Framstegspartiet er ein komedie

Siv Jensen er fange i Finansdepartementet. Det kler ikkje eit protestparti å vera systemforsvarar.

Finansminister Siv Jensen då ho la fram meldinga om Statens pensjonsfond 2019.
Finansminister Siv Jensen då ho la fram meldinga om Statens pensjonsfond 2019.
Publisert

Frp er ikkje lenger ein kode som den Magnus Marsdal og Martin Kolberg jakta på for å finna løyndomen bak suksessen til Framstegspartiet; det er ein komedie. Éin måte å sjå det på, er at farsen blei tragisk då det doble bokhalderiet svikta. Dei kan ikkje lenger vera både innanfor og utanfor. Rabagastane er bytte ut med usynlege vikarar. Partinomenklaturen er nøytralisert i Ernas breie famn.

Det er blitt enkelt å mobba politikarar frå Framstegspartiet. Det dei gjennom åra har gjort mot andre, er det nå lett for andre å gjera mot dei. Partiet som slo seg fram i den politiske og geografiske periferien, er blitt ein del av sentrumseliten. I distrikta er dei som sauer i åvelta for glupske senterpartiulvar. I hovudstaden er samanbrotet spektakulært. Med ein totalt uføreseieleg formann og Carl I. Hagen som sjuande far i hornet, er den gjengen mindre enn dei grøne og revolusjonære og snart like små som bondepartiet frå utkantane.

KONG CARL, heitte den uautoriserte biografien som Jan Ove Ekeberg og Jan Arild Snoen skreiv om Carl I. Hagen. Profet i eget land er Elisabeth Skarsbø Moens historie om partieigaren som var formann i 28 år. Sjølv kalla han dei politiske erindringane sine Ærlighet varer lengst (1984). Memoarane frå 2007 hadde tittelen Ærlig talt. Elskarinne, sekretær og hustru, Eli Engum Hagen, gav same år ut Gift med Carl.

Då Carl var Cæsar og dreiv Framstegpartiet som familieverksemd, galdt denne lova for privat og sosial omgang ved hoffet: For å styra unna mistankar og skuldingar om innynding og favorisering skulle Eli og Carl aldri dansa med andre enn kvarandre på landsmøte og partifestar.

ÆRLeG TALA minner Fram­stegspartiet nå om eit autokratisk, nepotistisk og karismatisk keisardømme i oppløysing. I velmaktsdagane manøvrerte Carl I. Hagen som han ville. Han flørta med kristenfundamentalistar og rasistar, han handplukka lovande kandidatar og fekk dei ekskludert når han frykta for å mista kontrollen. Slik rauk Erik Gjems-Onstad, Jens Marcussen, Fridtjof Frank Gundersen, Jan Simonsen, brørne Danielsen, liberalistane på Dolkesjø og mange fleire. Det nytta ikkje eingong at dei svor evig truskap til Ayn Rand.

Kronprinsar har vore eit kapittel for seg. Det er tradisjon for at dersom påleggskalvar ikkje skikkar seg vel i det moralske eller politiske, blir dei reinska ut, eller dei trekker seg av personlege grunnar for å unngå heksejakt. Til dømes blei Vidar Kleppe, som var nestleiar i 1995–99, skulda for å ha ambisjonar om å overta partiet og føra det inn i ein annan hage. Då fekk Hagen han suspendert for populisme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement