G20 dansar framleis etter USAs pipe
Land må velje side i uavgjortkampen mellom Kina og USA. Det er eit lett val.
G20 set til livs mange fine middagar, men gjer ikkje framsteg, skriv Niall Ferguson.
Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB scanpix
Under Wien-kongressen i 1815 dansa delagatane nesten like mykje som dei forhandla. Som den belgiske Prince de Ligne uttrykte det: «Kongressen dansar mykje, men gjer ingen framsteg.» Dansinga var ein distraksjon. Det som betydde noko, var at monarkane i Europa – eller rettare sagt ministrane deira – etablerte ein ny orden i Europa. Etter kaoset i den franske revolusjonen og det kortliva og uregjerlige keisardømmet til Napoleon gjekk fem stormakter saman om å avgrense trugsmåla mot monarki og aristokrati frå liberalisme og nasjonalisme.
Dette var ikkje ein perfekt orden, men i Europa gjorde han det 19. hundreåret ein god del fredelegare enn det 17., 18. og 20. I røynda gjorde kongressen framsteg.
Noko tilsvarande kan ein seie om det seinaste møtet mellom presidentar, statsministrar og sentralbanksjefar i Buenos Aires: G20 set til livs mange fine middagar, men gjer ikkje framsteg. Men faktisk har det lite å seie om Donald Trump gjenoppliva kameratskapen med Xi Jinping førre laurdag eller om han tømde ein suppebolle over hovudet på han. Det verkelege spørsmålet er: Kjem G20 til å endre maktbalansen i verda?
Kritikarane av Trump svarar på ståande fot. I eit førehandsåtak hevda min gamle ven Fareed Zakaria for eit par veker sidan at toppmøtet ville vere eit «toppunkt for USA». Han skreiv: «Det er ikkje noko som er meir oppkvikkande for Trump-administrasjonen enn å opponere mot alle slag multilateralisme. Og så, etter kvart som verda vert meir kaotisk, forvitrar kreftene som kunne syte for orden. Og slik tilfellet så ofte er, sit Kina berre roleg og kikar på, og innkasserer vinstane.»
Som eg har skrive tidlegare, er vi visseleg forbi toppunktet til Trump. Men toppunktet til USA?
Lat oss minne oss sjølve om når og kvar den «G»-greia byrja. Det var for 45 år sidan – 25. mars 1973 – at den amerikanske finansministeren George Schultz møtte kollegaene sine frå Storbritannia, Frankrike og Vest-Tyskland i biblioteket i Det kvite huset. Gruppa inkluderte Japan, og kort tid etter Italia, i 1975, da to av dei opphavlege deltakarane (Helmut Schmidt og Valéry Giscard d’Estaing) var regjeringssjefar. I 1976 kom Canada til, og G7 var eit faktum.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.