Ei stram lukt av berøringsangst

Skal rasismeparagrafen verna ukultur òg?

Tove Bruusgaard, fungerande direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), i Dagsnytt 18 torsdag 25. januar.
Tove Bruusgaard, fungerande direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), i Dagsnytt 18 torsdag 25. januar.
Publisert

Sidan 2015 er pressebruken av ordet berøringsangst tredobla. Det er talet på æreskriminalitetsaker òg.

Ein gjest i eit Dagsnytt 18-innslag om æreskriminalitet (25. januar) vart eit døme på berøringsangst. Programleiar Espen Aas introduserte: «Så til rekordhøye tall på æreskriminalitet. Som NRK meldte i går, ble det ny rekord hos Kompetanseteamet for negativ sosial kontroll og æresrelatert vold i fjor. 1137 saker. Og i NRK Brennpunkts nye serie ’Ære’ har vi fått flere eksempler. Som historien om en 14 år gammel jente som fikk tur til Irak sponset av barnevernet, og så kom tilbake, giftet bort og gravid. Og Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir og ansvarlig for Kompetanseteamet, hvordan leser dere denne økningen?»

Gjesten valde å tru: Det er ikkje ein auke i brotsverk, men i folk som tek kontakt. Kvifor? Av di kompetanseteamet har vorte meir kjent. Men kan det forklåraat somme landbakgrunnar (Syria, Irak) har hatt ei dobling sidan 2019, medan andre landbakgrunnar (Pakistan, Somalia, Afghanistan) har hatt liten eller ingen auke?

På spørsmål om oppfylging var Bruusgaard mest uroa over at offera kan mista kontakt med slekta si, i mange høve overgriparane. Ei slik uro har ein ikkje når folk bryt med ei kristen sekt. Då lit ein på at storsamfunnet tek imot dei. Er Bufdir uroa over at offera skal verta for norske, slik somme er uroa over at barneheimsborn vert for norske?

Tredje og siste spørsmål: «Kort til slutt – hvem er det som typisk utsettes for æresrelatert vold, i den grad det går an å si noe generelt om det?»

Bruusgaard: «Kompetanseteamet har fått henvendelser i mange saker, og i de sakene er det bakgrunner fra 55 ulike land, inkludert etnisk norske, altså norskfødte født av norskfødte foreldre. Så det er en bred målgruppe.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement