JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Krigens røyndom

Det store dilemmaet i rettssaka mot IS-kvinna er følgjande: Korleis skal domstolane våre forvalte krigen i Syria frå eit av dei fredelegaste hjørna på jorda?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Røyk stig opp frå amerikanske bombemål i Kobane i Syria 17. november 2014. IS-krigarar hadde då i meir enn to månader og med store tap freista å erobre byen frå kurdiske styrkar.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

12053
20210326

Saka mot IS-kvinna

Ei 30 år gammal kvinne er tiltalt for å ha delteke i terrororganisasjonen IS.

Ho passa borna sine og stelte heimen til dei tre ektemennene sine og la på det viset til rette for at dei kunne slåst for IS.

Ho kom til Syria i 2013 og oppheldt seg i IS-kontrollerte område heilt til ho vart plassert i ein interneringsleir av kurdiske styrkar i mars 2019.

Kvinna kom attende til Noreg i januar 2020.

Cecilie Hellestveit følgjer rettssaka i Oslo tingrett for Dag og Tid.

Kommentar

Denne veka har vi høyrt dei avsluttande prosedyrane i saka mot IS-kvinna som drog til Syria og enda som IS-brud i kalifatet. Det er ikkje usemje om kvinna gjorde det ho er skulda for. Spørsmålet er om Noreg skal straffe kvinner for heimlege syslar som husstell og barnepass når det skjer som del av terrorprosjektet til IS. Det er òg spørsmål om kvinna hadde det nødvendige forsettet, altså om kvinna ønskte å vere med på det ho gjorde.

Staten hevdar at kvinna visste kva ho var med på då ho drog til krigen i Syria i 2013. Staten legg òg vekt på at ho i ei årrekkje verka som sengepartnar, mor og husmor for ulike menn som hadde sentrale roller i IS. Påtalemakta meiner at kvinna bør dømmast til fire års fengsel for «deltaking i terrorrørsle».

Forsvaret meiner at ho ikkje kunne vite kva som venta henne då ho drog, og at syslane ikkje kan straffast som «deltaking» fordi ho var i ein tvangssituasjon i kalifatet. Forsvaret hevdar òg at kvinna ikkje kan straffast fordi ho sjølv var eit offer for menneskehandel.

Staten og forsvaret er einige om dei store rammene for straffebodet i straffelova paragraf 136a om «deltaking i terrorrørsle». Aktive bidrag til å halde oppe rørsla skal straffast. Passiv medlemskap skal ikkje straffast. Men kvar fell husmora sitt lodd?

I den avsluttande prosedyren la påtalemakta vekt på handlingane til kvinna. Dei daglege syslane medverka til at andre kunne gjere noko som var strengt forbode. Fordi kvinnene verka oppmodande og la til rette for dei aktive bidraga til ektemennene, har også handlingane til kvinna medverka i den grad at det kan kallast deltaking. Dette er ikkje heilt i tråd med den vanlege medverknadstankegangen i norsk strafferett.

Oppvasken må takast, men det vert ikkje medverknad til alvorleg kriminalitet av den grunn. Årsaka til at medverknadsansvaret strekkjer seg så langt for deltaking i ei terrorørsle i Syria, er at dette handlar om noko anna enn vår fredelege norske røyndom. Det er krigens logikk som rår i Oslo tingrett.

Det er her elefanten i rommet ruvar. Den amerikanske juristen Noah Feldmann formulerte problemet etter dei skakande terroråtaka mot USA i 2001. Då vart sivile fly omgjorde til missil, og nær 3000 døydde på ein føremiddag. Var det kriminalitet eller var det krig? Feldmanns svar var at «det var kriminalitet med omsyn til opphav, krig med omsyn til intensjon, truleg kriminalitet i sin karakter og ganske sikkert krig i omfang».

Her står også terrordeltakinga i Oslo tingrett. Ein fot står i verda til kriminalitetsnedkjemping og rettshandheving, og ein fot står i krigsrøyndomen.

Den viktigaste skilnaden mellom krig og fred er at i krigen svinn individet bort og kollektivet tek overhand. Kva du eigentleg ønskjer og tykkjer, kva du er tvinga til, eller kven du støttar inst inne, er underordna. Det er kva slags kollektiv du tilhøyrer, eller vert oppfatta som del av, og kva rolle du har i dette kollektivet, som kjem i framgrunnen.

Dei fleste terrorrørsler i våre dagar er samstundes væpna grupper som er partar i væpna konfliktar. Straffebodet «deltaking i terrorrørsle» vart innført i 2013, og terminologien stammar delvis frå krigen og humanitærretten. Begge rørslene som mannen til kvinna slost for, Nusra-fronten og IS, var væpna grupper som samstundes var partar i pågåande væpna konfliktar på syrisk og irakisk jord. I væpna konflikt kan ein som «deltek direkte i strid», skytast med overlegg. Er han deltakar i ei terrorrørsle og har ei militær rolle, vil han vere eit militært mål.

Etter at USA i 2001 lanserte ein global krig mot terror og «Al Qaida og assosierte krefter», vart det stor usemje internasjonalt om kvar dei ytre rammene for slik direkte deltaking gjekk, altså kven som kunne vere militære mål i «konflikten mellom USA og Al Qaida».

USA stod i spissen for land som argumenterte for at alle som gav «materiell støtte» til ei gruppe (som både var væpna gruppe og terrorrørsle), kunne vere militære mål. Europeiske land var imot og hevda at det ikkje kunne vere tilfellet. Dei som dyrka jorda og skaffa mat til terroristane, dei som laga maten til terroristane, eller dei som skaffa terroristane pengar gjennom å selje ting for terroristane, var i augo til europearane (fiendtlege) sivile som ein ikkje kunne gå til åtak mot.

I Afghanistan var det til dømes stor usemje om kven ein kunne gå til åtak på og «nøytralisere». Amerikanarane meinte at dei som omsette narkotika og gav inntekter til Taliban (som var tidlegare samarbeidspartnar med Al Qaida og følgjeleg del av krigen mot terror), gav materiell støtte til gruppa og derfor var militære mål.

Det som samstundes er klart, er at dei som kan skytast, også kan fengslast. Ved administrativ fengsling er ikkje formålet straff, men å halde dei unna slagmarka. Alternativt kan dei straffast etter alminneleg rettargang. Deltaking på dette nivået gjer at ein er stridande, men sidan ein ikkje har kombattantstatus, har ein ikkje immunitet mot straff for dei valdelege handlingane sine. Ein kan då dømmast for terror dersom staten vil.

Det er dette som er kjernen i deltakaromgrepet i straffelova paragraf 136a som kvinna er tiltala etter. Dei norske framandkrigarane som er dømde etter terrorparagrafen for kampverksemd for IS eller Nusra i Syria, står i kjernen av deltakaromgrepet. Både staten og forsvaret er einige om det.

Det som òg er klart, er at styresmaktene har høve til å straffe ei mykje større gruppe menneske enn dei som kan angripast militært. Ei lang rekkje former for støtte til terrorrørsler kan straffeforfølgjast. Nokre land har vore særs ivrige her. Den store usemja internasjonalt dei siste åra har vore kven som medverkar til terrorrørsler, men som likevel ikkje kan straffast for det, til dømes humanitære aktørar.

Kan lækjarar dømmast for å ha gjeve medisinsk hjelp til ein terrorist? Ja, svarar nokre land. Nei, svarar Noreg. Meir krevjande er humanitære aktørar som driv med opplæring. I Noreg har domstolane så langt vore klare på at humanitære hjelpearbeidarar som er nøytrale, ikkje kan råkast.

Slik er det ikkje alle andre stader. I USA kom høgsterett i 2010 til at den humanitære organisasjonen Humanitarian Law Project var skuldig i «materiell støtte» til terror fordi organisasjonen ville undervise den kurdiske organisasjonen PKK (organisasjonen stod på USAs liste over terrorrørsler).

Undervisninga hadde dreia seg om korleis PKK kunne opptre i tråd med humanitærretten, og korleis organisasjonen kunne fremje menneskerettssaker for den europeiske menneskerettsdomstolen.

Sjølv om dette lett kan sjåast på som opplæring til ikkje lenger å bruke terrorisme som reiskap, vart aktiviteten klassifisert som «materiell støtte til terrororganisasjon» under den amerikanske Patriot Act. Grunngjevinga var at undervisninga gjorde organisasjonen meir effektiv, og frigjorde dermed meir ressursar som kunne nyttast til å fremje det ulovlege formålet (å presse styresmaktene med valdelege midlar).

Sjølv om norske domstolar ligg på ein annan lest, er det denne tankegangen som ligg bak når huslege syslar kvinna dreiv med for ektemenn som slost for kalifatet, kan råkast av deltakaromgrepet i straffelova paragraf 136a. Det ei form for kvalifisert støtte som gjer det enklare å gjennomføre (det politiske) prosjektet. Deltakaromgrepet har ein sterkt kollektiv natur som høyrer til i krigens røyndom.

I Noreg har styresmaktene gjeve breie straffeheimlar for å hindre at nordmenn dreg i krigen på eiga hand. Her er det òg kollektive undertonar. Det er forbode å dra i krigen, og det er forbode å delta i ei terrorrørsle, altså det som normalt vil vere tilfellet når ein ikkje-statleg aktør er krigførande part. Sett samla handlar dei to straffeboda om det same: å setje opp ein mur mellom Noreg og krigar som rasar ute i verda.

Søkjer du sjølv krigen, kan du ikkje seinare skulde på dårleg fantasi, eller at du ikkje visste heilt korleis det var å vere i ei krigssone. Saka mot IS-kvinna viser også dette – medverknadsansvar og orsakingsgrunnar fungerer ikkje som normalt i krigens røyndom. Det er grunnen til at staten har utstyrt seg sjølv med dei vide straffeheimlane i det nye kapittelet i straffelova. Staten ynskjer å halde krigen på avstand.

I den avsluttande prosedyren er det funksjonen IS-kvinna hadde overfor kollektivet IS, som vert trekt fram av påtalemakta. Dei individuelle tilhøva hjå kvinna vert i staden grunnar til å redusere straffeutmålinga. Den vart sett til fire år fordi «de strengeste straffene bør forbeholdes personer med mer aktive og ledende posisjoner».

Forsvaret til IS-kvinna legg derimot vekt på dei individuelle tilhøva. Kvinna drog ikkje ned som brud som skulle giftast bort, men hadde møtt Vasquez i Noreg sommaren 2012. Dei var kjærastar i Noreg før dei drog ned. Forsvaret teiknar biletet av ei privat reise som ikkje primært handlar om krig eller terrorørsler, og legg tungt vekt på kvinnas tvangssituasjon.

Ho var der mot sin vilje og kunne ikkje komme heim. Alle andre Syria-fararar som har vore stilte for retten i Noreg, har vore menn som har kome seg heim på eiga hand. IS-kvinna var den fyrste kvinna som kom ut av Syria. Og ho kom ikkje då ho sjølv ville, men måtte hentast ut av norske styresmakter.

Men forsvaret går lenger. Dei hevdar at det ligg ein annan frifinningsgrunn i saka, nemleg at kvinnas situasjon i kalifatet tilseier at ho var offer for menneskehandel. Ho er då sjølv offer for eit brotsverk og kan ikkje dømmast for dei handlingane som brotsverket har tvinga henne til.

Men igjen kolliderer freden og krigens røyndom. Sjølv om dei objektive vilkåra for menneskehandel truleg er til stades, var Syria ein stad i full krig. Kalifatet var ein tung krigførande aktør. Det som er leitt med krigen, er nettopp dette. Det er gjerne ein tvangssituasjon. Bordet fangar. Tvangsarbeid står til dømes i ei anna stilling i krigen. Rørslefridom det same.

Ytringsfridom er nok ein rett som endrar karakter i krigssituasjon. Det same gjeld retten til liv og fridom. Slik er krigens røyndom. Krigen gjer samfunnet til noko heilt anna enn det vi kjenner hjå oss. Det store dilemmaet i denne saka er dette: Korleis skal domstolane våre forvalte denne krigen frå eit av dei fredelegaste hjørna på jorda?

Medan staten framhevar kvinnas eige frie val om å slutte seg til det kollektive som krigen er, og at det ikkje er klare nok prov på at kvinna søkte seg bort, freistar forsvaret å bryte opp denne kollektive tankegangen. Det manglande forsettet hos akkurat denne kvinna gjer at ho ikkje kan dømmast, fordi ho var i ein tvangssituasjon. I den grad kvinna skal underkastast ein kollektiv tankegang, meiner forsvaret at det er som offer for menneskehandel i regi av IS.

Her ligg no domstolens byrd i saka. Norske styresmakter har utstyrt oss med ein vidare heimel til straffeforfølging av deltaking i krig og terrorrørsler enn folkeretten krev. Samstundes har Noreg òg ein sterkare heimel for å få bukt med menneskehandel enn det som følgjer av folkeretten. No er det opp til domstolen å balansere det lovgjevaren ikkje har gjort.

Cecilie Hellestveit er statsvitar
og jurist med doktorgrad
om borgarkrig og folkerett
og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den viktigaste skilnaden mellom krig og fred er at i krigen svinn individet bort og kollektivet tek overhand.

Søkjer du sjølv krigen, kan du ikkje seinare skulde på dårleg fantasi, eller at du ikkje visste heilt korleis det var å vere i ei krigssone.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis