Det året då Kina steig fram
I 2018 blei fleire sanningar skotne ned. Ei av dei handla om Kinas integrasjon i den liberale verdsordninga.
I heile perioden mellom 1979 og 2010 vaks den kinesiske økonomien med om lag 10 prosent i året. I mesteparten av den same tidsbolken spela Kina knapt noka som helst rolle på den internasjonale arenaen. Deng Xiaoping, far til det nye Kina, sette ord på denne strategien: «Skjul styrken. Vent på at tida skal koma.»
I dei same tiåra då Kina hadde den mest spektakulære voksteren, dominerte utviklingsoptimismen i Vesten. Den som best sette ord på dette, var Francis Fukuyama, som i 1992 publiserte boka The End of History and the Last Man. Det var ikkje utsikt til at nokon ville utfordra det liberale demokratiet innanfor nokon som helst tidshorisont, hevda Fukuyama.
Økonomisk stormakt
Tesen til Fukuyama (som han sjølv etter kvart gjekk bort frå) trefte tidsånda og blei omfamna av dei politiske elitane i Vesten. Den kinesiske voksteren blei helsa velkomen. Kina blir ei økonomisk supermakt, men kjem ikkje til å setja økonomisk makt om til politisk og militær makt, var den politisk korrekte formelen.
I året som me snart har lagt bak oss, gjeld ikkje lenger denne sanninga. Me ser no eit pågåande oppgjer med Kina som handlar om mykje meir enn tollsatsar. Det kraftigaste signalet var ein tale som den amerikanske visepresidenten Mike Pence heldt i Hudson Institute i Washington DC i byrjinga av oktober. Talen gjekk under radaren til dei fleste norske nyhendemedium, men var særs dramatisk: Kina har gjennom urettvise handelsvilkår bygd opp ein enorm økonomisk styrke. Landet freistar å skaffa seg kontroll over mesteparten av dei avanserte industrisektorane i verda og er i ferd med å byggja opp eit militærapparat som tek sikte på å skyva USA ut frå det austlege Stillehavet. Målet er å dominere Sør- og Aust-Asia, verdas mest dynamiske region. Når Kina har fullført den militære oppbygginga kring 2025, vil USAs allierte i regionen hamna bak dei kinesiske forsvarslinene, hevda Pence.
«Mens den kinesiske leiaren Xi Jinping så seint som i 2015 stod i rosehagen i Det kvite huset og fortalde verda at Kina ikkje hadde planar om å militarisera Sør-Kina-havet, er det akkurat det som skjer», la han til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.