Ikkje utan grunn
VG utelèt den delen av koranverset som peikar på mogeleg motiv og moral attom drapa på Maren og Louisa.
Med blikket vårt var Maren og Louisa uskuldige og åtaket «meningsløst», slik statsminister Erna Solberg kommenterte det.
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
Når VG siterer heilage skrifter mot årsslutt, då er det jol – eller terror. 20. desember galdt det ikkje Lukas’ lovnad om fred, men eit av yndlingsversa mine i Koranen, sure 5:32.
Reportasjen handla om det tragiske dobbeltdrapet på Maren Ueland og Louisa Vestager Jespersen i Marokko, og opna slik: «MARRAKECH (VG) ’Om du dreper et menneske (...) er det som å drepe hele menneskeheten’. Dette koran-verset siterer broren til en av mennene som er mistenkt for dobbeltdrapet i Atlas-fjellene.»
Unnatak
Verset fordømer drap, men hakeparentesen fortel at noko er utelate. Kva? Er det relevant i samanhengen? Og kven har kutta i Koranen, VG-journalisten eller marokkanaren? Marokkanaren vart intervjua av Kifache TV i Marokko, og VG siterte frå intervjuet, mellom anna 5:32.
Eg har fått tre uavhengige omsetjingar av det han sa: «Om du drep eit menneske utan grunn (mi utheving), er det som å drepa heile menneskeslekta.» Han nytta ein kortversjon av verset som liknar den vanlegaste: «Om du drep ein uskuldig (mi utheving), er det som å drepa heile menneskeslekta.»
VG har ikkje berre kutta i den opphavlege Koran-teksten, men òg i kortversjonen avisa siterer. Verset forbyd drap, men inneheld somme unnatak frå forbodet, særskilde grunnar som kan legitimera drap, ein slag licence to kill.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.