). Holiday er påverka av den klassiske retninga stoisismen, som lærer oss å gjera det negative om til noko positivt. Denne bodskapen er viktigare i dag enn nokosinne.
Mental helse
Bakteppe for utspelet til Tix er mental helse og psykiske plager. Det er eit tema som alle som jobbar med ungdom, ikkje minst i skulen, kjenner godt til. Vi lever eit samfunn der kropps- og prestasjonspress er unormalt stort. Grunnen er reklame, TV, film og ikkje minst sosiale medium. Rosabloggar og «påverkarar» har stor makt.
Ein interessant kommentator som fylgjer med på denne kulturen, er lektor og forfattar Jørg Arne Jørgensen, som skriv fast for Stavanger Aftenblad. «Om jeg kan tenne en gnist, vekke interesse for noe utenfor en selv – litteratur, politikk, verden, hva som helst – har jeg gjort jobben min», skreiv han i 2019.
Andre tyr til andre strategiar, som å «snakke ut om plagene». Det nye tverrfaglege temaet i skulen er «livsmeistring». Vi ser det same i fjernsynet òg, der det kjem stadig fleire program om kropp og helse hjå ungdom.
Tix tilbyd ein eigen vri på problemet – i staden for å snakke ut om psykiske vanskar vel å han å snu alt på hovudet: Tics er ikkje eit problem, det er tvert imot vegen til suksess!
Den klassiske livsroa
«Livsmeistring» og psykisk helse er slett ikkje tema som er typiske for vår tid. Alt dei gamle romarane grunda over prestasjonspress, mobbing og tunge kjensler. Svaret deira var stoisismen. Enkelt fortalt handlar stoisismen om leva urørt av ytre omstende som fattigdom, perfeksjonisme og sjukdom. Ein stoikar er ein person som tek tinga som dei kjem, roleg og upåverka – han har apatheia, sinnsro, som leveregel.
Amerikanaren Ryan Holiday – i dag 34 år gamal – meiner denne teorien høver perfekt for vår tid. Det var keisar Marcus Aurelius’ kjende verk, Meditasjonar (tittel på norsk omsetjing: Til meg selv), som sette han på sporet. Aurelius inspirerte han til å skrive The Obstacle Is the Way i 2014. Boka er seld i meir enn 240.000 eksemplar. Ho var enno på toppen på Wall Street Journal Bestseller List i 2019. Sidan har han gjeve ut bøkene Ego Is the Enemy (Ego er fienden) (2016) og Stillness Is the Key (Stilla er nykelen) (2019).
I The Obstacle Is the Way viser Holiday døme frå vår tid på personar som har gjort ulukke til lukke, ulempe til fordel. Eit døme er Arnold Schwarzenegger. Fyrst mislukkast austerrikaren i filmverda på grunn av den dårlege engelskuttalen sin. Men så forstod han at aksenten kunne vera ein styrke. Han la vekt på aksenten og gjorde det om til eit varemerke. Han opplevde òg andre hindringar som han vann over, som dødsfallet til bror sin. Schwarzenegger er, som vi veit, i dag ikkje berre kjend som skodespelar, men òg som tidlegare guvernør i California.
Kul som Oskeladden
Apatheia – «apati», det er vel ikkje nett den kjensla Tix utstrålar. Men Ryan Holiday viser korleis vi skal omsetja det greske omgrepet apatheia til vår tids språkbruk. I dag tyder det beint fram «kul» – altså vår norske staving av det engelske lånordet cool, «kjølig». Ei stoisk haldning baserer seg både på den nye og på den gamle tydinga av ordet. Når du er avslappa og «kul», har du også eit kjølig og distansert tilhøve til negative kjensler og tankar.
Det er sjølvsagt ikkje berre berre å gjera eit lyte om til noko positivt. Tix er sjølv eit godt døme på det. Han går med briller for å gøyme ukontrollert blinking med augo, men samtidig har han valt å ta tyren ved horna og lansere syndromet som sjølve artistidentiteten sin. Det krev mot å gjera det, og ein må finne sin eigen strategi og måte å gjera det truverdig på. Ein treng sjølvsagt ikkje gjera ei hemming til ei merkevare, det kan vera nok å vise ho utan å skjemme seg.
Tix sa til NRK denne veka at han vann trass alle kritikarar som har dømd musikken hans nord og ned. Han jamførte seg så med David som kjempa mot Goliat, og med Oskeladden. Litt vel svulstige ord, kanskje. Men det interessante er at David lukkast nettopp ved å halde på sinnsroa då han stod andlet til andlet med Goliat. Det same gjeld vår kjære Oskeladden. Den store motsetnaden mellom Oskeladden og brørne hans, Per og Pål, er at fyrstnemnde held seg kjølig og rasjonell gjennom alle prøvingar, medan dei sistnemnde lèt seg rive med av destruktive kjensler, som dumskap og arroganse. Både David og Oskeladden er sanne stoikarar.
Det er nok somme som meiner at låten til Tix ikkje når opp i internasjonal Melodi Grand Prix. Men Grand Prix handlar ikkje berre om musikk, det handlar meir og meir om konseptet kring musikken, og historiene som blir fortalde gjennom musikken. Dersom Tix òg får høve til å fortelja historia si, skulle han ha ein sjanse.
Ronny Spaans er fyrsteamanuensis ved Nord universitet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tics er ikkje eit problem, det er tvert imot vegen til suksess.
Fleire artiklar
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?