Knut Ødegård bortdømd
Den famøse nullinga av siste diktsamlinga til Jan Jakob Tønseth (1947–2018) i 2015 er alt gløymd. No er Knut Ødegård bortdømd.
Knut Ødegård i 2006.
Foto: NTB / Knut Herskedal
At den statlege innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur er under press, er ikkje noko nytt. Det har ho vore i meir enn 40 av dei 56 åra ordninga har eksistert.
I byrjinga vart nye romanar og novelle- og diktsamlingar automatisk innkjøpte til folkebiblioteka i tusen eksemplar, men etter at ordninga vart skipa i 1965, auka titteltalet frå forlaga, og i 1978 kom ei forsiktig innstramming. Bøker som vart vurderte som for svake for innkjøp, vart innkjøpte, men den neste boka til forfattaren laut då gjennom ei ekstra vurdering før eit eventuelt innkjøp. Ein fekk gult kort før ein fekk raudt.
Slik var opphavet til den illgjetne «nullinga», at bøker ikkje vert funne gode nok til bibliotekinnkjøp. Eg hugsar framleis det orienterande brevet frå Kulturrådet for 43 år sidan, då eg gav ut den andre diktsamlinga mi. Ikkje at det råka meg. Ei nulling opplevde eg ikkje før med den ellevte samlinga, i 2012, då praksisen hadde vorte langt meir omfattande og direkte enn i 1978.
Men i 2012 tok Kulturrådet seg framleis råd til å halda seg med eit breiare samansett ankeutval på fem personar. Dei sette til sides avgjerda i det smalare samansette lyrikkutvalet på tre personar, og boka vart innkjøpt.
Sterke barndomsdikt
No er ankeutvalet nedlagt, og ei nulling lèt seg ikkje overprøva. Feilvurderingane til det smale fagutvalet vert uopprettelege. I 2015 råka det den formsikre lyrikaren Jan Jakob Tønseth (1947–2018), då han gav ut det som synte seg å vera den siste samlinga, Muntre dødsdikt og andre dikt, skrive om og med ein døyeleg kreftsjukdom.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.