JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Draumen som ­alltid blir mareritt

I meir enn 100 år er ulike sosialistiske eksperiment blitt lanserte. Alle har gått gale. Kvifor er det ingen som lukkast, og kvifor er det så vanskeleg å vedgå fiaskoane?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5880
20190412
5880
20190412

Det byrja så godt: I februar 1999 blei Hugo Chávez teken i eid som president i Venezuela. Han skulle gje fattigfolk i det oljerike landet ein ny start. I ei rad med val og folkeavstemmingar synte det seg at han sjølv og partiet hans fekk solid oppslutning frå dei mange fattige i landet.

I dag er regimet som Chávez la grunnen til, bankerott. Millionar har flykta frå landet, hyperinflasjonen herjar og nasjonalforsamlinga har avsett etterfylgjaren til Chávez , Nicolás Maduro. Regimet held seg oppe berre takka vera støtte frå hæren og frå autoritære regime som Cuba, Russland og Kina.

På same vis er det i Nicaragua, det andre fyrtårnet for venstresida i Latin-Amerika: Daniel Ortega og Sandinistpartiet kom attende til makta i 2006, rett nok berre med 38 prosent av røystene.

I åra som er gått sidan den gongen, har Ortega bygd opp eit personleg diktatur med seg sjølv og kona si, Rosario Murillo, i sentrum. Dei har einsretta pressa, fått kontroll med nasjonalforsamlinga og samla store eigedomar i eigne hender. Fredelege protestar blir møtte med soldatar og skarpe skot.

Lang rekkje

Tyrannia i Venezuela og Nicaragua føyer seg saman med ei lang rekkje med mislykka eksperiment: Det tok til i Russland seinhausten 1917. Alt rett etter nyttår i 1918 jaga det nye regimet frå kvarandre den grunnlovgjevande forsamlinga, den fyrste heilt frie, folkevalte forsamlinga i russisk historie. Året 1918 heldt fram med masseavrettingar av bønder som nekta å selja avlinga si til spottpris til dei nye makthavarane. Frå det utgangspunktet blei alt berre verre.

Det neste eksperimentet fann stad i Kina: Etter at Mao Zedong og dei kinesiske kommunistane oppretta partidiktaturet sitt i 1949, drap dei rundt rekna to millionar såkalla klassefiendar. Så kom Det store spranget, som kosta livet til fleire tital millionar. Til slutt kom Kulturrevolusjonen som kosta mellom ein og to millionar kinesarar livet. Kina-eksperten Torbjørn Færøvik set talet på dødsoffer til minst femti millionar.

Så har me dei mindre sosialistiske fyrtårna, som Kambodsja, Nord-Korea, Vietnam, Cuba og dei tidlegare sosialistiske landa i Aust-Europa. Alle utmerka seg som tyranniske regime. Dei fleste har dessutan sytt for at borgarane har levd i djup fattigdom i generasjonar.

No var som regel ikkje dei regima som blei styrta av dei revolusjonære, tilhengjarar av noko som liknar på moderne, europeiske velferdsstatar. Oftast var dei gamle regima brutale og/eller gjennomsyra av korrupsjon. Men å nytta dette som forklaring og orsaking for den underkuinga ein sjølv driv med, slik til dømes regima i Nicaragua, Venezuela og Cuba har gjort i år etter år, held ikkje vatn.

Den store vekkinga

Å gå inn på årsaka til denne samanhengande rekkja av tragiske fiaskoar, har for mange vore vanskeleg. Trua på sosialismen blei utan samanlikning den fremste vekkingsbylgja i det 20. hundreåret. Anten trudde ein, eller ein trudde ikkje. Mange falt i frå trua, men dei som framleis trudde, meinte at det ikkje var noko gale med sosialismen i seg sjølv. Det var berre noko gale med dei som sette han ut i livet.

Likevel gjekk ventresida rett etter at Chávez kom til makta i 1999, i gang med å hylla regimet hans. Dette gjorde dei sjølv om det heilt frå byrjinga var klart at Chávez hadde som målsetting å setja til sides både den lovgivande og dømande makta i landet, slik at all makt blei samla i ei hand – hos Chávez sjølv.

I 2006 skreiv til dømes Audun Lysbakken at «solidaritet med Venezuela blir viktig framover, hvis ikke også vår tids forsøk på latin-amerikansk frigjøring skal bli stoppet av de reaksjonære kreftene». Fråsegna er no fjerna frå heimesida til SV.

Så seint som i 2016 gav Trondheimskonferansen – talerøyret til venstrefløya i den norske fagrørsla – sterk støtte til Maduro-regimet: «Vi støtter den bolivarianske regjeringen og det venezuelanske folkets kamp mot fattigdom blant annet gjennom programmene for boliger, offentlig transport, utdanning og helse», kan ein lesa i den no tre år gamle fråsegna.

Det religiøse

Så kan ein stilla spørsmålet: Kvifor er det slik at dei sosialistiske regima normalt endar i tyranni, og kvifor er det slik at ytrevenstrefløya i Vesten som ein rein refleks stør desse regima, også lenge etter at samanbrotet er klart for alle andre? Spørsmålet har sjølvsagt ikkje noko enkelt svar.

Det religiøse elementet er alt peikt på. Trua på at sosialismen skal løysa alle dei problema menneskeætta slit med, er fortsatt grunnfesta når ein kjem langt nok ut på venstresida. Dei som sit med makta, går over lik for å nå det lova landet. Klakkørane i Vesten lukkar på si side augo for røyndomen, så lenge dei kan.

Det grunnleggjande problemet for alle sosialistiske land og alle sosialistiske rørsler har vist seg å vera deling av makt. Ikkje nokon stad i skriftene til Marx, Lenin eller Mao blir spørsmålet om maktkonsentrasjon og deling av makt drøfta.

Dette er blitt avspegla i praksis: Så snart eit ytre venstre-parti kjem til makta, som no sist i Venezuela, er alle andre konkurrerande instansar systematisk forsøkt fjerna. Trua på at alt vil bli bra så snart nokon tek makta på vegne av «arbeidarklassa» eller «folket», har vore så grunnfesta på ytste venstre fløy at spørsmålet om maktdeling aldri har kome opp på dagsorden.

Denne mangelen på maktdeling har gjort desse rørslene handlingssterke og effektive og har vore kanskje den fremste drivaren for revolusjonære endringar dei siste 100 åra. Den same trua har utan tvil vore årsaka til den lange rekkja med tragediar.

Halvor Tjønn er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det grunnleggjande problemet for alle ­sosialistiske land og alle sosialistiske rørsler
har vist seg å vera deling av makt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis