Ein illevarslande krig i Kaukasus
Tyrkias aukande makt, saman med ei ny våpenteknisk utvikling, er med på å fyra opp under nye krigar i Midtausten.Denne gongen er det Armenia som må betala.
Den 27. september 2020 kan bli ståande som ein viktig dato i moderne historie: Den dagen gjekk aserbajdsjanske styrkar til åtak på armenske stillingar i og rundt Nagorno-Karabakh, enklaven inne på det som offisielt er Aserbajdsjans territorium.
Etter eit par veker med kampar, der Aserbajdsjan hadde ein viss framgang, klarte den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov å mekla fram ei våpenkvile. Men likevel held kampane stadig fram.
Grov feilvurdering
Vestleg presse, inkludert den norske, har ikkje vore så oppteken av det som har skjedd. Dette er ei grov feilvurdering: Krigen som har gått føre seg dei siste vekene i Sør-Kaukasus, seier ein heil del om korleis framtida vil bli sjåande ut. Kanskje mest urovekkjande er den våpentekniske utviklinga.
Fram til for nokre år sidan var dronar noko amerikanarane dreiv på med, stort sett når dei ville «ta ut» nokon dei ikkje likte. Det kunne handla om leiarar i Al Qaida eller i den iranske revolusjonsgarden. At dronar skulle bli eit hovudvåpen i krig, er det få som har sett føre seg.
Effektivt og billig
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.