JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentarar

Døden bak søylene

Kanskje handlar det ikkje om talet på døde, men om måtar å døy på.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dei daglege pressekonferansane til den svenske statsepidemiologen Anders Tegnell er underlege seansar. Om tala held seg stabile,  er Tegnell nøgd, skriv Eivor Oftestad.

Foto: Jonas Ekströmer / TT News Agency / NTB scanpix

8454
20200508
8454
20200508

Dei daglege pressekonferansane til Anders Tegnell i Sverige har vore underlege seansar. Kvar dag klokka 14 har den svenske statsepidemiologen ønskt velkomen og forklart det han no kallar «de klassiska bilderna», nemleg oversikta over smitte og død i verda, Sverige og Stockholm.

Kvar dag vert ei stolpe lagd til i søylediagrammet som har vorte sjølve symbolet på koronadøden. Kva er talet på døde det siste døgeret, og kor på kurva er svenskane no? Viss siffrorna held seg stabile, er Tegnell nøgd. Viss tala av ein eller annan grunn sit fast i datamaskinen og ikkje lèt seg rekne med, vert han litt uroleg, då er det rot i systemet.

Sjølv når talet på døde det siste døgeret låg på over hundre, var «läget» positivt om kurva såg ut til å flate ut eller gå litt ned. Ein ting ein kan undrast på, er kva denne mannen er laga av, ein annan ting er kva teater dette er? Kva rolle spelar døden sjølv i denne framsyninga?

Thanatos

Vi veit at døden har ei kulturhistorie, og koronadøden vert no granska opp og ned av det som så fint heiter thanatologar verda over. Dei studerer døden – eller Thanatos, som dei kallar han, den greske guddomen som er son av natta og bror til svevnen. Dei siste tiåra har thanatologane peika på at døden er spektakulært til stades i dei vestlege samfunna. Han er ikkje lenger skjult, slik som på 1900-talet, då døden var gøymd bort på institusjon.

Tvert om. Vi vert eksponerte for død – dramatisk død – i ein skala som aldri før, ikkje minst fordi globale nyhende kjem rakt inn i stova. Døde menneske er dagleg kost på skjermen – som på morgonen i dag, då eg vart hengande litt for lenge på nettet og inkjeanande vart vitne til at ein indisk gut vart drepen og eten opp etter at han ramla ned til tigrane i ein dyrehage. Videoen følgde innslaget med Tegnell på besøk hos Skavlan, og eg sat ved mitt eige kjøkkenbord og såg på. Det kunne like godt ha vore koronaråka kinesarar som ramla om på gata i Wuhan, men dei lenkene har eg aldri opna.

Slik har mediekulturen gjort at døden har vorte ei framsyning – noko vi betraktar på trygg avstand, men sjeldan opplever på nært hald. På den digitale globale scena er døden den ultimate framsyninga. Samstundes er erfaringa av eigen og andre sin død like ukjend og skjult som før. Derfor er det viktig å halde avstand også når tre tusen svenskar vert kvelte av koronavirus.

Einsam død

Vi veit at døden til sist ikkje lèt seg stogge ved dørkarmen, men vi har gode strategiar for å halde han på avstand til han råkar oss sjølve. Tegnells strategi har vore å putte alle dødsfall inn i ein reknemaskin og produsere søyler, diagram og prognosar. Han har kontroll, og det er liten skilnad på å følgje hans – ulideleg keisame – presentasjon av siffror og ei dagleg oppdatering av børsnoteringar eller rundetider i OL.

Dei som har interesse for slikt, vert sikkert hekta, også på Tegnell. Men bakom søylediagramma finst ein røyndom som er tristare enn døden sjølv. Det er menneske som må døy åleine, og som vert gravlagde med knapt nokon til stades.

Ein av dei var Kalle, den gode naboen til nokre vener som har sommarhus på sørkysten av Sverige. Han låg åleine på intensiven utan familie og vener, døydde og vart gravlagd i det stille. Familien ber sorga i isolat av frykt for å smitte andre. Inga smittesporing vart sett i gang, og korkje kona eller borna vart testa. Frå sentralt hald er det klart lettare å snakke om tal og prognosar enn om dødsleie, uvisse, sorg og einsemd. Søylediagramma, kurvane og nøkkeltala gjer at vi vender auga vekk frå dei som døyr, og festar dei på ein abstrakt representasjon. Slik vert dødens rolle i vår tid ignorert.

Dødskunst

Det har i alle tider vore ulike strategiar for å takle døden, og det er når vi samanliknar dei, vi får blikk for vår eiga tid. Mellomalderens ars moriendi – kunsten å døyog den seinare ideen om døden for fedrelandet er to klassiske døme der tilhøyrsla til fellesskapen er sentral. I ars moriendi handla det om å følgje kvarandre fram mot terskelen til æva. Her var døden og livet knytte saman fordi alle hadde same målet. Sjølv under spanskesjuka var dødsleia ein fellesskap og gravferda ei sosial hending.

Strategien i den moderne kultur har lenge vore individuell død, fortrenging og illusjon om kontroll. Det er nett dette Tegnells pressekonferansar syner. Viss det handlar om ein fellesskap, er det å verte del av statistikken til Folkhälsomyndigheten.

Dødens historie fram mot vår tid vert ofte framstilt som eit meiningstap. Det har gått frå naturleg omgang til ignorering, frå religiøs meining til kald kunnskap, frå trøyst til maktesløyse og frå fellesskap til einsemd. Det er ei trist historie, som no altså kan illustrerast av søylediagramma i koronatida. Bakom diagramma ligg døden i einsemd. Eg kan ikkje la vere å tenke at det moderne samfunnet syner ei hjelpeløyse i møtet med døden.

Meiningstap

For å gje eit anna perspektiv på døden, og på lagnadene bak diagramma, har eg funne fram att ein av dei klokaste kommentarane eg har lese til dødens historie, skriven av gode Erling Sandmo. I 1998 vart han beden om å skrive eit lite notat om døden som skulle trykkast bakarst i ein NOU frå regjeringa, med tittelen Livshjelp— Behandling, pleie og omsorg for uhelbredelig syke og døende. Han må ha tatt oppdraget på største alvor, for kva skriv ein om døden i ein tekst som handlar om korleis ein omgåst døden når ein ikkje lenger kan unngå han?

Historikaren Sandmo lèt seg ikkje forføre av thanatologar og det han kallar «det nye akademiske feltet ‘Death studies’». Han går i djupna og snakkar om kva som har gjort at døden har tapt meining i vår kultur. Kvifor lèt døden seg redusere til eit tal – slik vi no ser i dei daglege søylediagramma og abstraksjonane?

Sandmo opnar eit rom for ei anna tilnærming som er verd å tenke på også i dag. Vi lever alle i spennet mellom fortid og framtid, seier han, og forklarer at det vil seie å leve med erfaring bak seg og forventning framom seg. I det moderne samfunnet har vi stadig større forventningar om at noko nytt kan skje, eit framsteg og ei framtid, og vi lever dobbelt så lenge som forfedrane våre. I våre auge er det eit enkelt reknestykke som handlar om forventa levetid. Det lèt seg fint plotte inn i ein statistikk og eit diagram.

I dette perspektivet er døden eit nederlag og det endelege sluttpunkt, det er ikkje meir å seie. Men, meiner Sandmo, kanskje er ikkje reknestykket så enkelt likevel. For om forfedrane våre levde kortare enn vi, kunne dei derimot leve i vona om eit evig liv etter døden. I den augneblinken alle dei jordiske forventningane tok slutt, opna det seg nye forventningar i eit anna liv. Om også livet etter døden vert tatt med, vert våre 80-årige liv korte samanlikna med dei evige liva i mellomalderen, der livet her på jorda berre var som eit forspel til det eigentlege, evigvarande livet i Guds nærleik.

Omsorg

Det er noko å tenkje på neste gong vi ser døden abstrahert til ei fattigsleg søyle i eit diagram. Eg lèt Sandmo sjølv kome til orde: «Slik tror jeg vårt endrede – og kanskje til og med tapte – forhold til døden handler om noe mye mer enn det som kan fanges inn av ‘Death studies’ og kanskje til og med av dødens historie. For hele vår måte å tenke på tiden og våre liv på, er betinget av at vi planlegger med døden som endepunkt. Den som planlegger videre, forbi døden og med evige forventninger, passer ikke inn lenger. Døden er blitt det punktet hvor all forventning opphører, og ikke lenger den horisonten hvor den virkelig åpner seg.»

Perspektiva på døden i vår tid har fleire nivå. Sandmos refleksjonar går i djupna og peikar på meiningstapet. På eit litt meir handgripeleg nivå kan ein, når ein stiller spørsmål ved strategiane i møte med døden i koronatida, flytte auga vekk frå daglege oppdateringar av dødsfall og intensivinnlagde og heller spørje kva slags omsorg vi skal gje dei døyande. Skal omsorga vere retta mot medisinsk kontroll og det som kan teljast og rapporterast, eller mot det menneska eigentleg treng? I strategien mot døden gjennom alle tider har dei døyande vore borne fram av sine kjære. Og om det er det dei treng no, kan vi nekte dei det?

Eivor Andersen Oftestad

Eivor Andersen Oftestad er forfattar, forskar ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion
og samfunn og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mediekulturen har gjort at døden har vorte ei framsyning – noko vi betraktar på trygg avstand.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis