¿ Eit lite bomsteg frå samanbrotet

Svarteperspelet i regjeringa har gjort Erna Solbergs draum om fleirtal til eit mareritt.

Erna Solberg klarte kunststykket å få til ei fleirtalsregjering av fire sprikande parti der tre var erklærte hovudmotstandarar av kvarandre.
Erna Solberg klarte kunststykket å få til ei fleirtalsregjering av fire sprikande parti der tre var erklærte hovudmotstandarar av kvarandre.
Publisert

Lytt til teksten:

ERNA SOLBERG blei sanndrøymd: Ho klarte kunststykket å få til ei fleirtalsregjering av fire sprikande parti der tre var erklærte hovudmotstandarar av kvarandre. Men då ho vakna, synte det seg å vera eit mareritt. Ho ville ikkje sagt det på den måten, men same kor rund og romsleg, meklande og forsonande ho er, klarer ho ikkje å forlika skabhalsane på truverdig vis. Solbergs politiske livsverk kan enda i ruin fordi regjeringa bomma på den innebygde sjølvmordsklausulen.

Det er mykje frivillig tvang i eit arrangert fornuftsekteskap. Når samlivet flokar seg, skuldar partane på kvarandre, førebur barnefordelinga og prøver å legga ansvaret for skilsmissa på den andre.

Framstegspartiet og Venstre er desperate og fanga i Catch-22. Små sigrar for den eine er nederlag for den andre. Dei driv høgt spel utan klare reglar, så til slutt kan fleire sitta att med svarteper. Begge kan enda som det den fiktivt reisande Mazyar Keshvari så smakfullt kalla «små tulleparti».

FRAMSTEGSPARTIET er plaga av store personalpolitiske problem, men har likevel vore herja av medgang. Det heiter at nothing succeeds like success, men det motsette er også tilfelle: Nothing fails like failure.

Det buttar kraftig mot, og dei vasar rundt i jakta på godsaker. Utspel som tidlegare slo an, endar nå som låtteløye. Alt som kan gå gale, går verre og blir oppfatta som vas.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement