Det er ikkje for seint å snu for NSB
NSB har gått attende på namneval før. Det bør dei gjera no òg, for Vy er tullenorsk, reklamespråk og bryt med ei norsk vi-kjensle.
Tysdag vart det kjent at NSB ikkje vil heite NSB lenger. Konsernsjef Geir Isaksen kalla inn til pressekonferansen. Der gjekk han kjapt gjennom historia – namnet Noregs Statsbanar var dana i 1883 – før han uttala dei magiske orda om at «verden endrer seg», at klimaendringar krev større kollektivt medvit, for konsernet har «vyer og ambisjoner for fremtiden».
Så lanserte han det nye namnet, Vy, og viste fram den nye logoen: eit bylgjande Vy.
Vy, opphavleg frå fransk voir, er eit norsk godt ord med tydinga «utsyn» og «oversyn», sa Isaksen, for det nye NSB vil ha «utsyn mot den nye kollektive reisen». Sist i pressekonferansen viste han fram eit nytt tog og ein buss – med litt miljøvenleg grønt på framenden av fartøyet, men elles inkjeseiande grått.
Alt dette er tull og vås. Vi tek punkta eitt for eitt.
Tullenorsk
Vy er ikkje godt norsk, det er feil norsk. På moderne norsk heiter det berre vyar, ikkje vy. I Norsk Ordbok står det om vy: «i nyare mål i pl.», ordet finst altså berre i pluralis. Men dessverre opererer andre ordbøker med automatisk genererte ordformer. Vy dukkar difor opp som eintal, slik arvar dukkar opp som fleirtal. Nyleg skreiv ein journalist «verdsarvane» på nrk.no – det skurrar på norsk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.