Den som gret fyrst
I dag er det harde tider for dei knallharde meldarane. Krenkte kunstnarar svarar no med endå meir krenkjande skuldingar, blanda med tårer og høge sjåartal.
Diktarkritikar Georg Johannesen.
Foto: Sverre A. Børretzen / NTB
Dagbladet-meldaren Anders Grønneberg har nyleg gjeve terningkast 1 til nokre MGP-songar, i lag med negative utsegner om songar og artistar. Han skriv i tradisjonen frå musikkmagasina i 1980-åra, då meldarane overgjekk kvarandre i vondsinna formuleringar om musikk dei ikkje likte.
«Invektivenes vellyst»
Tradisjonen er gamal. Som unge forfattarar sat me kring kaféborda og siterte høgt frå dei mest perfide bokslakta til omsynslause diktarkritikarar som Aksel Sandemose, Alf Larsen og Georg Johannesen. Dei verbale åtaka var så elegant formulerte at slaktofferet, ein forfattarkollega, krympa seg i skam, medan lesaren kjende skadefryd og meldaren fryda seg.
«Invektivenes vellyst» kalla me det. Trond Berg Eriksen nytta uttrykket så seint som i 2000. «Invektivenes og insinuasjonenes vellyst er beklageligvis en del av skrivegleden», skreiv han, og oppmoda meiningsmotstandarane til «å komme seg ut av klynkestuen».
Det var ikkje god tone å klynka i ålmenta. Laut ein gråta, gret ein privat og hjå psykologen. Å syna seg såra var ei større skam enn meldinga.
Klemz-generasjonen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.