JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Fritt fram i leikestova

Kvinnerørsla, homorørsla og kampen mot rasisme er no prega av urimelege krav.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pierre Webo frå Istanbul-laget diskuterer med den rumenske dommaren Sebastian Colescu i meisterligakampen mot Paris Saint-Germain 8. desember i fjor.

Foto: David Niviere / Abaca / NTB

9577
20210226
9577
20210226

KOMMENTAR

redaksjonen@dagogtid.no

I dei gamle kommunistdiktatura visste folk at dei måtte lyga om dei skulle ha framgang i samfunnet. Det meste som kunne seiast offentleg, var statsautorisert lygn. Folk kunne hamna i fengsel av å seia det dei sjølve såg eller tenkte.

Me er på veg inn i liknande tilstandar i den vestlege verda, særleg i dei nordiske og angloamerikanske landa. Rett nok hamnar me ikkje i fengsel for å seia det me ser eller tenkjer, men den gamle gapestokken spøkjer i horisonten, og statuar av menn som sa eller gjorde noko som ut frå moderne dogme er politisk ukorrekt, er alt vortne velta. Det kan koma bokbål rundt neste sving, for fanatismen tykkjest like glødande som i den gamle kjettar- og heksejakta. Ein fotballkamp på høgste nivå vart nyleg stansa i Paris av di ein domar sa om ein svart mann at han var svart.

Dei fyrste statsautoriserte lygnene her til lands opplevde eg under abortkampen. Det gjaldt til dømes utsegna om at fosteret er ein del av kvinnekroppen, endå me alle veit at det til og med kan ha ein annan blodtype enn mora. Men for at ikkje dei abortsøkjande kvinnene skulle kjenna seg krenkte, låg det eit forbod i lufta mot å seia det sjølvsagde. Me fekk eit «nyspråk» som ikkje skulle uttrykkja røynda, men kamuflera henne, og me er etter kvart vortne vane med å leika at ho ikkje er det ho er. Samfunnet liknar meir og meir ei leikestove der dei vaksne har abdisert.

Politikarane er med på leiken: Når dei senkar nivået i skulen, kallar dei det «kunnskapsløft», når dei legg ned lensmannskontor kring i landet, heiter det «nærpolitireforma». Men leiken er ikkje av heilt ny dato: Alt i 1955 kom forslaget om å kalla gamleheimane «aldersheimar». Dei vanføre vart fyrst «handikappa» og deretter «funksjonshemma», men sidan «hemma» er eit ord som skurrar i leikestova, er dei i Sverige no vortne «funktionsvarierade». Var eg «halt», ville det ordet vera namnet på mi røynd; å kalla meg «hemma» ville vera å definera meg ut frå dei som ikkje haltar. Som gråhærd syttiåring er eg ikkje berre «eldre» enn dei unge – eg er stolt av å kalla meg ein gamal mann. Det ligg fridom i å seia tinga som dei er. Og det gildaste er at då snakkar me sant.

Etter at kvinnesaka har vunne fram på alle frontar, skulle ein tru at feministane ville vera nøgde og falla til ro. Feminismen er nærast vorten opphøgd til statsideologi, og kvar einaste dagsrevy er som ei folkeoppseding i feministisk ortodoksi. Etter at den sokalla metoo-rørsla fekk vind i segla, har dei mest ytterleggåande feministane teke over definisjonsmakta. Rett nok har rørsla hatt gode grunnar til å peika på ei framferd mot kvinner som ikkje kan godtakast i siviliserte samfunn, men som so mange gode saker, har ogso denne vakse ut over alle rimelege proporsjonar.

Det finst døme på at statsrådar og professorar har måtta gå frå stillinga si av di dei for femten år sidan tok ei kvinne på kneet. Det kan stundom verka som kvinnene er ute etter hemn, og sjølv om dei fleste av kvinnekjønn framleis likar menn og er framande for dei skræmebileta som vert teikna av mannen, gjev media oss ikkje sjeldan inntrykk av at mannehatarane har heile sanninga på si side. Det har skapt inflasjon i statsautorisert lygn og «nyspråk» i leikestova, og me saknar vaksne folk som set foten ned og tek til motmæle. På venstresida finst det til og med menn som lograr masokistisk, men elles har mannfolk flest ikkje anna våpen enn togna.

Fyrste bod i leikestova er at røynda skal vera ukjønna. Naturen er like uvelkomen som Gud, men sidan naturen ikkje er usynleg, og gutar framleis ser ut som gutar og jenter som jenter, er han ikkje like lett å avskriva. Han lyt difor omskrivast. Det trengst eit maktapparat som er sterkt nok til å nekta oss å seia det me ser. Dimed står kampen om språket, der orda kan gjera usynleg det som i naturen er openbert. Det er alt skrive barnebøker der lesaren ikkje veit om hovudpersonen er gut eller jente.

Den underliggjande lygna, som no etter kvart får status som statsautorisert sanning, er at kjønn berre er ein sosial fordom, eit irrelevant skilje mellom menneske. Etter at likestillingsrørsla for lenge sidan har oppnådd like rettar for kvinne og mann, er kravet no at dei skal vera like. Det er berre mogleg om dei vert avkjønna.

I naturen er ikkje likskapen mellom kvinne og mann det grunnleggjande, men ulikskapen: Det er den det vert born av. Den ulikskapen som kjem klårast til uttrykk i kjønnsorgana, gjennomsyrer heile personlegdomen, både fysisk og psykisk. Ein mann som ikkje får vera mann med heile seg – og det same gjeld kvinna – kan ikkje leva eit fullverdig menneskeliv. Det at gutane no er taparane i skuleverket, kjem nok ikkje minst av at dei har ein instinktiv mothug mot at det meste er på kvinners premissar – det er i alle høve slik dei opplever det. Ein gut treng å «mannast opp» om han skal utvikla seg til ein god og trygg mann, og det får han no til dags lite hjelp til på skulen. Tvert imot: Alt i barnehagen er det den ukjønna ideologien som gjeld.

Då Audun Lysbakken frå SV var «familieminister», lanserte han eit forsøksopplegg der gutar og jenter skulle byta roller og handsamast som motsett kjønn. «Mild tvang» var autorisert når gutar nekta å ha på seg jenteklede. Kaj Skagen skreiv ein sjokkerande artikkel om opplegget i denne avisa, men elles var det visst ingen som heva røysta mot å gjera born til prøvekaninar for ein naturstridig og steril ideologi. Det å vilja gjera slike forsøk med å hindra dei i å leva og leika ut frå eige kjønn kan sjølv i leikestova ikkje kallast anna enn overgrep.

Homorørsla må ta sin del av skulda for den barbariseringa av språket me no opplever. Mykje stygt har vore sagt om homoseksuelle gjennom tidene, ikkje minst frå kyrkjeleg hald, og det er gledeleg at til og med paven no har sendt andre signal ut i verda. Å seia at homoseksualitet er «mot naturen», slik det er blitt sagt gjennom hundreåra, er sjølvsagt ei mistyding, for ingen ting av det som finst i naturen, kan vera mot naturen. Det er ein del av naturen. Derimot veit eg av eiga røynsle at sølibatet er mot naturen, men det er eg for gamal til å gjera noko med, anten det gjeld ekteskap eller partnarskap. Eg deler likevel det gamle synet på ekteskapet som ein avlsinstitusjon der målet er å føra slekta vidare. Der dette i utgangspunktet er utelukka, kan det so langt eg ser, ikkje vera tale om ekteskap.

Dette meinte alle, ogso dei homoseksuelle, heilt til nyleg, men no er synspunktet erklært avleggs, til og med av lutherske biskopar. Alt i barnehagen lærer borna at mor og far like gjerne kan vera to kvinner eller to menn, som ei kvinne og ein mann. I den ukjønna nyspråklege røynda har dette sjølvsagt sin logikk, men dei fleste treng ikkje tenkja seg lenge om for å skjøna at det er gale, og at me har å gjera med nok ei statsautorisert lygn i leikestova.

Rasisme bør ikkje ha borgarrett i noko samfunn, men ingen vert hjelpte ved at me i leikestova lukkar augo for at det i verda finst fleire rasar, og at menneske kan vera av ulik farge. «Inni er dei like», song me på skulen i ein song som no visstnok er forboden. Songen hadde truleg sanninga på si side, men at det ikkje finst rasar, er ei statsautorisert lygn. Dei som er svarte eller gule, er av andre rasar enn me som er kvite – eller lyseraude. Kampen mot rasisme kjem ikkje utanfor leikestova om me lukkar augo for den fargesprakande røynda. Eg kan aldri bli ven med ein svart mann om eg skal leika at han ikkje er svart. Det er ikkje rasisme å sjå at me er ulike, også i huda. Rasisme er å gjera skil på folk etter rase.

Kvinnerørsla, homorørsla og kampen mot rasisme var i utgangspunktet ein kamp mot undertrykking og diskriminering. I eit demokratisk samfunn var det nærast sjølvsagt at fleirtalet ville støtta ein slik kamp, og slik gjekk det ogso. Men so skjedde det noko som eg ikkje finn anna namn på enn ei «radikalisering». I rørslene kom det òg inn eit slags agg og ei hemnlyst med urimelege krav om at heile storsamfunnet skulle innrettast etter deira diktat. Sidan dei ikkje spela på lag med sjølve røynda, vart resultatet den totalitære og naturstridige leikestova dei no vil tvinga oss alle inn i.

For oss som kjenner oss heime i den verda dei gjer opprør mot, verkar leikestova deira som eit galehus. Det heile kan til tider minna om Maos barbariske «kulturrevolusjon», der gapestokken spela ei hovudrolle. Kinesarane knuste sitt gamle porselen, lét dei fleste minne om ei stor fortid gå tapt og enda som eit lett bytte for den totalitære kapitalismen dei i utgangspunktet ville fri seg frå. Kina vart eit galehus i Maos siste år, men sidan landet var eit diktatur, var det nok at det kom ein vaksen mann og rydda opp.

Til oss kjem det ingen Deng; me må kvar for oss venda galskapen ryggen, koma oss ut or leikestova og finna vegen heim til det språket som er liv laga, og der ord som «tilgjeving» og «forsoning» lyser som lykter i nyspråkmørket.

Nigra sum, sed formosa, seier kvinna i Høgsongen: «Eg er svart, men vakker.» No er verda so galen at hadde domaren i Paris sagt «den melaninrike» i staden for «den svarte», ville fotballkampen halde fram. Men det greske ordet kan berre brukast so lenge folket i leikestova ikkje skjønar at det tyder «svart».

Kjell Arild Pollestad er forfattar, omsetjar, katolsk prest i unåde og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det ligg fridom i å seia tinga som dei er. Og det gildaste er at då snakkar me sant.

Ingen ting av det som finst i naturen, kan vera mot naturen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Statsminister Jonas Gahr Støre avsluttar Kina-vitjinga i fjor i Shanghai, den største byen i landet og den travlaste hamna i verda.

Foto: Heiko Junge / NTB

UtanriksSamfunn

Noreg skal vera det mest demokratiske landet i verda, men ignorerer Asias fremste og samstundes mest truga demokrati

HalvorEifring

Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet måndag denne veka.

Foto: Dag og Tid

KommentarSamfunn

Venstre­­populisme på norsk

Ap bør skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre.

Rune Slagstad

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis