Ei frisk form for arbeid

Kan det vere at trening er ein temmeleg tungvint måte å kome i form på?

Publisert

Har du planar om å trene meir i 2020? Alt komen i gang, ja? Ute og joggar i tussmørke og slaps, i tronge tights ved vektstonga på treningssenteret, påmeld yogakurset som byrjar til veka? Det er bra. Ingenting er betre enn at folk ynskjer å halde seg i rørsle, aktivitet, ja, kort og godt i form, for det trengst: Berre ein tredel av oss vaksne nordmenn klarar tilrådinga frå Helsedirektoratet om to og ein halv time moderat fysisk aktivitet i veka. Dei fleste av oss er altså i aktivitet i under tjue minutt kvar dag.

Alle har godt av å røre seg. Difor kryssar eg fingrane for deg – og det kan òg trengast: Synest du det er litt trongt på treningssenteret for tida, er det berre å bite seg fast. Rekkene kjem til å tynnast ut ganske fort.

Ifylgje bransjen sjølv forsvinn kring ein tredel av nyttårstrenarane i løpet av dei fyrste par månadane. Kring halvparten av dei som står att, er vekke etter eitt år. Vi kan vere så motiverte vi berre vil, men dei aller fleste av oss fell av. Kvifor er det så vanskeleg å halde seg i form?

Drepande keisamt

Helsedirektoratet tilrår at friske vaksne driv «muskelstyrkende aktiviteter» minst to gongar i veka, men røyndommen er at under halvparten av oss driv styrketrening ein gong i året. Kan det rett og slett vere fordi det er drepande keisamt?

Styrketreningsmaskinene på treningsstudioet er skrekkeleg effektive til å gjere berre éin ting: trene akkurat den eine muskelen eller i beste fall muskelgruppa ho er bygd for. Vi har eigne maskiner for triceps, for biceps, for rette magemusklar og for skrå. I nokre øvingar skal det løftast, i andre stigast, i atter andre klemmast, svingast eller bøyast. Men alle har dei til felles at vi er forventa å skulle anstrenge oss – slappe av – anstrenge oss – slappe av – i eit gjentakande mønster av handlingar utan anna meining enn å klare å gjenta dei fleire gongar enn førre veke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement