JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Enden på krigen utan ende?

Amerikanske styrkar er ute av Afghanistan, og 20-årskrigen er over. Kva skjer med kampen mot terror no?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
USA er ute av Afghanistan, og fly dei etterlét seg på flyplassen i Kabul til bruk for eit afghanisk flyvåpen, er det Taliban som rår over.

Foto: Reuters / NTB

10280
20211001
10280
20211001

Sist månad forlét dei siste amerikanske soldatane Afghanistan. Samstundes trekte amerikanske styresmakter tungt militært materiell attende frå Saudi-Arabia. Innan utgangen av året skal amerikanske kampstyrkar forlate Irak òg.

Førre veke kunngjorde så USA ein sjøallianse i Asia med dei to Nato-landa Australia og Storbritannia, begge øystatar med viktige maritime ressursar i Stillehavet. No skjer det som har lege i korta i nokre år alt. USA trekkjer seg militært ut av ørkenen og dreg til sjøs.

Podkast Cecilie Hellestveit

Avslutta i 2014

Eigentleg er det lenge sidan den tunge innsatsen i Afghanistan vart avslutta. Det skjedde i 2014, då International Security Assistance Force (Isaf) med FN-mandat vart avrunda og ein mykje mindre operasjon med assistanse til afghanske tryggingsstyrkar tok over.

I Noreg vart rekneskapen for Afghanistan-engasjementet vårt gjort opp i Godal-utvalet i 2016. Utvalet slo fast at Noreg hadde vore ein god alliert for USA, men at demokrati ikkje lèt seg byggje mens ein samtidig skal føre krig.

Det er òg lenge sidan amerikanarane avslutta «krigen mot terror» proklamert av George W. Bush som svar på åtaket 11. september 2001. I 2008 ville den amerikanske kongressen ha betre oversikt over «terror-pengebruken» til Det kvite huset, og omgrepet vart erstatta med «oversjøiske beredskapsoperasjonar». USA fekk ein ny kontraopprørsstrategi og kontraterrorstrategi og tok for seg land for land i meir detalj og med større presisjon. Med Obama opphøyrde òg bruken av omgrepet «krig mot terror».

Det fall omtrent saman i tid med at amerikanarane bestemte seg for å trekkje seg ut militært frå ørkenlanda i Midtausten. Alt under Bush i 2008 konkluderte dei med at det militære nærværet i vegkrysset Midtausten vart for dyrt i høve til fordelane.

Som Obama uttrykte det: «Sjølv om vi har den største hammaren, er ikkje alle problem for spikrar å rekne.» Kampen mot terror var ikkje over, men militære verkemiddel avla meir problem enn dei løyste for amerikanarane i Midtausten. Det var feil medisin.

Økonomi

Avgjerda om amerikansk tilbaketrekking i Midtausten må òg sjåast i lys av den amerikanske økonomien. USA gjekk militært tungt inn i Midtausten under Golfkrigen i 1991. Her vart dei ståande med luftmakt, sjømakt og landmakt. Det amerikanske mantraet var at USA skulle passe på oljeforsyninga til verdsmarknadene, inkludert Kina, men særleg sin eigen marknad.

I 2008 såg framtida annleis ut. Prognosane for energiutvikling gjekk no i favør av amerikanarane og gjorde at USA snart ikkje var avhengig av den oljetunge Golfen lenger. I 2011 vart USA sjølv eksportør av petroleum, og stadig meir av det svarte gullet frå Golfen har gått mot asiatiske marknader.

I 2021 går heile 80 prosent av petroleumsprodukta i Golfen til Asia. Eit energisamarbeid mellom Saudi-Arabia og Russland i Opec+ frå 2016 gav Riyadh og Moskva kontroll over oljeprisen, og i 2018 gjekk USA forbi begge to som verdas største oljeprodusent.

USA konkurrerer no med både Russland og golfstatane om marknadsdelar for petroleum. Her er det sterk konkurranse om å få selje det svarte gullet før oljealderen er på hell. Etter 2018 har USA ikkje lenger dei same interessene i å stå med store militærstyrkar i Golfen for å sikre uttransportering av petroleum til marknader i Asia.

