EAT – frå Borgström til Rockström

Treng vi alle ei anna forteljing om jordbruket?

Johan Rockström er blitt verdskjend for ideane om planetariske grenser.
Johan Rockström er blitt verdskjend for ideane om planetariske grenser.
Publisert

Det heiter ikkje miljøet no lenger, men jordsystemet. Inga moder jord eller Gaia, men inkjekjønn og like kjenslelaust.

Med sine energi- og stoffstraumar ligg jordsystemet til grunn for klimamodellane. At vi påverkar jordsystemet, har blitt til tidsepoken vi kallar menneskets tidsalder, eller antropocen, der år 0 som regel er kring 1800, då den industrielle revolusjonen og bruken av fossil energi tok av. Svensken Johan Rockström er sidan 2009 blitt verdskjend for ideane om planetariske grenser som vi må respektere. Vi må semjast om ein slags global «handlingsregel» med kvantitative forpliktande mål for kor langt vi kan gå, før jordsystemet tippar for oss. Rockström var med på EAT-lanseringa den 17. januar, og desse ideane gjennomsyrar EAT-rapporten.

Det er ikkje berre namnet som gjev assosiasjonar til Georg Borgström (1912–1990), 60-åras store miljøprofet som skreiv om matvareforsyninga i verda. Med boktitlar som Mat for milliarder (1963) og Fem over tolv? (1971) prega han norsk og internasjonal debatt. Med uttrykket «skuggeareal» – det å produsere mat bygd på kraftfôr frå fattige land – føregreip han det vi i dag kallar økologiske fotavtrykk. Som dommedagsprofet feilvurderte han så grovt den grøne revolusjonen at han blei gløymd – men bodskapen liknar mykje på EAT.

Grenser

Utgangspunktet til Rockström er det uvanleg gunstige klimaet jordsystemet har unnt oss dei siste 10.000 åra – i holocen. Det er vi i ferd med å drive ut av balanse om vi ikkje snarast set grenser. I alt ni grenser vert talfesta i modellen. For kvar blir det sett eit «naturleg» eller «grønt» nivå, ei gul faresone og så raudt, der grensa til jordsystemet er overskriden. Det er tilfellet for bruken av nitrogen og fosfor (mest i jordbruket) og tap av biologisk mangfald. Det brenn gult for endringar i bruk av land (rydding av skog, nedbygging) og klimaendring. Sidan «alt heng i hop», blir alle utsleppa frå endra bruk av land – av klimagassar som næringsstoff – raust skrivne på jordbrukets rekning. Dermed blir det den største syndaren, ikkje til dømes transport.

Blinkskot

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement