Draumen som alltid blir mareritt
I meir enn 100 år er ulike sosialistiske eksperiment blitt lanserte. Alle har gått gale. Kvifor er det ingen som lukkast, og kvifor er det så vanskeleg å vedgå fiaskoane?
Det byrja så godt: I februar 1999 blei Hugo Chávez teken i eid som president i Venezuela. Han skulle gje fattigfolk i det oljerike landet ein ny start. I ei rad med val og folkeavstemmingar synte det seg at han sjølv og partiet hans fekk solid oppslutning frå dei mange fattige i landet.
I dag er regimet som Chávez la grunnen til, bankerott. Millionar har flykta frå landet, hyperinflasjonen herjar og nasjonalforsamlinga har avsett etterfylgjaren til Chávez , Nicolás Maduro. Regimet held seg oppe berre takka vera støtte frå hæren og frå autoritære regime som Cuba, Russland og Kina.
På same vis er det i Nicaragua, det andre fyrtårnet for venstresida i Latin-Amerika: Daniel Ortega og Sandinistpartiet kom attende til makta i 2006, rett nok berre med 38 prosent av røystene.
I åra som er gått sidan den gongen, har Ortega bygd opp eit personleg diktatur med seg sjølv og kona si, Rosario Murillo, i sentrum. Dei har einsretta pressa, fått kontroll med nasjonalforsamlinga og samla store eigedomar i eigne hender. Fredelege protestar blir møtte med soldatar og skarpe skot.
Lang rekkje
Tyrannia i Venezuela og Nicaragua føyer seg saman med ei lang rekkje med mislykka eksperiment: Det tok til i Russland seinhausten 1917. Alt rett etter nyttår i 1918 jaga det nye regimet frå kvarandre den grunnlovgjevande forsamlinga, den fyrste heilt frie, folkevalte forsamlinga i russisk historie. Året 1918 heldt fram med masseavrettingar av bønder som nekta å selja avlinga si til spottpris til dei nye makthavarane. Frå det utgangspunktet blei alt berre verre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.