JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Ei lang rekkje triste omstende

Blodet renn i Palestina og Israel att, sju år etter siste krigen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brannfolk strevar med å avgrense elden etter artilleriåtak på ein svampefabrikk i Gaza 17. mai.

Foto: Ashraf Abu Amrah / Reuters / NTB

11618
20210521
11618
20210521

Frustrasjon og harme har bygd seg opp gjennom alle desse åra. Det same har rakettlagera på Gaza, som ved inngangen til denne krigen skal ha husa over 30.000. Israelarane sitt behov for å redusere denne rakettbehaldninga har vakse like mykje.

Når heile barnefamiliar vert drepne på Gaza og infrastruktur vert lagd i ruinar, og når israelarar søkjer dekning for rakettregn frå Gaza, er det krevjande å sjå skilnaden mellom denne krigen og det vi har sett altfor mange gonger før. Krigen liknar den i 2014 (Protective Edge), og den i 2012 (Pillar of Defense) og den i 2008­–2009 (Cast Lead). Men det er på overflata. For dette er ein heilt annan krig.

Nett då pandemien sleppte jerngrepet om det heilage landet, råka i staden eit nærast perfekt utgangspunkt for ny krig. Grunnen til at denne krigen kjem nett no, er knytt til ei rekkje saker. Det handlar om lagnaden til eit folk når store alliansar i regionen skiftar, eit val som har vorte avlyst, og forhandlingar ein heilt annan stad.

Krigshandlingane rammar særleg Gaza, medan byar i Israel for fyrste gong sidan 1966 har militært portforbod. Israelske tryggingsstyrkar er henta inn frå okkupert palestinsk område for å halde israelske palestinarar i sjakk, og det vert ymta om utsikter til borgarkrig. Palestinarar på Vestbreidda har demonstrert, og frå Jordan og Libanon har dei marsjert mot grensa. Det ser stort og farleg ut.

Heilag stad

Likevel er dette ein krig som primært handlar om den heilage byen Jerusalem – Al-Quds på arabisk. Ei rekkje parallelle hendingar i Jerusalem under ramadan floka seg saman den 10. mai, då Hamas og Islamsk jihad frå Gaza lanserte militæroperasjonen Saif Al-Quds – Jerusalems sverd. Det er ikkje tilfeldig.

Jerusalem er sjølve hjartet i konflikten mellom Israel og palestinarane. Etter seksdagarskrigen i 1967 fekk Israel kontroll over gamlebyen i Jerusalem, og utsiktene til ein udelt hovudstad, ein lækt heilag by, var ikkje lenger ein fjern draum for religiøse eller sekulære israelarar. No kunne det verte ein realitet.

Palestinarane i Jerusalem, utan godt leiarskap, med den jordanske kongefamilien som «verje» over dei muslimske heilage stadene i Jerusalem, har tapt terreng her for kvart tiår sidan den gong. I forhandlingane mellom Israel og palestinarane om ei tostatsløysing har Jerusalem vore den mest krevjande og viktigaste delen. Tjue år utan framgang for tostatsløysinga, som Osloavtalen lova, har gjeve Israel eit stadig sterkare grep om Jerusalem. Dei siste tre åra har tempoet i Israels overtaking av byen auka. Hendingane i april og mai som utløyste krigen som no rasar, handlar om at palestinarane er i ferd med å miste Jerusalem.

Hovudstad

Ei forklaring ligg i USA, som alltid har vore den tyngste utanforståande aktøren i konflikten mellom Israel og palestinarane. Amerikanarane har lenge halde tilbake i spørsmålet om Jerusalem for å ha noko å presse Israel med i siste fasen av forhandlingar med palestinarane.

Israel annekterte i praksis Jerusalem ved lov i 1980. Dette er ikkje godteke i folkeretten, noko andre land markerer gjennom å ha sine ambassadar i Tel Aviv, sjølv om leiinga for den israelske statsmakta held til i Jerusalem. Også den amerikanske ambassaden har lege i Tel Aviv, for å understreke at Jerusalem-spørsmålet ikkje er landa.

Etter at Israel underteikna Osloavtalen, vedtok den amerikanske kongressen i 1995 å flytte ambassaden til Jerusalem. Amerikanske presidentar har utsett lova kvart halvår. Lovnader om å flytte ambassaden har vore gjevne i kvar valkamp sidan, men har ikkje vorte innfridde. Det er fordi dette har vore Det kvite husets største gulrot i heile Midtausten-konflikten for å få Israel til å akseptere ei løysing som palestinarane òg kan leve med.

