JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Jolekrenk

Året 2020 vart året då skuldingar om krenking sat endå lausare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5576
20201224
5576
20201224

Verda er i ferd med å verte vekt, eller woke, som det heiter i dag. Den nye vekkingsrørsla gjer oss merksame på syndene våre, slik at vi kan reinske dei vekk frå fortid og notid og leve i fellesskapen av reine menneske. Synda heiter krenking, og ein vanleg måte å krenke på, er kulturell appropriering – å tileigne seg kulturen til andre folk, gjerne minoritetar.

Vi kjende ikkje omgrepet for ti år sidan, men no har det festa seg som ein diagnose på ein sjukdom i samfunnet, noko som skal vekk. I haust har vi reinska vekk samar frå Joika-boksen, eskimoar – orsak, inuittar – frå Diplom-isen og indianarhøvdingar frå Hattings pølsebrødpose. Medan dette er kuriøse anakronismar, vart det meir alvorleg då komikaren Espen Eckbo valde å avlive figuren Ernst-Øyvind, ein kristiansandar med afrikansk opphav (vart det korrekt?), etter skuldingar om rasisme. Den nye rørsla er utan nåde. Eksempla er mange, og nye skuldingar dukkar stadig opp. Kor skal det ende?

Nytt tenkesett

Kva inneber det nye tenkesettet, kva er denne vekkinga som heimsøker verda?

Eit opplagt poeng er at det er eit nytt tankesett. Det vert tydeleg ved eit lite blikk i spegelen. For den største kulturelle approprieringa av alle må vere jolefeiringa me sit midt oppe i no. Éin ting er det heidenske joleblotet som vart kristna i norrøn tid. Det høyrde til ein kultur som vart heilt utradert, slik at det ikkje er mange igjen som kan verte krenkte av det.

Ein annan ting er korleis den kristne jola freidig nyttar jødiske førestillingar til eige bruk. Heile poenget med historia og religionen til jødane er ifølgje dei kristne at Jesus var Messias som jødane venta på, og som profetane hadde lova. No var jo både Jesus og dei fyrste kristne sjølve jødar, og romarane tolka dei som ei jødisk sekt.

Men snart voks den kristne kyrkja ut av jødedomen. Og medan jødane vart ein minoritet, gjekk den kristne kyrkja i tospann med keisarar og kongar og la under seg store delar av verda. Jødane, som ikkje trudde på Jesus som Messias, vart skulda for å vere forblinda, forstokka og forherda, medan dei kristne brukte den jødiske arven til å byggje sin eigen identitet.

Dei heilage tekstane, tolkingane, rituala, prestekleda, verdsbildet, historieforståinga – alt byggjer på jødisk historie og tradisjon. Kanskje kan det samanliknast med ein invasjon av eit land, der det opphavlege folket vert sett i eit reservat. Jødane hamna i gettoar.

Kven eig kulturen?

Dersom nokon arrangerer ein konkurranse i kulturell appropriasjon, vil den kristne kyrkja og vår eigen kultur vinne suverent. Samstundes syner denne historia at det ikkje er så enkelt som den nye vekkingsrørsla vil ha det til. For om det er slik at nær sagt heile fortida må fordømmast, inneber det at kulturell appropriasjon ikkje er det mest nyanserte perspektivet.

Då kan me heller spørje kva det eigentleg freistar å gje svar på. Og her handlar det underliggjande spørsmålet om kva kultur og menneskeleg fellesskap er. Viss det nærast over natta vert forbode å kle seg i klede frå andre kulturar, slik til dømes Siv Jensen fekk erfare då ho troppa opp i månestrålekostymet sitt, handlar det snarare om at forståinga av kultur har endra seg, enn at kleda er feil.

Kven eig kulturen? I den klassiske forståinga av kultur, den som bygde Europa, handla det om å streve etter bløming og ljos, ikkje om å klamre seg fast i eigne kulturelle uttrykk. Ulike kulturar blømde til ulike tider, og ljoset – som ikkje var identisk med kulturen – flytta seg frå Mesopotamia, til Hellas, til Rom, til Jerusalem og til det kristne Europa.

Eit slikt syn på kulturen legitimerte også å sjå ned på andre folkeslag og bringe ljoset ut til dei som framleis levde i mørke, og er ikkje gangbart i dag. No handlar det om anerkjenning av kulturelt mangfald og forståing av kulturell identitet som ei personleg erfaring med ein personleg eigarskap. I dette tenkesettet heiter alternativet til anerkjenning krenking. Også det er ei personleg erfaring der den som vert krenkt, har definisjonsretten åleine.

Menneskeverd

Dei fleste som følgjer med i debatten, til dømes om Eckbos framstilling Ernst-Øyvind, er samde om at identitetspolitikken er på ville vegar i USA, men usamde om kor langt dette har kome i Noreg. Eg trur vi kan sjå til skulen og opplæringslova for å tolke teikna. I skulen er anerkjenning det sentrale omgrepet, og med den nye krenkingsparagrafen (paragraf 9a), der det å verte krenkt er ein subjektiv erfaring, kjem retten til å kjenne seg krenkt inn med morsmjølka i neste generasjon. Då vert det vi ser no, berre er ein forsmak på det vi kan vente.

Vi kan leve utan samar på Joika-kakene og inuittar på Diplom-isen, men vi kan ikkje byggje eit samfunn, eit fellesskap, på skilde identitetar som ikkje kan forstå kvarandre. Løysinga må vere å halde fast på ei sams forståing av det verdet mennesket har felles. Medan identitetspolitikken er i ferd med å splitte samfunnet, er joleevangeliet ein aktuell kontrast.

Bodskapen er at ljoset kom til verda og lyste for alle menneske. Det vart oppsøkt av fattige hyrdar, rike kongar og langvegsfarande vismenn. Poenget er at verdet, som ljoset, vart gjeve utanfrå. Det er ikkje noko som står og fell med kvart einskilt individ og kvar unike identitet.

Eivor Andersen Oftestad

Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dersom nokon arrangerer ein konkurranse i kulturell appropriasjon, vil den kristne kyrkja og vår eigen kultur vinne suverent.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis