Eventyret om oljestaten sprekk
Rapporten frå Riksrevisjonen om Kielland-ulukka avsluttar ingen diskusjon, men gjev heller ein ny start på forsking.
Beinet på Alexander Kielland-plattforma som rauk av og fekk henne til å tippa rundt og forlise.
Foto: Erik Thorberg / NTB
Kvifor har uvissa vore stor om kva som verkeleg hende med plattforma Alexander L. Kielland (ALK), som gjekk rundt i Nordsjøen på under 20 minutt den 27. mars 1980? Trass i at dette er ei av dei verste ulukkene Noreg har opplevd, med 123 omkomne, har det mest vore tabu å drøfte ulike årsaksforklåringar. 9. mars kom likevel ein omfattande rapport frå Riksrevisjonen, der ein på nytt vurderer den norske statens rolle i hendingane før, under og etter ulukka.
Rapporten tilrår ikkje ny gransking, han har likevel dels teke feste i ny forsking frå dei siste ti åra. Såleis har dei også drøfta materialet frå ei forskargruppe ved Universitetet i Stavanger, leia av Marie Smith-Solbakken. Det har vore eit unikt samarbeid mellom akademikarar og gravejournalistar, dei sistnemnde frå Stavanger Aftenblad. Vitnemåla til overlevande og pårørande frå ALK er endeleg skikkeleg samla og granska.
Sprikande forklåring
Materialet har vist at der må vere sterke sprik i den offisielle forklåringa i den eingong hastig samanskrivne norske rapporten (NOU 1981: 11). Den utpeikte syndebukken var eit verft i Dunkirk, ved nokre sveisarar. Sveisefeilen, usynleg og under vatn på eine beinet i den fembeina (pentagone) plattforma, skal ha ført til så stor slitasje på konstruksjonen at beinet braut saman av metalltrøyttleik utan varsel.
Verftet var ikkje tilfeldig valt for oppdraget i 1976. På norskekysten og især i Rogaland vil mange hugse nemninga CFEM, som står for Compagnie Française d’Entreprises Métalliques, eit familiefirma skipa i 1844. Firmaet har endra namn etter kvart som det har vakse, i 1989 vart namnet Eiffel Construction Mécanique, korta til Eiffage i 2003.
Kva Eiffel har med saka å gjere? Firmaet bygde Eiffeltårnet. Liksom bruer og store konstruksjonar i koloniane; dei var med på ombygginga av Paris i 1853–1870, laga metroliner og jernbaneliner, tunnelar i Sveits og så bortetter. I dag er dei over heile verda, frå Mexicogolfen til Dubai, og er av dei aller mest brukte konstruktørar av store metallkonstruksjonar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.