Annektering

Slik var det fram til Donald Trump tok roret. For tre år sidan, 14. mai 2018, gav Trump-regjeringa Israel juvelen i krona som gåve til 70-års feiringa. USA flytta ambassaden sin til Jerusalem, utan at Israel trong å innrømme noko i det heile. Korleis skulle USA no kunne presse Israel til noko som helst?

Samstundes hinta Trump-regjeringa om at dei såkalla C-områda på okkupert palestinsk territorium under Osloavtalen kunne annekterast utan at USA ville reagere på det. C-områda på Vestbreidda er framleis underlagde israelsk sivil og militær kontroll – altså full okkupasjon i tradisjonell forstand. Planar om å innlemme desse i Israel kom i 2019. Det gjeld særleg C-områda rett aust for Jerusalem, altså der israelske busetjingar no ligg tett i tett og omringar Jerusalem. Ei slik annektering vil gjere eit israelsk Stor-Jerusalem til eit juridisk faktum.

Ein palestinsk bydel i Aust-Jerusalem bind saman gamlebyen og Al-Aqsa-moskeen med Vestbreidda. Her ligg Sheikh Jarrah. Dersom palestinarane mistar denne bydelen, vil det kutte sambandet mellom Vestbreidda og hjartet av Jerusalem. Det vil òg knuse draumen om ein palestinsk hovudstad i Aust-Jerusalem.

Fleire hundre saker om utkasting av palestinske familiar frå Sheikh Jarrah har lege til behandling i det israelske rettsvesenet i årevis. I mai var det venta at israelsk høgsterett ville gje grønt lys for at fire av desse utkastingsvedtaka no skulle gjennomførast. Tempoet på utkasting av palestinarar frå Sheikh Jarrah aukar.

Etter Mekka og Medina

Ei forklaring på dette ligg òg utanfor det heilage landet. Dei arabiske statane er nemleg òg opptekne av Jerusalem. Organisasjonen av islamske statar (OIC) vart til dømes grunnlagd i 1969 som reaksjon på ein episode mot Al-Aqsa-moskeen. Det er den tredje mest heilage moskeen for muslimar nest etter Mekka og Medina. Då som no var det den hashemittiske kongefamilien i Jordan som hadde verjemål for dei muslimske og kristne bygningane i Jerusalem, sjølv om det var Saudi-Arabia som tok initiativet til OIC.

Sidan den gong har makttilhøva i arabarverda endra seg. Republikkane har dei siste to tiåra falle ned i autoritært vanstyre, korrupsjon eller borgarkrig. Egypt, som slutta fred med Israel i 1976, er ikkje lenger sjef i arabarverda. Det er golfstatane med Saudi-Arabia i spissen som er kongar no. Og det er dei som er i ferd med å slutte fred med Israel.

Abrahamsavtalane

Då Trump-regjeringa fekk Emirata og Bahrain (og Marokko og Sudan) til å underteikne Abrahamsavtalane i 2020, gav det Israel diplomatisk normalisering med to golfstatar. Motytinga frå Israel til Emirata var at Israel skulle stanse planane om anneksjon på Vestbreidda og særleg rundt Jerusalem.

Israel gjekk seinare ut og gjorde klart at det «berre var tale om ei utsetjing». Likevel ligg det i korta at når vår tids kjempe i arabarverda, Saudi-Arabia, trer inn i Abrahamsavtalane – truleg etter at kronprins Muhammed bin Salman har vorte konge – vil prisen vere ein endeleg slutt på israelsk anneksjon.

Dette gjer at høgresida i Israel har tidsnaud. Det som skal takast i Jerusalem, må truleg takast no. Ultranasjonalistar og nyvalde høgrekrefter til Knesset pressar på for å ta Sheikh Jarrah. Den 10. mai ­– dagen då israelarane feirar sigeren i 1967 og inntakinga av gamlebyen i Jerusalem – drog mange dit. I samanstøytane som følgde mellom israelsk politi og palestinarar i bydelen, vart hundrevis av palestinarar skadde.

Garantert eskalering

Med Abrahamsavtalen vil truleg Saudi-Arabia òg krevje å få status som verje over dei muslimske og kristne stadene i Jerusalem. Det er Saud-kongen som er verje over Mekka og Medina. Al-Aqsa passar godt inn i hans portefølje.

