Det året då Kina steig fram
I 2018 blei fleire sanningar skotne ned. Ei av dei handla om Kinas integrasjon i den liberale verdsordninga.
I heile perioden mellom 1979 og 2010 vaks den kinesiske økonomien med om lag 10 prosent i året. I mesteparten av den same tidsbolken spela Kina knapt noka som helst rolle på den internasjonale arenaen. Deng Xiaoping, far til det nye Kina, sette ord på denne strategien: «Skjul styrken. Vent på at tida skal koma.»
I dei same tiåra då Kina hadde den mest spektakulære voksteren, dominerte utviklingsoptimismen i Vesten. Den som best sette ord på dette, var Francis Fukuyama, som i 1992 publiserte boka The End of History and the Last Man. Det var ikkje utsikt til at nokon ville utfordra det liberale demokratiet innanfor nokon som helst tidshorisont, hevda Fukuyama.
Økonomisk stormakt
Tesen til Fukuyama (som han sjølv etter kvart gjekk bort frå) trefte tidsånda og blei omfamna av dei politiske elitane i Vesten. Den kinesiske voksteren blei helsa velkomen. Kina blir ei økonomisk supermakt, men kjem ikkje til å setja økonomisk makt om til politisk og militær makt, var den politisk korrekte formelen.
I året som me snart har lagt bak oss, gjeld ikkje lenger denne sanninga. Me ser no eit pågåande oppgjer med Kina som handlar om mykje meir enn tollsatsar. Det kraftigaste signalet var ein tale som den amerikanske visepresidenten Mike Pence heldt i Hudson Institute i Washington DC i byrjinga av oktober. Talen gjekk under radaren til dei fleste norske nyhendemedium, men var særs dramatisk: Kina har gjennom urettvise handelsvilkår bygd opp ein enorm økonomisk styrke. Landet freistar å skaffa seg kontroll over mesteparten av dei avanserte industrisektorane i verda og er i ferd med å byggja opp eit militærapparat som tek sikte på å skyva USA ut frå det austlege Stillehavet. Målet er å dominere Sør- og Aust-Asia, verdas mest dynamiske region. Når Kina har fullført den militære oppbygginga kring 2025, vil USAs allierte i regionen hamna bak dei kinesiske forsvarslinene, hevda Pence.
«Mens den kinesiske leiaren Xi Jinping så seint som i 2015 stod i rosehagen i Det kvite huset og fortalde verda at Kina ikkje hadde planar om å militarisera Sør-Kina-havet, er det akkurat det som skjer», la han til.
Ikkje på alvor?
No er det mange som ikkje tek Trump-administrasjonen – medrekna visepresident Pence – heilt på alvor. For dei kan det løna seg å lesa gjennom Foreign Affairs, det tidsskriftet i verda med størst politisk innverknad. Den siste utgåva er vigd nettopp til Kina og dei endra internasjonale makttilhøva. Ein av artiklane heiter typisk nok «Den skjulte supermakta – korleis Kina dekte til dei globale ambisjonane».
At den politiske eliten i USA – og dette gjeld både republikanarar og demokratar – har definert Kina som den nye store geopolitiske motstandaren, kjem til å dominera mykje av den politiske dagsordenen i 2019 og i tida som kjem. USA blir dei neste åra oppteken av rivaliseringa med Kina og vil ta mindre omsyn til gamle allierte. Korleis Europa finn plassen sin i dette endra landskapet, blir noko av det mest spennande i åra som kjem. Det me har sett i året 2018, er at prosjektet med å byggja opp eit einskapleg, sterkt Europa som talar med éi stemme, er kome i hardt vêr. Med brexit vil den sterkaste militærmakta og den nest sterkaste økonomiske makta gå ut av unionen. Visjonen om eit samla Europa står ved dette årsskiftet svakare enn på mange tiår.
Rest-EU, med Tyskland og Frankrike i spissen, blir nøydd til å gjere nokre vanskelege val. Éin utveg er å prøva å styrkja unionen og innføra ein felles finanspolitikk for å redda euroen. Alternativet er å renasjonalisera EU, på sikt byggja ned euroen, og at kvart einskilt land igjen knyter seg sterkare til USA. Problemet er at den politiske leiarskapen i dei to viktigaste landa i unionen er blitt svekt gjennom 2018. Den økonomiske voksteren har vore svak samtidig som det skjer ei polarisering der ikkje minst middelklassa kjenner på seg at limet som heldt samfunnet saman, er blitt veikare. I ei verd der militærmakt igjen er blitt viktig, har dei europeiske leiarane halde fram med å opptre som om dei lever i tida like etter at Berlinmuren fall. Resultatet er at uroa ute i det ein kan kalla folkedjupet, som me ser i Frankrike, blir større, samstundes som Europa blir meir handlingslamma.
Russland og Noreg
Midt mellom eit stadig meir tvilande Europa og eit stadig sterkare Kina finn me Russland. President Vladimir Putin har dei tre–fire siste åra staka ut ein kurs der han står fram som ein alliert av Kina, Iran og andre antivestlege land. I november gjekk russiske stridskrefter til åtak på ukrainske marinefarty i Svartehavet, og Putin markerte at han ikkje har tenkt å trappa ned konflikten med nabolandet. I 2018 har USA vore oppteken av russisk innblanding i amerikansk politikk, men elles ikkje ofra så mykje tankekraft på Moskva. Europa har på si side til gode å finna ut om ein skal gjera noko med den russisk-ukrainske konflikten eller berre la han halda fram som no.
Noreg blir i heile dette perspektivet ein liten aktør. I motsetnad til fleire andre europeiske land har me i året som er gått, unngått ei for sterk politisk polarisering, kombinert med at nasjonaløkonomien er solid heilt til botnen. Men om konflikten mellom USA og Kina blir trappa opp, EU-landa blir meir opptekne av sine eigne problem og Russland held fram med å nytta militærmakt mot Ukraina, kan det fort bli mindre triveleg også her nord.
Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Me ser no eit pågåande oppgjer med Kina som handlar om mykje meir enn tollsatsar.
Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»