Ørkenvandringa er over for denne gongen. No går USA til sjøs, til dømes i atomubåt av den nye Columbia-klassen og i allianse med Australia og Storbritannia.

Illustrasjon: U.S. Navy

Terroroperasjonar

Men attende til slagmarka. Sjølv om det tunge militære engasjementet skulle nedjusterast frå 2008, heldt operasjonane mot terrorrørsler fram. I 2011 vart Osama bin Laden drepen av CIA i Pakistan, og i desember same år trekte USA alle sine militære styrkar ut av Irak.

Terrorrørsla IS, ei blanding av Al Qaida-folk og tidlegare krefter i Saddam Husseins krigsmaskin, tok raskt over landområde i Vest-Irak, og tre år seinare var amerikanske styrkar atter attende i Irak for å halde IS-«kalifatet» i sjakk. I 2018 låg Mosul og Raqqa i grus, og amerikanarane ymta om at no var dei endeleg på veg ut av Midtausten.

Men i mellomtida hadde mykje endra seg i verda også på andre måtar. I 2013 hadde ikkje USA gripe inn i Syria sjølv etter bruk av kjemiske våpen mot ein hovudstad eit steinkast unna Israel. Same år hadde Kina erklært sin silkeveg til lands og til sjøs. Til lands gjekk vegen gjennom Sentral-Asia, Iran, Irak, Syria og Tyrkia og vestover til Europa. Til havs gjekk han innom Golfen og rundt Den arabiske halvøya. Det var i 2013 USA formelt avslutta sin globale krig mot terror. Det amerikanske forsvaret gjekk no i tenkjeboksen.

Omstillingstid

Dei neste fire åra gjekk USA inn i ein periode som vart kalla The Third Offset. Det var ei omstillingstid for det amerikanske forsvaret. Her var føremålet å gjere opp statusen til USA i lys av den militære teknologiutviklinga til Kina og Russland. Samstundes gjekk Russland inn i Ukraina og Syria og vart dei neste åra stadig meir dominerande i det militære, økonomiske og strategiske spelet om Midtausten.

Fire år seinare, i 2018, kom ein ny amerikansk forsvarsstrategi (National Defense Strategy). Det var den første sidan 2008. No slo USA fast at det globale strategiske landskapet hadde endra seg. Multilaterale forum for samarbeid var svekte, og strategien retta seg mot rivalisering mellom globale makter (USA, Kina, Russland og EU) og trekte fram auka militær kapasitet hjå mellomstore statar (Iran, Tyrkia, Saudi-Arabia, Egypt, Etiopia, Pakistan, India med fleire). Heilt sentralt i strategien låg teknologiutviklinga.

Samstundes endra det amerikanske militæret si oppgåve frå å hindre krig i verda til å bruke dødeleg makt til å fremje amerikanske interesser. Amerikanske bistandsstrukturar vart òg lagde om for å motverke kinesiske investeringar – særleg i Afrika og Midtausten. No måtte land her innstille seg på å velje om dei ville vere vener med USA eller med Kina og eventuelt Russland. You can’t have it both ways.

2018-strategien vart lagd fram under president Donald Trump. Biden-regjeringa hadde knapt innteke Det kvite huset før det kom ein «mellombels nasjonal forsvarsstrategi-rettleiar» i mars i år. Her er trusselbildet utvida til også å omfatte pandemi, klimakrise, atomvåpenspreiing og den fjerde industrielle revolusjonen. Men dei sentrale poenga om stormaktsrivalisering og å demme opp for Kina står ved lag. Ein av strategiane er å inngå nye partnarskapar og alliansar.

Forsvarsminister Peter Dutton og utanriksminister Marise Payne frå Australia møtte kollegaene og dei nye partnarane Antony Blinken og Lloyd Austin i Washington 16. september 2021 for å sementere den nye alliansen deira, Aukus.

Foto: Andrew Harnik / Reuters / NTB

Bort frå Europa

Aukus-alliansen er eit eksempel på dette. Alliansen bringar dei anglosaksiske landa USA, Storbritannia og Australia saman for å halde Kina i sjakk til sjøs i Asia. Frankrike er rasande og raslar høglydt med sabelen. Det er dels fordi Frankrike har vorte ført bak lyset i forhandlingar, med store innanrikspolitiske verknader for fransk våpenindustri. Men Frankrike nyttar truleg òg høvet til å peike på alvoret for dei andre europeiske statane og understreke at no vender USA seg bort frå Europa for alvor.

Sidan 2018 er det Frankrike som mest høgrøysta har argumentert for at Europa treng eit eige forsvar for stabilisering og terrornedkjemping i nærområda våre mot sør. Då Donald Trump i 2018 kunngjorde at USA ville trekkje seg ut av Syria, troppa Macron opp i Midtausten og lova at franske styrkar ikkje skulle dra frå kurdarane sjølv om amerikanarane gjorde det.

I førre månad var den franske presidenten på ein regional konferanse i Bagdad og lova at Frankrike vil støtte Irak militært sjølv om amerikanske kampstyrkar forlèt landet. Frankrike treng likevel draghjelp frå andre store (og små) europeiske land til dette. Så langt har Frankrike hatt avgrensa hell med dette. Støy rundt at USA no gjer alvor av å vende seg militært mot sjøen og Austen, kan gje draghjelp til Frankrikes forsøk på å mobilisere europeiske land til handling i Midtausten og Afrika.

Hindre migrasjon

Slike europeiske operasjonar vil formelt handle om kamp mot terroristar. I røynda vil det derimot dreie seg om stabilitet og å hindre migrasjon nordover. For sjølv om den amerikanske kampen mot terrororganisasjonen Al Qaida og liknande krefter held fram, vil truleg dei amerikanske operasjonane i stadig større grad smelte saman med stormaktsrivaliseringa.

For som både Biden og Pentagon signaliserte då USA trekte ut styrkane frå Afghanistan i august og overlét fordoms allierte til Taliban: «Vi kan støtte dykk med soldatar, med pengar og hjelp til å byggje statsapparat. Men det vi ikkje kan gje dykk, er viljen.»

Det var ei forklaring på uttrekkinga, men i utsegna låg det òg ein amerikansk bodskap til andre statsleiarar som no får USAs støtte i kampen mot terror – og mot kinesisk og russisk påverknad. Amerikanarane tek ikkje fem flate øre for å kaste sine lokale allierte til islamistane om dei ikkje gjer det amerikanarane ber om. Her ligg eit viktig strategisk poeng av uttrekkinga frå Afghanistan for USA.

Shanghaigruppa

I Afghanistan tek no den asiatiske mellomstatlege organisasjonen Shanghai Cooperation Organization (SCO) over det regionale ansvaret for det krigsherja landet. I førre veke var det 20-årsjubileum for organisasjonen, og Iran vart teken opp som fullverdig medlem. Ei årsak er at Pakistan, India, Kina og Russland treng Iran på laget for å stabilisere Afghanistan. Ein verknad er at integrasjonen av asiatiske statar aukar. Samstundes justerer amerikanarane innsatsen sin.

Dei oversjøiske beredskapsoperasjonane mot terror vil amerikanarane halde fram med. AUMF-lova frå 2001, som tillèt maktbruk mot Al Qaida og tilknytte krefter i heile verda, står framleis ved lag. Men den amerikanske innsatsen mot terror i Europas nærområde, Midtausten og Afrika, ligg an til å smelte stadig meir saman med amerikanske behov for å motarbeide andre globale stormakter.

Det vil i sin tur truleg føre til at den amerikanske og den europeiske innsatsen mot terror i Midtausten og Afrika vil skilje lag. På lengre sikt kan dette vise seg å vere ei av hovudfølgjene av uttrekkinga frå Afghanistan. Korleis skal Noreg vere ein god alliert då?

Cecilie Hellestveit

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølv om det tunge militære engasjementet skulle nedjusterast frå 2008, heldt operasjonane mot terrorrørsler fram.

Amerikanarane tek ikkje fem flate øre for å kaste sine lokale allierte til islamistane om dei ikkje gjer det amerikanarane ber om.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis