JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Framstegspartiet er ein komedie

Siv Jensen er fange i Finansdepartementet. Det kler ikkje eit protestparti å vera systemforsvarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Finansminister Siv Jensen då ho la fram meldinga om Statens pensjonsfond 2019.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

5385
20190503
5385
20190503

hompland@online.no

Frp er ikkje lenger ein kode som den Magnus Marsdal og Martin Kolberg jakta på for å finna løyndomen bak suksessen til Framstegspartiet; det er ein komedie. Éin måte å sjå det på, er at farsen blei tragisk då det doble bokhalderiet svikta. Dei kan ikkje lenger vera både innanfor og utanfor. Rabagastane er bytte ut med usynlege vikarar. Partinomenklaturen er nøytralisert i Ernas breie famn.

Det er blitt enkelt å mobba politikarar frå Framstegspartiet. Det dei gjennom åra har gjort mot andre, er det nå lett for andre å gjera mot dei. Partiet som slo seg fram i den politiske og geografiske periferien, er blitt ein del av sentrumseliten. I distrikta er dei som sauer i åvelta for glupske senterpartiulvar. I hovudstaden er samanbrotet spektakulært. Med ein totalt uføreseieleg formann og Carl I. Hagen som sjuande far i hornet, er den gjengen mindre enn dei grøne og revolusjonære og snart like små som bondepartiet frå utkantane.

KONG CARL, heitte den uautoriserte biografien som Jan Ove Ekeberg og Jan Arild Snoen skreiv om Carl I. Hagen. Profet i eget land er Elisabeth Skarsbø Moens historie om partieigaren som var formann i 28 år. Sjølv kalla han dei politiske erindringane sine Ærlighet varer lengst (1984). Memoarane frå 2007 hadde tittelen Ærlig talt. Elskarinne, sekretær og hustru, Eli Engum Hagen, gav same år ut Gift med Carl.

Då Carl var Cæsar og dreiv Framstegpartiet som familieverksemd, galdt denne lova for privat og sosial omgang ved hoffet: For å styra unna mistankar og skuldingar om innynding og favorisering skulle Eli og Carl aldri dansa med andre enn kvarandre på landsmøte og partifestar.

ÆRLeG TALA minner Fram­stegspartiet nå om eit autokratisk, nepotistisk og karismatisk keisardømme i oppløysing. I velmaktsdagane manøvrerte Carl I. Hagen som han ville. Han flørta med kristenfundamentalistar og rasistar, han handplukka lovande kandidatar og fekk dei ekskludert når han frykta for å mista kontrollen. Slik rauk Erik Gjems-Onstad, Jens Marcussen, Fridtjof Frank Gundersen, Jan Simonsen, brørne Danielsen, liberalistane på Dolkesjø og mange fleire. Det nytta ikkje eingong at dei svor evig truskap til Ayn Rand.

Kronprinsar har vore eit kapittel for seg. Det er tradisjon for at dersom påleggskalvar ikkje skikkar seg vel i det moralske eller politiske, blir dei reinska ut, eller dei trekker seg av personlege grunnar for å unngå heksejakt. Til dømes blei Vidar Kleppe, som var nestleiar i 1995–99, skulda for å ha ambisjonar om å overta partiet og føra det inn i ein annan hage. Då fekk Hagen han suspendert for populisme.

SLIK ALLMAKT har ikkje Siv Jensen. Etter at Hagen som Moses hadde vandra rundt i den politiske øydemarka med flokken sin i 40 år, var oppgåva hennar å føra partiet inn i den lovande regjeringa. Det klarte ho, men ho blei fanga i Finansdepartementet. Der sit ho og kan ikkje anna enn vera medansvarleg for alle kompromissa med dei små tullepartia.

Når meiningsmålingane fell som ein leirsten og nye bommar senkar seg, hjelper det lite å henta inn att Trollmannen frå Os frå før metoo. Med den joviale Goggen på venteliste B, er tida inne for Sylvi Listhaug. Som ei Jeanne d’Arc skal ho løfta korset og gjera ekskluderande norsk kristendom til partireligion.

RETTINGAR: Me fekk uironisk skryt frå ein emeritert prost for utgreiinga om kyrkjehistorie i påskesideblikket: «Det er dessverre mange teologer som ikke er så bevandret i dette området som du er.» Spaltisten takkar for det – på vegner av Vertinna, som førte ordet.

Men nå blir ho skulda for vranglære frå høgare hald: Ein biskop som er son av ein biskop og har vore redaktør av Luthersk Kirketidende, krev at det må rettast opp at Konstantin gjorde kristendommen til statsreligion i Romarriket. Rimelegvis er det viktig for ein biskop i eit trussamfunn som til nyleg var ei statsstyrt kyrkje, å halda orden på tilhøvet mellom Gud og Keisaren (Matt 22,21). Biskopen viser til Wikipedia, og ein eksegetisk faktasjekk sannar at han har rett.

UNDER KEISAR NERO (37–68) blei kristne brende i Roma, men også i hundreåra etter var dei forfølgde, fordi dei trudde på ei høgare makt enn keisaren. Omskriftet kom i 312 då Konstantin innførte religionsfridom i riket. Han var sterkt påverka av den mangfaldige og legendariske mor si, St. Helena. På ein ekskursjon til Palestina fann ho mange relikviar – mellom anna bitar av Jesu kors, som ho delte i tre: ein tredel la ho i kyrkja ho fekk bygd i Jerusalem, ein tredel tok ho med seg heim til Roma, og ein tredel sende ho til sonen i Konstantinopel.

Keisar Konstantin kalla inn til kyrkjemøtet i Nikea i 325. Han favoriserte kristendommen, men personleg lét han seg ikkje døypa før han låg for døden i 337. Nikensk kristendom som statsreligion var det Theodosius (379–395) som innførte i 392. I hans tid blei hellenistiske tempel øydelagde, og han forbaud olympiske leikar fordi dei følgde heidenske ritual.

Theodosius sloss mot barbarar og førte borgarkrigar, men imperiet gjekk i oppløysing. Han var den siste keisaren som styrte både i aust og vest. Etter hans tid gjekk det katolske Roma og det ortodokse Konstantinopel kvar sin veg.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Carl I. Hagen var Cæsar og styrte partiet sitt som ei familieverksemd.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis