Iran – eit diktatur med suksess
Å demma opp det iranske presteregimet ser ut til å vera naudsynt og fornuftig. Også Noreg bør spela ei rolle her.
Sidan etableringa av Den islamske republikken Iran for 40 år sidan har dei vestlege landa aldri vore einige om kva politikk ein bør føra. Tydeleg blei det demonstrert under G7-toppmøtet i Frankrike sist helg: Den franske presidenten Emmanuel Macron fekk – utanfor dagsordenen – den iranske utanriksministeren Mohammad Javad Zarif til å koma til møtestaden Biarritz.
Målet for Macron var tydelegvis å få til eit toppmøte mellom president Donald Trump og den iranske presidenten Hassan Rouhani. Gjennom nokre dagar såg det då også ut til å lukkast. Trump trudde vel han skulle få like mykje publisitet som det han fekk då han møtte diktatoren Kim Jong-un frå Nord-Korea. Iranarane trudde kanskje at dei ville få til ei oppmjuking av dei amerikanske sanksjonane mot landet – som heilt klart har ein negativ innverknad på den iranske økonomien.
Berre nokre dagar før han landa i Biarritz, kom utanriksminister Zarif til Oslo. Der blei han motteken av utanrikskomiteen på Stortinget. Leiaren for komiteen, Anniken Huitfeldt frå Arpeidarpartiet, helsa på ministeren på korrekt islamsk vis ved ikkje å rekkja fram handa til velkomst. Dette var sjølvsagt ikkje viktig, men det symboliserer likevel éin ting: Vestlege leiarar tilpassar seg når dei har omgang med det fundamentalistiske presteregimet i Teheran.
Slik har det vore i mesteparten av dei 40 åra presteregimet har eksistert. Dei europeiske demokratia seier seg leie for brota på menneskerettane i Iran, at kvinner blir systematisk diskriminerte og at personar som har «gjort opprør mot Allah» blir hengde frå heisekranar mens store folkemengder ser på. Men samstundes som europearane protesterer, er det viktig at ein får kjøpt og selt så mykje som mogleg. Ikkje minst har franske kapitalinteresser gjennom mange år tent store pengar på lisensframstilling av Peugeot og Renault i Iran.
Lysta til å tena pengar i Iran og andre stader i Midtausten har frå vestleg side i fleire tiår vore kombinert med fåkunne og toskeskap. Høgdepunktet var under den amerikanske invasjonen i Irak i 2003. Den etter forholda stabile diktaturstaten Irak blei øydelagd. Grunnen blei lagd for framveksten av IS. I neste omgang la dei amerikanske strategane vegen open for at Iran fekk avgjerande innverknad på utviklinga i Irak, ein stat med eit fleirtal sjiamuslimar.
Hjelpte skurkeregimet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.