Digital overdose
Fyrst var det digital hurrastemning i undervisninga. Så kom koronaviruset med intens nettundervisning. No er vi råka av Zoom fatigue – digital utmatting. Det bør føre til eit meir nyansert syn på digitaliseringa i skulen.
På ein konferanse i Berlin i fjor kviskra ein akademikar til ein annan: «Det administrasjonen ved mange universitet drøymer om, er heildigital undervisning, som gjer oss undervisarar overflødige. Då kan ein sentralisere, leggje ned campusar og spara pengar, og – ikkje minst – då slepp kontorrottene menneskeleg kontakt.»
Den andre akademikaren lo godt. «Det kan godt vera dei tenkjer slik, men det er og blir ein utopi – tenk berre på alle dei som enno ikkje kan skype, men tviheld på tavle og krit!»
Det var i 2019. I 2020 fordufta det sistnemnde argumentet som dogg for sola. Covid-19 har sveipt over skular og universitet og tvinga studentar og lærarar over på verdsveven. Å stire inn i ein skjerm har dei seinaste månadene vore den einaste tilgjengelege kontakt- og undervisningsforma. Jamvel bortgøymde kjettarar og motstandarar av den digitale revolusjonen – overheadtilhengjarane – har vorte nøydde til å bite i graset og laste ned Zoom, Whereby og Teams – digitale verktøy ein bruker i undervisninga.
Dei siste tiåret har multimedia vore slagordet for lærestader på alle utdanningsnivå. Talsmenn for nettbrett i undervisninga kjempa lenge for gjennombrot for synet sitt, men mange tenkte i sitt indre at dette vil bli ein lang kamp mot konservative skulefolk. Ifylgje digitaliseringsstrategien til Kunnskapsdepartementet er «mangelfull profesjonsfaglig digital kompetanse hos lærerne» hinderet for moderniseringa.
Men så kom altså covid-19-vinden sveipande. Slik farsotter og ufred i eldre tider gav rom for religiøse biletstormarar, har covid-19 opna dører for digitale reformatorar.
Zoom fatigue
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.