Då Netanyahu og kronprins Muhammed bin Salman møttest til samtalar i Saudi-Arabia i 2020, var Jordan raskt ute med å fordømme kvart forsøk på å endre på statusen for dei heilage stadene i Jerusalem. Motsetnadene mellom Jordan og Saudi-Arabia har auka det siste året, og Jerusalem er eit sentralt stridstema. Kven av arabarstatane som skal vakte over Al-Aqsa og Jerusalem, er no i spel.

Under den heilagaste natta i ramadan, laylat al-qadr, barka israelsk politi og palestinarar saman ved Al-Aqsa-mosken. Som svar stengde israelsk politi portane til moskeen – ein garanti for eskalering. Tusenvis av palestinarar vart hindra i å kome til Al-Aqsa for å be, og israelske styrkar braut opp forsamlingar av muslimar i bøn ved moskeen. Det var heilagbrot. Og det var djupt symbolsk. Alle kunne sjå kven som ikkje har makt i spørsmålet om Jerusalem. Her var det korkje verje eller andre vaktarar.

Det var no Hamas på Gaza melde seg på att. For det hadde nemleg vore ein runde med Hamas før i vår. Då ramadan starta i april, stengde israelske styresmakter Damaskusporten i gamlebyen, altså hovudinngangen palestinarane har til gamlebyen. Det vart nattlege demonstrasjonar utanfor porten gjennom den muslimske høgtida.

Då israelske ultranasjonalistar skulle marsjere mot porten, svara Hamas frå Gaza med å sende eit førtital rakettar inn i Israel. Den 25. april valde israelske styresmakter å fjerne barrierane rundt Damaskusporten. Hamas proklamerte siger som vaktar av Jerusalem.

Avlyst val

Få dagar seinare snudde lukka for Hamas. Palestinarane var nemleg i valmodus og skulle ha val 22. mai. Den palestinske presidenten Mahmud Abbas såg no sitt snitt til å avlyse valet. Manglande garantiar frå Israel om at innbyggjarar i Aust-Jerusalem skulle få delta i valet, vart gjeve som årsak.

Dei fleste palestinarar såg saka annleis. Abbas og hans del av Fatah låg svært dårleg an på meiningsmålingane, som var i favør av Hamas, også på Vestbreidda, og Abbas’ rival i Fatah, den fengsla politikaren Marwan Bargouti. Gjennom april månad hadde både palestinske og israelske styresmakter kappast om å fengsle Hamas-politikarar på Vestbreidda. Etter Hamas’ «siger» i Jerusalem i april var det slutt. Abbas avlyste eit val han kom til å tape. Både amerikanarane og europearane skal ha støtta avgjerda til Abbas. Hamas måtte ut.

Då det drog seg til på Al-Aqsa og i Sheikh Jarrah på den israelske Jerusalem-dagen 10. mai, var det derfor sjølvsagt at Hamas tok oppgåva som vaktar av Jerusalem. Den militære fløya til Hamas truga med rakettregn dersom ikkje Israel stansa valden mot palestinarar i Jerusalem og trekte styrkane attende frå Al-Aqsa og Sheikh Jarrah. Då fristen gjekk ut, starta Hamas operasjon Saif Al-Quds.

Iran luskar

Til no har fleire tusen rakettar regna over Israels rakettskjold Iron Dome. For å «mette» skjoldet og kunne trengje igjennom og råke Israel med nokre få rakettar, må det store mengder til.

Og her ligg samstundes stikkordet for Israels svar mot Gaza. Rakettlagera må tømmast. Mykje av rakettmaterialet på Gaza kjem no frå Iran, som dei siste åra òg har luska rundt Israels grenser – i Libanon, i Syria og sist med luftkapasitet i Jemen som kan nå Israel. Iran hintar om Israels mareritt – fleirfrontskrig. Derfor har ein slik «lagertømmingsoperasjon» på Gaza vore for farleg for Israel dei siste åra.

Men nett no sit Iran i saksa. Denne månaden er det avgjerande rundar i Wien mellom Iran og USA (med Russland) om atomavtalen. Iran ynskjer å halde «si rolle i regionen» utanfor dei forhandlingane. Det gjer at Iran må halde seg på matta, medan Israel kan sjå sitt snitt til å rydde i rakettlagera og i rekkjene til Islamsk jihad og Hamas på Gaza.

Og her ligg den useieleg triste likskapen med dei tidlegare krigane på Gaza. Det er gjerne nett i skuggen av forhandlingar og politiske dragkampar langt unna at palestinske born på Gaza bøter med livet.

Cecilie Hellestveit

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dette er ein krig som primært handlar om den heilage byen Jerusalem.

Her ligg samstundes stikkordet for Israels svar mot Gaza. Rakettlagera må tømmast.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis