Ein siger for tyrannane

Den amerikanske tilbaketrekkinga frå Syria har opna ei Pandoras eske i Midtausten. Tyrannane i regionen kan klappa kvarandre på skuldra.

Publisert

Denne veka rykte russiske soldatar inn på ein godt utstyrt militærbase i byen Manbidsj i Syria, rett sør for grensa til Tyrkia. Berre nokre dagar i førevegen hadde dei amerikanske styrkane forlate basen.

Ein kan trygt slå fast at aldri tidlegare i dei 230 åra som er gått sidan George Washington blei vald til USAs fyrste president, har nokon amerikansk statsleiar på same måten strekt ut handa til ein geopolitisk motstandar. Det som verre er, er at det som hende, ikkje var nokon uheldig samantreff. Overgjevinga av militærbasen i Manbidsj i Nord-Syria i oktober 2019 kan stå som ei samanfatting av heile den utanrikspolitikken som Donald Trump systematisk har ført sidan han kom inn i Det kvite huset. Han har trekt dei amerikanske posisjonane attende. Det tomrommet som er blitt igjen, er teke over av ulike tyrannar.

Putin triumferer

For det kan ikkje vera nokon tvil om at det er Vladimir Putin som står igjen som triumfatoren. Gjennom dei siste åra har Putin arbeidd målretta for å smi ein koalisjon mellom Russland og dei tre antivestlege statsleiarane i Midtausten, nemleg Bashar al-Assad i Syria, Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia og endeleg mannen som styrer Iran, ayatolla Ali Khamenei. Saman har dei fire ei målsetjing om å pressa vestleg makt og innverknad ut av Midtausten.

Dette samarbeidet har vore ein stor suksess: Sjølv om Tyrkia formelt er medlem av Nato, er landet blitt ei makt som spelar på Russlands banehalvdel. I Syria er dei fleste opprørsgruppene for lengst eliminert, takka vera det russiske flyvåpenet. Å trekkja Iran inn i denne antivestlege folden var på førehand ikkje vanskeleg. Etter kvart som amerikanarane dreg seg attende frå Midtausten, slik Trump heile tida har ynskt, er det dette firspannet som tek over makt og styring.

Rett nok har det dei siste dagane kome nokre knutar på tråden mellom Putin og Erdogan etter at russiske og syrisk styrkar rykte fram dit Erdogan hadde tenkt å senda hæren sin. No er det slik at Putin og Erdogan forstår kvarandre særs godt. Etter eit par rundar med samtalar i Kreml kjem dei til å løysa problema seg imellom. Slik kan dei halda fram med å styra den nordlege delen av Midtausten saman.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement